txt.no

Du er her: Anne Bjørkedal

Anne Bjørkedal: Smarte hjarte

E-post Skriv ut PDF

bjørkedal
Dersom eg hadde noko å seie, ville eg med ein gong lage ei kort, konsis og ganske presis setning. Så var det sagt, liksom. Av og til seier eg til meg sjølv, at no er du avslørt, Anne Bjørkedal. Du har jo ingen ting på hjartet. Der bur ein liten gutunge inne i meg som tyt og kvernar berre for å høyre si eiga stemme. Han er grusom, eg kallar han Hans i dag, men eg likar å gje han nye namn, for å skjule at han er den same. Eg prøver å la han snakke som ti forskjellige menn i det eg skriv, og ti til.

Det er viktig å ha ting på hjartet. Eg hadde eingong bodskapar og samanhangar i hjartet, eg og. No er det berre Hans som hugsar dei tinga, og dei er så uvesentlege at eg skjemmest av han. Mest prøvde han å dra meg fram i lyset og seie sjå denne Anne Bjørkedal, kor vakker ho er, eller sjå denne Anne Bjørkedal, kor flink ho er. Det er pinlig og det er patetisk. Og det verste av alt er at han er så forbanna ærleg.

Eg sjølv har ikkje eingong tankar i denne blodfylte muskelen, og alt eg skriv vert kjølig og ironisk, det er Hans eller ein av dei andre som snakkar for meg, det er fordi eg er jente. Og jenter treng ein Hans eller ein Jens til å snakke for seg, eller i alle fall ein Frans til å stele språket frå. Vi etterapar dei, og for å kome fram med våre sårbare jenteting, gjer vi dei om til smågutar medan vi skriv. Slik er det å vere jenteforfattar. Eg har absolutt ingen ting på tapetet lenger (som vi har lært oss å kalle pumpa), men av og til får Hans eitkvart føre seg, då kan eg sitje og trykkje på tangentane på datamaskinen og leggje inn ei og anna ironisk bemerkning som han ikkje legg merke til, men som eg veit at lesarane mine vil kjenne att. Det er ganske greitt å ha ryggen fri i så måte, ingen tek det eg skriv for god fisk så lenge dei forstår at eg skriv for einkvan annan.

Sjølvsagt finst det dei som skriv sårbare jenteting, eg kan ikkje seie at eg likar dei bertene noko særleg, og det finst ærlege gutar på 25 eller 22 år som også skriv ærlege jenteting, eg trivest ikkje med dei heller.

Eg likar at der er ei stemme som ler av det den forrige just skreiv. Eg likar at dei er med, både Hans og Jens og Ucreban Vactor og Mariette Sommer (som er ein mann eg har konstruert, ein tøffing skjult bak eit altfor kvinneleg damenamn).

Eg likar ikkje å skrive om tomheit og einsemd. Eg veit at slikt finst, men ser inga meining i å utforske denne delen, eg likar å utforske overflata, liksom, det forskjellige menneske ser av andre menneske. Det er nok å ta av berre der. Dei djupe spørsmåla er det best å la liggje, særleg for ei som ikkje har anna i hjartet enn at det er fullt av små menn med norske og utanlandske namn.

Eg er ikkje interessert i å beskrive menneske eller gjenstandar i seg sjølv, men eg dyrkar dei små mennene i hjarta mitt sitt språk i det dei skildrar den same gjenstanden eller den same personen. På denne måten oppstår personar i det eg skriv om, det er berre å la Hans og Jens skildre den same personen, og eg trur at det er språket og ikkje gjenstanden i seg sjølv som er interessant. Av same grunn tenkjer eg på lesarane mine, og eg prøver å lage ein mest mulig open tekst, og eg frydar meg over å tenkje at her forstår Hans meg, medan Jens er med meg frå slutten av linja og eit godt stykkke inn i det neste avsnittet dersom vi er heldige. På denne måten vert mine lesarar dei som dikterer mine bøker liksom, eg skriv setningar som dei vil eg skal skrive, og eg sit her som ein Gud og diktar opp forfattarar og lesarar og let dei kome til orde som ein ordstyrar og har det ganske greitt, om her berre ikkje var så mange vidunderlege synspunkt og samanhangar å halde styr på.

Dei små mennene inne i magen min og dei som bur oppe i hjarteregionen, har teke til å samtale med kvarandre, stiller spørsmål til kvarandre utan å vente svar, og snakkar ut i lufta, for betre venner er dei ikkje, men eg trur kanskje dei treng kvarandre, eller utfyller kvarandre, kunne du seie. Eg tek til å tenkje på at den som høyrer stemmer er gal, og er med andre ord galen i det eg skriv, det skulle ikkje forundre meg det minste, og faktisk trur eg ein må gjere seg szico for å kunne skrive godt, opne opp for allt tankar samstidig, prøve å dyrke fram stemmer. Kanskje er det det som er poesi eller kunst, eller kall det kva du vil for meg, eg let ikkje kjenslene ta over skrifta sine skildringar av kjensler, for eit par av dei smågutane som bur i meg har skrive at dei ikkje liker ordet poesi, medan andre skamlaust les lyriske dikt, og eg veit snart ikkje kva eg skal tenkje.

Men det han som bestemmer mest om kva som skal stå på papiret (Hans sjølvsagt, den fornuftige av dei tjue alvane), ville ha sagt før dei andre tok til å snakke i munnen på han, var at poesien er eit blikk inn i kaos og ei hand, kjappare enn lyset, som er snar til å dekkje for utsikta/innsikta. Det blir dermed for travelt å vere poet på heiltid, og vi takkar og bukkar for prosaen, som kan varme hendene på elden, og skildre lyset og varmen frå bålet eller liknande, kunne no denne Hans berre vere så snill å teie einaugneblink, han forstyrrar oss når vi prøver å få ein samanhang i det vi skulle seie. Kanskje kunne vi
forstå poesien, fekk vi berre litt fred og ro. Går det verkeleg an å mase meir? Av og til skulle vi tru han aldri fekk nok oppmerksomheit på denne Anne Bjørkedal sine vegne.

For dersom eg hadde noko å seie, ville eg med ein gong lage ei kort, konsis og ganske presis setning. Så var det sagt, liksom. Eg sa jo det, gjorde eg ikkje? Av og til seier eg til meg sjølv, at no er du avslørt, Anne Bjørkedal. Du har jo ingen ting på hjartet.

Ingen jenter har noko på hjartet, anna enn bryst på utsida og tårer på innsida. Vi orsakar at vi er til, samstundes som vi målar oss i friske fargar og ber Hans rope ut kor vakre vi er, og blyge ser vi sjølve ned i sanden. Slik er det å vere jenteforfattar, og eg trur det er eit like bra utgangspunkt som alle andre. Det viktigaste er jo å la dei andre kome til orde, både fiktive og verkelege medforfattarar (Den verkelege medforfattaren er sjølvsagt lesaren, men også Anne Bjørkedal som les det som Hans nettopp har skrive, og rister på hovudet og klukkar fram at der avslørte du deg verkeleg, min kjære Hans eller Frans. Du har faen meg ikkje mykje på hjartet, du heller, og det har eg trenkt å skrive rett ut til han stakkaren som les).