txt.no

Du er her: Odveig Klyve

Odveig Klyve: Om å susa gjennom rommet

E-post Skriv ut PDF

odveig
Då eg var liten drøymde eg ofte at eg kunne fly. Eg kan hugsa den måten det kilte i magen på og vinden som bles mot andletet.

Og eg kan enno hugsa korleis landskapet såg ut 50 meter oppe i lufta. Så flott er fantasien vår. Dei fleste av oss kan førestella oss ting som me ikkje direkte har opplevd, og me kan leva oss inn i andre menneske sine kjensler ved hjelp av andre røynsler som me kombinerer.

Verda som omgjev oss er større og meir fantastisk enn me heilt fattar. Samtidig er dette noko som me i glimt kan oppdaga kvar dag, kvar og ein av oss. Stjernehimmelen er eit uttrykk for det.

I glimt kan me gripa deler av røyndomen, men aldri heile, alltid berre brotstykke.

I språket har me prøvd å setja namn på det me opplever. Me har prøvd å finna felles namn på ting og kjensler for å kunna dela opplevingar med kvarandre. Men slik som det alltid berre er ein liten del av stjernehimmelen me ser, slik er språket berre i stand til å setja namn på ein liten del av det me opplever .

Det å skriva, både dikt og historiar, kan vera ein freistnad på å få tak i litt meir av det som finst i rommet mellom kvardagsorda og det stumme.For ei stund sidan formulerte eg nokre tankar om det å vera forfattar på denne måten:

Å skriva er for meg som å senda papirfly, ei rørsle ut mellom det moglege og det umoglege, ein protest mot tyngdekrafta. Eg kan leika med tanke og uttrykk, med størrelse, tid, og rytme. Eg kan forma ord til ein Gud som ikkje let seg fanga i språket. Eg kan senda dei ut i det store rommet og møta regndropar, englar og rakettar.

Slik blir det å skriva framleis ein måte å fly på. Og det å lesa, mange ulike bøker, kan bli fine flyturar for oss alle.