Opplegg til Amuletten bok 1: Steinvokteren

Amuletten bok 1: Steinvokteren

 

FØR:

Utdraget frå Amuletten bok 1: Steinvokteren er eit døme på ein teikneserie/grafisk roman som deltek i fantasy-sjangeren.

Lesinga av utdraget kan derfor førebus gjennom å snakke om teikneseriar og/eller om fantasy-sjangeren (sjå høvesvis punkt 1 og 2 under). Dersom du har lese og likt teksten, er det òg ein mogelegheit at du innleier arbeidet gjennom å fortelje om leseopplevinga di. Det kan òg vere lurt å la elevane lese ingressen til utdraget.

1. Å lese teikneseriar/grafiske romanar

Klassesamtale

Snakk om kva slags forventningar elevane har til utdrag frå ein teikneserie/grafisk roman.

– Er det nokon elever i klassa som les teikneseriar/grafiske romanar?

– Kva slags seriar les de? (Viss du veit om elevar som er godt kjende med teikneserie-sjangeren kan det vere ein god idé å be dei om å ta med hefte eller bøker som dei anbefaler. Alternativt kan du låne ulike døme på teikneseriar og teikneserieromanar og la dei sirkulere i klasserommet slik at elevane får sjå på ulike stilar.)

– Kva er bra med slike tekster?

– Kan dei noko som anna litteratur ikkje kan? Kvifor/kvifor ikkje?

– Se kjapt på teiknestilen som er brukt i Amuletten – er det nokon som kjenner liknande seriar?

 

2. Fantasy

 Klassesamtale eller elevpresentasjon.

Ein sjanger som står sterkt i omsett ungdomslitteratur, men etter kvart òg i den norske litteraturen, er fantasy.

Viss du som lærer veit at elevane dine er godt kjende med denne sjangeren allereie, kan du la ein eller fleire elever presentere den for resten av klassen eller gå rett på ein diskusjon:

– Kva slags fantasy-bøker eller -filmar kjenner de?

– Kva kjenneteiknar slike forteljingar?

Om ikkje elevane kjenner fantasy-sjangeren så godt, kan dei få i oppdrag å bruke ulike kjelder og finne ut meir som førebuing til lesinga av utdraget frå Amuletten 1. Bruk til dømes læreboka eller følgjande lenker:

http://snl.no/fantasy

http://www.flekkefjord.vgs.no/bibliotek/litteraere-sjangerkjennetegn/fantasy/

http://ubok.no/blogg/superbrukernes-topp-10-fantasyb%C3%B8ker

 

UNDERVEGS:

Mens dei les, ser elevane etter:

– Noko som skil verda i boka frå verda som vi lever i

– Noko dei legg merke til i måten utdraget er teikna på

– Noko dei synest er overraskande, verkar rart eller ulogisk

– Noko som vekker kjensler

 

ETTER:

Diskusjon i heil klasse.

Klassesamtale

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevinga sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere og til å følge opp elevenes svar. I tillegg kan følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva er ein amulett?

– Kva slags rolle spiller den i denne teksten? Er den ein hjelpar eller ein motstandar?

– Kva slags inntrykk får de av Emily, Navin og moren deira?

– Korleis snakkar dei til dømes med kvarandre, og kven tek ansvar?

– Korleis møter utdraget dei forventningane dei har til ein teikneserie?

– Korleis vil de samanlikne denne med andre teikneseriar de har lest?

– Er det noko som de synest er spesielt for denne teikneserien?

– Korleis spiller tekst og bilete saman i dette utdraget?

– Kva betyr det for korleis de les og for leseopplevinga dykkar?

– Kan ein legge på tekst på bileta som ikkje har det? Vil det endre inntrykket?

– Kva ville de ev. skrive i bileta utan tekst?

– Kva synest de om teiknestilen?

– Kva trur de har skjedd med moren?

– Kva skjer med barna?

– Kva trur de skjer vidare?

De kan sjølvsagt òg velje å snakke om fantasy-sjangeren og å diskutere i kva slags grad ein kan si at Amuletten er eit døme på denne sjangeren. Kva slags sjangertrekk nyttar utdraget seg av?

 

Ekstraoppgåver:

A. Kva skjer vidare?

Kommer Emily og Navin seg fri frå det blekksprut-liknande dyret? Klarer dei å redde moren?

Kjem dei seg tilbake til huset?

Du kan velje å skrive resten av historia eller å fortsette fortellinga som ein teikneserie/grafisk roman. Tips til korleis ein kan lage ein teikneserie finn du bl.a. her.

B. Skriv bokmelding og publiser på Uprisen oversatt.

Skriv ei bokmelding av Amuletten bok 1: Steinvokteren. Meldinga kan deles med andre ungdommar på Uprisen oversatt. Her finnest det òg ein rettleiing 0med tips til å skrive bokmelding.

 

Forslag til kompetansemål:

– beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte tekster, og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder
– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon

– planlegge, utforme og bearbeide egne tekster manuelt og digitalt, og vurdere dem underveis i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst
– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger