Opplegg til Hest, hest, tiger, tiger

FØR:

Snakk om humor som sjanger og verkemiddel.

– Kva meiner de er humor?
– Har de lese andre humorbøker, sett humoristiske filmar etc.?
– Kvifor var desse bøkene/filmane morosame?
– Kva slags forventningar har de til ei humorbok?
– Kan de dele inn humor i ulike typar, ulike kategoriar? Fortel.
– Kvifor trur de forfattarar/regissørar tek i bruk humor? Er det til dømes som del av karakter- eller miljøskildringa, for å få frem ein bodskap, for å underhalde? Andre ting?
– Kva tenkjer de når de ser framsida til Hest, hest, tiger, tiger?
– Kva tenkjer de når de ser tittelen?
– Kva slags samanheng finn de mellom framsida og ingressen?
– Kva slags inntrykk får de av Honey når de les ingressen?
– Kvifor trur de at ho lyg?

 

UNDERVEGS:

Sitatlogg.

Be elevane velje ein eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan til dømes vere fordi setningane:

– er morosame.
– er vanskelege å forstå.
– beskriv noko rart.
– er godt skreve.

Etter at de har lese utdraget, kan de òg lytte til lydfila som finst på nettstaden, txt.no.

– Blir teksten meir morosam når de lyttar til den enn når de les sjølv? Kvifor/kvifor ikkje?
– Er det nokon som vil lese teksten høgt?
– Korleis opplever de det?

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk om ting de lurte på mens de las, slik at alle har ei førebels forståing av tekstens innhald.

2. Leseopplevinga mi
Individuelt arbeid.

La elevane formulere korleis dei opplevde teksten, gjerne med hjelp av dei faste uttrykka under. Døme: «Eg synest at … slutten på utdraget var god fordi det fekk meg til å lure på kva som skjer vidare og gav meg lyst til å lese meir.»

a. Då eg las, la eg merke til …
b. Eg synest at …
c. Eg likte godt då …
d. Eg blei irritert over …
e. Det gjorde inntrykk på meg at …
f. Viss eg var …
g. Eg blei skuffa over …
h. Eg blei overraska over …
i. Slutten var …

3. Del leseopplevinga
Gruppesamtale.

Elevane deler leseopplevinga si i grupper på fire-fem elevar. Dei kan òg snakke saman i gruppa om kva dei synest var bra og dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

4. Samtale om innhald og språk
Klassesamtale.

Etter at elevane har jobba individuelt med å formulere leseopplevinga si, kan dei snakke om utdraget i heil klasse.

For å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Begynn derfor gjerne med spørsmål som «kva handla dette om?» eller «kva skjedde her?», og la samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane. Då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Korleis opplever de Honey?
– Kva slags forhold har ho til søstera og mora si? Kva med faren?
– Kvifor trur de faren ser ut gjennom persiennene når det ringer på døra?
– Kva er det Honey lyg om?
– Kvifor trur de ho lyg? Jamfør gjerne med svaret frå før-lesinga
– Er det bestandig gale å lyge?
– Har elevane sjølv ei historie om då dei ein gong laug?
– Kva synest de om måten teksten er skrive på?
– Kan de finne nokre døme frå teksten som er morosame, som kunne vore annleis?
– Kvifor er døma morosame?
– Korleis ville de formulert seg?
– Kva synest de om slutten på utdraget?
– Kva hadde de sagt til «morfar» Marcel om det var de som hadde hamna i den situasjonen?
– Kva trur de skjer vidare?

5. Fleip eller fakta?
Gruppe- eller klasseoppgåve

6. Kahoot
Lag en Kahoot med fleip- eller faktaspørsmål.
Se veiledning her: https://www.youtube.com/watch?v=ES-OwthM5PY

7. Would I Lie to You?

Denne oppgåva kan elevane gjere i grupper eller samla i klassen. Alle elevane lagar to påstandar om seg sjølv, som dei skriv namnet sitt på. Den eine skal vere sann, den andre skal vere løgn. Til dømes (sann): «Då eg var yngre sykla eg over ei mus som døde. Deretter tok eg den med heim å la den i senga til mor mi». Og (løgn): «Då eg var liten hadde eg ein kosebamse som heite Bjørn».

Påstanden til den eleven som blir trekt ut blir så lese høgt av eleven sjølv til den andre gruppa eller heile klassa. Dei andre elevane skal så spørje ut denne personen om denne påstanden i løpet av cirka to minuttar, og så avgjere om den er sann eller løgn. Personen som blir spurt må prøve å få dei andre til å velje feil.

På BBC går et program som heiter «Would I Lie to You?» som kan fungere som eit døme. Sjå ein episode under:

 

Skriveoppgåver:

a. Gå saman i grupper på tre og skriv vidare på utdraget. Kva trur de kjem til å skje når Honey møter Marcel? Kva trur de ho seier? Korleis reagerer Marcel? Og den kvitkledde mannen? Fordel rollene og framfør det de har skrive.

b. Skriv ei forteljing kor du blander løgn og sanning. Når du er ferdig, kan du framføre teksten munnleg for andre elevar i klassa. Klarer dei å gjette kva som er sant og kva som er påfunn i historia?

c. Meld boka på Uprisen oversatt. Sjå tips til å skrive melding her.

d. Lag ei prioritert liste over dei ti mest morosame bøkene og filmane du veit om. Skriv ein kort tekst der du grunngjer dei første tre plassane på lista.

Opplegget dekker følgende kompetansemål:

– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger
– samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering
– planlegge, utforme og bearbeide egne tekster manuelt og digitalt, og vurdere dem underveis i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst.