Opplegg til 1000 dagar

FØR:

1. Påstandsark
Individuelt arbeid

Del ut ark med påstandar til diskusjon (sjå ev. ark til utdeling her)

Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor.

Påstandar:

– Alle endrar seg når dei begynner på ungdomsskulen
– Gode vener merker alltid når det er noko som plagar bestisen
– Katter som parer seg er et ikkje-tema
– Ein burde lære meir i skulen om korleis ein er vener
– Å vere glad i nokon er noko anna enn å vere forelska i nokon
– Kjærastar må gjere ekle ting i lag
– Vener treng iblant en pause frå kvarandre
– Ein treng berre ein besteven

Etter det individuelle arbeidet kan elevane eventuelt få diskutere meininga i små grupper på fire elever for å førebu klassesamtalen i punktet under.

2. Påstandar i heil klasse
Klassesamtale

Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngjev synspunkta sine.

UNDERVEGS:

– Finn og marker dei stadane i utdraget der påstandane dukkar opp.
Legg òg merke til om det blir gitt ei grunngiving i teksten.

– Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

ETTER:

1. Samtale om påstandar etter lesing
Klassesamtale

Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining.
Be elevane dele tankane sine.

– Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

2. Samtale om utdraget
Klassesamtale

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

Vi tilrår at litterære samtaler tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gitt på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

Begynn gjerne med spørsmål som:
– Kva handla dette om? eller
– Kva skjedde her?

Dersom elevsvara blir følgt opp på en oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrt og teke på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kvifor kan ikkje Johanna og Georg vere venar?
– Kvifor trur dokker at Johanna er så oppteke av kva Sarah meiner?
– Er det klokt å endre seg når ein begynner på ungdomsskulen? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva trur dokker Johanna eigentleg synest om Georg? Grunngi svaret.
– Kvifor trur dokker det er så vanskeleg for Johanna å seie ifrå?
– Kva meiner Georg om Johanna?
– Kva hadde dokker gjort om dokker hadde vore i same situasjon?
– Kva slags andre løysingar ser dokker for dokker?
– Korleis trur dokker dei skal dei klare å gå i same klasse utan å vere venar?
– Kva trur dokker skjer vidare i forteljinga?

Skriveoppgåver:

1. Skriv scenen slik Georg opplever ho

2. Skriv ei bokmelding.
Boka har fått fleire meldingar på Uprisen av elevar i ungdomsskulen.
Les nokre meldingar her.
Les deretter boka og skriv di eiga bokmelding.
Du finn tips til korleis skrive meldinga på uprisen.no

Aktuelle kompetansemål:

– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger

– samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering

– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon

– planlegge, utforme og bearbeide egne tekster manuelt og digitalt, og vurdere dem underveis i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst.