Opplegg til Fangarmer

FØR:

1. Fangarmer og The Call of Cthulhu
Klassesamtale.

Handlinga i Fangarmer tek utgangspunkt i ei forteljing frå 1928, The Call of Cthulhu. Denne klassiske grøssar-forteljinga har ei kult-aktig status og har blitt brukt som inspirasjon til fleire bøker, musikk, film og data-spill opp igjennom tida.
– Har de høyrt om denne forteljinga?
Dersom det er elever som kjenner til historia, kan dei si litt om kva dei veit.
Alternativt kan ein la elevane sjå på dei lenkene som ligg i bonussporet som førebuing til det vidare opplegget.

Ifølge Tore Aurstad, som har skrive Fangarmer, er denne boka «nesten» fanfiction.
– Veit de kva fanfiction er?
De finn definisjonar av omgrepet her og her og Tore Aurstad skriv litt om det her.
– Kjenner de til andre døme på fanfiction?

2. Grøss
Gruppearbeid.

Sjangerlogoen til utdraget frå Fangarmer viser grøss.

Del inn elevane i grupper og la dei diskutere:
a. Kva forventar de når de høyrer ordet grøss?
b. Kva får de til å grøsse?
c. Finst det forskjellige slags grøss? Forklar.
d. Kva slags andre grøssar-bøker og -filmar veit elevane om?.
e. Kva må vere med i ein god grøsser? Skriv ned stikkord.
Les ev. meir om grøss her https://senjavgsbiblioteket.wordpress.com/litteraere-emner-g-l/spokelseshistorier-og-grossere/
f. Forfattaren av The Call of Cthulhu, H. P. Lovecraft har sagt at: “Den eldste og sterkeste følelsen menneskeheten kjenner til er frykt, og den eldste og sterkeste formen for frykt er frykten for det ukjente.”
– Kva tenkjer de om dette sitatet?

3. Oppsamling i heil klasse
Klassesamtale.

Be gruppene fortelje kva dei har kome fram til.
Del inn dei forskjellige slags grøss i grupper ut ifrå svara til elevane. Det er òg mogleg å samanlikne med denne tredelinga, henta frå ein artikkel av Ann Sylvi Larsen i Norsklæraren:

a) den eventyrlege skrekkfortellinga
b) fortellingar om det ukjende – den psykologiske skrekken
c) psykopatfortellingar

Prøv til slutt å avgjere kva slags grøss Fangarmer kan vere ut ifrå framsida og ingressen.

Om du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, er det ein god idé å lese ingressen med elevane. Det kan dessutan vere lurt å presisere at det er Amund som er eg-forteljaren og å førebu lesinga ved å snakke om nokre av orda i teksten, til dømes: obelisk, transe, oppskjørta, kraker, drauger, silhuett.
Vis til slutt elevane kor på kartet dei finn Sørishavet.


UNDERVEGS:

Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

– Avsnitt som er spennande eller skumle.
– Setningar og formuleringar dei liker/ikkje liker.


ETTER:

1. Gruppearbeid

La elevane sitte i mindre grupper og ha ein samtale med utgangspunkt i følgjande spørsmål:

– Er de einige om kva for avsnitt som er mest spennande?
– Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
– Kva for setningar/formuleringar har de valt å framheve? Kvifor?

Dei kan òg snakke om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

2. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva synest de om Gustaf?
– Kva slags skrekkelege opplevingar skjedde med han?
– Kva slags relasjon trur de han har til Elise og Amund?
– Kvifor kjem han til Oslo?
– Kva slags samanheng trur de det kan vere mellom Gustafs heimkomst og Elises mareritt?
– Kvifor er det så viktig å kvitte seg med skrinet?
– Kvifor vel Amund å ikkje kaste det?
– Korleis vil de forklare det som skjer?
– Kva trur de skjer vidare?
– Synest de at utdraget er spennande? Skummelt? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva er det ev. ved utdraget som gjer at de grøssar?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend att til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Fangarmer er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til de forventingane de hadde før lesinga.

– Trur de at fleire av desse forventingane møtes seinare i boka?

Som nemnt under før-lesinga bygger Fangarmer på H. P. Lovecraft sin grøssarforteljing, The Call of Cthulhu frå 1928.

– Kvifor trur de at forfattaren bruker denne forteljinga som utgangspunkt?
– Kva kan tittelen bety i så måte?

Cinder av Marissa Meyer er ei anna bok i årets tXt-antologi som bygger på ei kjent forteljing.
Les utdraget frå Cinder og samanlikn med utdraget frå Fangarmer.
– Korleis tek dei to utdraga i bruk ei kjent historie?
– Kva slags likskapar og skilnader ser de i bruken av ei kjent bok?

3. Vurdering og avstemming
Klassesamtale.

Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassa med tanke på å komme frem til ei felles vurdering:

– Likar de utdraget frå Fangarmer?
– Kvifor/kvifor ikkje?

Boka blei nominer til Uprisen.
– Kvifor trur du den blei det?

Les bokmeldingar her http://uprisen.no/tekst/fangarmer/
– Er de einige/ueinige i meldingane?
– Kva er det dei som likar/ikkje likar boka trekkjer fram?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege, og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane deira og de meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei.

Avslutt gjerne med å stemme over utdraget på txt.no og/eller legg inn meiningane deira om teksten. Vi set òg veldig stor pris på om du som lærer ønskjer å vurdere korleis utdraget fungerte som del av litteraturundervisninga – om det bidrog til å skape engasjement for lesing blant elevane dine osv.

Skriveoppgåver:

a. Lag en boktrailer.
Lag ein boktrailer der du/de presenterer Fangarmer.
Her er lenke til ei video-rettleiinga som forklarer korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailer på ein enkel og oversiktleg måte. Samstundes tek rettleiinga opp viktige spørsmål om digital opphavsrett m.m. Det kan òg vere lurt å sjå desse boktrailerane frå grøssaren Glimt av Tor Arve Røssland som døme før du lager din eigen.

https://www.youtube.com/watch?v=bEi7XRP_GsA
https://www.youtube.com/watch?v=N-khN49Fj7I
https://www.youtube.com/watch?v=WhOCrTXCFnA

b. Lag ein grøss.
Skriv ein grøss eller lag ein skrekkfilm basert på utdraget i Fangarmer eller ei anna grøssarhistorie du veit om. Sjå tips her: http://www.nrk.no/programmer/tv/etter_skoletid/bok/2195398.html
c. Lag ei teikning av ein havdemon eller eit merkeleg vesen.
d. Høyr på lydfila som følger med utdraget. Be deretter elevane skrive eller fortelje munnleg om kva dei følte da dei lytta til det?
e. På kva slags måte kan Monster passe med dette utdraget? Kven eller kva er monsteret her?

 

Opplegget dekker følgende kompetansemål:

– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger
– samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering
– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon