KONKURRANSAR

Vi er klare for nye konkurranser i  tXt-aksjonen Monster. Elevane kan sjølv bestemme om dei vil delta i ein eller fleire av konkurransane. Alle bidrag er med i trekninga av ein bokpakke!

Vinnarane av dei første konkurransane finn du her for skrivekonkurransen og her for fotokonkurransen.

Skrivekonkurranse:

Jag är Supermann:

Jag är Supermann er ei novellesamling der historiane heng saman. I novella som er med i tXt Monster møter vi Aya som saman med familien har flykta frå Syria til Sunndalsøra.

Skriv ein historie der du fortel om Ayas reise frå Aleppo i Syria til Sunndalsøra i Noreg.

– Korleis trur du reisa til Aya har vore?
– Korleis var det der ho reiste ifrå?
– Kva skjedde på vegen til Noreg?
– Kva var det som møtte Aya då ho kom til Sunndalsøra?

Send teksten til ole@foreningenles.no med namn, skule og adresse.

De døde ser deg:

I De døde ser deg møter vi Liv. Ho er 16 år og kan mane fram døde.

Skriv ein historie der du er superhelten og må redde verda.

– Kven er du? Namn, alder, bosted?
– Kva slags eigenskapar har du?
– Kven er fiendane dine?
– Kva har skjedd og kvifor må akkurat du redde verda?

Send teksten til ole@foreningenles.no med namn, skule og adresse.

Frist 24. november

Fotokonkurranse:

Finn ei spesiell setning frå eit av utdraga i antologien Monster. Det kan vere ei setning du likar spesielt godt eller ei du ikkje likar i det heile tatt. Det kan vere ei setning som får deg til å tenke på noko, som gjer deg ei spesiell kjensle, som du ler av, gråter av, blir sint av. Ei setning som er spennande, kjip, skummel etc.

Ta bilete av setninga frå antologien eller skriv ho på skjerm eller papir og ta bilete. Legg bilete på Instagram under #txtmonster og med # og boktittel setninga er henta i frå. Du kan også sende setninga til ole@foreningenles.no

Frist 10. november.

Tilleggskonkurranse:

BLI ÅRETS BOKMELDAR OG VINN ALLE BØKENE I TXT MONSTER TIL KLASSA DI

Kvar haust skriv ungdomsskuleelevar bokmeldingar av nye norske ungdomsbøker. Bokmeldingane blir publisert på uprisen.no og er med på å avgjere kva slags fem bøker som blir nominert til Uprisen – årets ungdomsbok. Vi kårar også Årets bokmeldar. Vedkommande som blir Årets bokmeldar får ein iPad.

Men vedkommande vinnar også til klassa si samlege bøker som er med i tXt Monster. Du kan dermed vinne 13 bøker som du og medelevane dine kan ha i klasserommet. Sjå her døme på ungdom som har skrive bokmeldingar på uprisen.no.

Gå inn på uprisen.no. Under overskrifta Ny kåring i gang: Årets bøker kan anmeldes nå ligg dei nye bøkene du kan skrive bokmeldingar av. Fleire kjem etter kvart.

Trykk på boka du har lese og vil meine noko om. Fyll inn detaljer, di bokmelding og trykk publiser. Di stemme er viktig!

Tips til å skrive bokmelding finn du her.

Bokmeldarbasen stenger 15. desember.

Ta kontakt med ole@foreningenles.no om du lurar på noko.