Opplegg til Galderstjerna

FØR:

Galderstjerna er ein fantasyroman.
– Kva slags forventningar har de til ei fantasybok?
– Kva slags fantasybøker eller -filmar veit de om?
– Kvifor trur de at fantasybøker er populære blant ungdom?

Dataspelet «Reborn» har ei viktig rolle i boka.
– Kva slags erfaringar har de med dataspel?
– Er de kjent med andre bøker eller filmar som inneheld referansar til dataspel?
– I kva grad synest de at dataspel er eit aktuelt og relevant tema for ei ungdomsbok?

Sjå elevar lese opp juryens grunngjeving eller les meldingar av boka på uprisen.no.
– Kva legg Upris-ungdom vekt på i vurderinga av boka?
– Er de einige i at dette er viktige kriteriar?
– Kvifor trur de at Galderstjerna vert kåra til årets ungdomsbok?

Snakk om kva slags forventningar de har til teksten. Bruk ev. omslag og ingress som utgangspunkt for samtalen.

Snakk ev. om desse orda før de set i gong med lesinga: galder, skodde, opplet, stafur, obskur, kommersialisert, botnen, basar, helleristingar, galderstavar, hallusinerer, kvervlar, grov, svann, knottar, kalibrering, torevêret, augeblikk, hallisar.

UNDERVEGS:

Lesestopp.

Legg inn ein lesestopp nokre minutt uti lesinga, til dømes på s. 138 (etter «… på brystet mitt.»).

Skriv tankar og spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Her er nokre døme på spørsmål som kan brukast for å sette i gong elevane:
– Korleis kjem Eirik seg inn og ut av spelet?
– Kva slags likskapar og skilnader ser de mellom spelverda og den verkelege verda i utdraget? – Kvifor trur de at Eirik følgjer etter hauken?
– Kvifor dukkar det mystiske symbolet opp så mange stader?
– Kvifor reagerer Eirik slik han gjer når han ser symbolet?

Alternativt kan de bruke nokre minutt på å skrive kva de trur vil skje vidare.
Deretter kan elevane fortsette å lese resten av utdraget.

ETTER:

1. Spørsmål til teksten.

La elevane lage spørsmål til teksten og bruk dem i tre fasar: La først elevane tenke over spørsmåla, deretter diskutere dei i grupper på 2-4 elever før de til slutt delast i heil klasse. Bruk ev. disse spørsmåla som utgangspunkt:

– Kva tenker de om utdraget?
– Kvifor tenker de slik?
– Korleis trur de at symbolet har hamna på brystet til Eirik?
– Kva trur de har skjedd i løa?
– I kva grad kjenner de igjen elementa frå dataspelet (symbolbruk, utstyrsoversikt, hurtigmeny osv.)?
– Kva trur de skjer på slutten?
– Kva trur de kjem til å skje vidare?

Still opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – då opplever dei at leseopplevingane deira blir høyrt og teke på alvor.

Vend tilbake til diskusjonen om fantasy-sjangeren.
– Kva slags fantasy er utdraget frå Galderstjerna?
– Jamfør med andre tekster de har lese.

2. Vurdering
Heil klasse.

Avslutt med å vurdere teksten.
– Likte de utdraget frå Galderstjerna?
– Kvifor/kvifor ikkje?

Registrer meiningane deira på txt.no.

Skriveoppgåver.

Skriv et fiktivt intervju med forfattaren som vant Uprisen 2017. Sjå døme her.
b. Skriv vidare: Kva skjer med Eirik? Prøv å bruke same skrivestil som forfattaren.
c. Les meldingar på uprisen.no. Kva ville du skreve i ei melding av boka? Skriv fem linjer, til dømes: «Eg meiner boka fortente å vinne Uprisen 2017, fordi …» eller «Eg meiner at boka ikkje fortente å vinne Uprisen, fordi …»