Opplegg til Jag är Supermann

FØR:

Sjå på omslag og tittel.
– Kva slags forventningar får de til teksten?

Les ingressen.
– Har forventningane endra seg? Fortel.

Dette er ei novelle.
– Kva er ei novelle?
– Kva er forskjellen på ei novelle og ein roman?
– Kva trur de det betyr at novellane heng saman slik det står i ingressen?

Aya kjem til Sunndalsøra frå Aleppo i Syria. Sjekk på kartet kor desse plassane ligg.
– Kva slags veg trur de Aya og familien har reist for å kome fram?
– Korleis trur du denne reisa har vore?
– Kva ventar dei på Sunndalsøra?
– Kva trur de har skjedd med farfaren?

Teksten inneheld nokre engelske setningar, men er elles ganske lett å lese. Her er nokre døme på ord som de med fordel kan snakke om før lesinga: klaustrofobisk, lunefull, strabasane og vanære.
For elever som har nynorsk som sidemål går det dessutan an å sikre seg at elevane kjenner til desse orda: auge, strauk, annleis, trong, svolt, veka, kjensla, gløyme, skipla, stroke, kyrkje, straumen, lette, hugsa og vassyta.

 

UNDERVEGS:

Be elevane om å stoppe etter avsnittet øvst på side 105, etter setninga: «Deretter sette ho seg inn i bilen.» La dei sitte i par og snakke saman om kva dei trur kjem til å skje vidare.
Etter eit par minutt, fortset de lesinga.

 

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting de lurte på mens de las, slik at alle har ei førebels forståing av tekstens innhald.

2. «Stille lesesirkel»
Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3-4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1-2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sitt der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1-2 minutt til å reagere på naboens tekst: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – ho som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.

Kvar gruppe kan nå få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunktane ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eit eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av novella:
– Kva slags inntrykk får de av Aya?
– Kva slags følelsar trur de oppstår når ein må flykte?
– Kvifor trur de Aya kjenner seg «ufatteleg glad» og «tom og rar» på ein og same tid?
– Korleis trur de det er å kome frå krig til fredelege Sunndalsøra?
– Får de inntrykk av korleis det er ved å lese dette utdraget? Grunngje svaret.
– Kva synest de om fyren i bilen? Grunngje svaret.
– Trur de at Aya stolar på han? Kvifor/kvifor ikkje?
– Hadde de teke imot tilbodet om skyss?
– Kvifor trur de at farfaren rømmer frå det nye huset?
– Kvifor græt Aya?
– Korleis forstår de slutten?
– I kva grad svarar teksten til dei forventningane de har til novelle-sjangaren?

Skriveoppgåver:

a. Skriv vidare på novella.
– Kva skjer med Aya? Kva skjer med farfaren? Kva slags liv inntrykk får dei av Noreg og nordmenn? Kva slags liv får dei i Sunndalsøra?

b. Novella antydar at Ayas reise frå Syria til Norge var lang og vanskeleg og gjer nokre døme på dette. Sjå for deg reisa og beskriv ein dag på denne reisa. Alternativt kan du finne på ein dramatisk hending på den fire månader lange reisa og beskrive ho. Kva skjer og kvifor er hendinga viktig for resten av reisa?
Du kan ev. la deg inspirere av ein av desse dokumentarfilmane, som er tilgjengelege på nrk.no: https://tv.nrk.no/program/mddp12001617/ranias-flukt
https://tv.nrk.no/serie/flukt/KMTE30002116/sesong-1/episode-1

c. Sjå for deg at du kjem til Syria. Skriv ein tekst der du forklarar kor du bor og korleis det skil seg ifrå livet ditt i Noreg.

d. Skriv ei melding av boka på Uprisen.no.

Tips til å skrive melding her.