Om tXt-aksjonen

tXt blei etablert i 1997 og er Noregs eldste og største leselystaksjon. Årleg deltek over 120 000 ungdomsskuleelevar i aksjonen. Alle påmelde får til skolestart ein antologi med utdrag frå nyare norske og omsette ungdomsbøker innan ulike sjangrar.

Tekstutdraga frå årets tXt-antologi, Opprør!, finn du også på denne nettsida saman med lydfiler, bonusspor, lærarrettleiing og konkurransar.

I Opprør! er det noko for alle. Vi håper du vil finne den litteraturen som gjør inntrykk på deg og som gir deg lyst til å lese meir. Du finn bøkene på skule- eller folkebiblioteket.

Lurar du på noko? Ta kontakt med ole@foreningenles.no

Logo opprør