Opplegg til Så lenge himmelen er over jorda

FØR:

Sjå på omslag, tittel, sjanger og ingress. Snakk om forventningar til teksten. Ta utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva slags forventningar har de til ein tekst som har sjukdom som tema?
– Kjenner de til andre bøker som handlar om dette tema?
– Kva slags hendingar og situasjonar kan utløyse ei kjensle av sjukdom og sorg?
– Må dei vere knyta til døden eller kan det vere andre situasjonar der sorg kan oppstå?
– Kva meiner de ein kan gjere for å bli kvitt sorga, eller for å leve med ho?
– Korleis forstår de tittelen på boka, Så lenge himmelen er over jorda?
– Kva synest de om framsida?
– Kva slags samanheng ser de mellom framsida, tema og ingress?
– Kva trur de teksten handlar om?
– Kva trur de at de kjem til å like/ikkje like?
– Kva veit de om forfattaren? Kva slags andre bøker har han skrive?


UNDERVEGS:

Lesestopp

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, til dømes etter nest siste avsnitt på s. 77 (etter «overlever mot alle odds» eller etter nokre minutt.)

Skriv spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Det kan vere spørsmål som utdraget gjer svar på, antydar svar på eller berre ting de lurer på. Her er nokre spørsmål som kan brukast som døme:

– Kva slags sjukdom har Ruben?
– Trur de han kjem til å døy?
– Kvifor vil han ut på sitt livs reise?
– Kvifor presiserer Ruben at han ikkje er ein «blek selvskader som bor i en trekkfull, trang leilighet»?
– Kvifor trur de Ruben liker seg på loftet?
– Kvifor har Ruben eit bilete av Ogwyn George hengande på veggen?
– Kvifor liker han «[f]ortellinger fra virkeligheten der folk overlever mot alle odds»?

Alternativt kan de bruke nokre minutt på å skrive kva de trur vil skje vidare.
Deretter fortset de å lese resten av utdraget.

 

ETTER:

1. Litteraturintervju
Par som rullerer.

I forkant av litteraturintervjuet får elevane eit ark med nokre få spørsmål. I tillegg til dei faste spørsmåla er det plass til at kvar elev kan skrive inn tre supplerande spørsmål etter eiga val.
Førebu gjerne aktiviteten gjennom å snakke kort med elevane om korleis ulike typar spørsmål legg opp til ulike typar svar. Eit enkelt skilje mellom spørsmål med og utan ein eintydig fasit kan vere nok, saman med ei oppmoding til å stille flest av dei siste. Alternativt kan ein bruke ei «spørsmålstrapp» av denne typen: http://sammenom.gyldendal.dk/Gratis/~/media/Dansk%202/SammenOm/procesark/Gaa_paa_spoergsmaalstrappen.ashx

Eit døme på spørsmålsark finst her.

Elevane skal først skrive dei supplerande spørsmåla på arket og deretter ta det med seg rundt i klasserommet for å finne intervjuobjekt. Når dei har funne ein partnar skal elevane stille eit spørsmål frå lista, og partnaren skal svare. Intervjuaren lyttar til svaret, noterer stikkord på arket og stiller ev. oppfølgingsspørsmål ved behov. Når båe elevane har fått svar på eit spørsmål, finn dei ein ny partnar og stiller eit nytt spørsmål frå lista.

 2. Velje spørsmål
Gruppearbeid.

På bakgrunn av oppgåvene over kan elevane gå i grupper for å diskutere seg fram til to spørsmål som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner at akkurat desse spørsmåla er gode spørsmål til utdraget frå Så lenge himmelen er over jorda.

3. Diskusjon og avstemming i hel klasse
Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget. Dersom de snakket om ulike typar spørsmål under punkt 1 kan det dessutan vere lurt å ta opp dette på nytt og å bestemme dei ulike spørsmåla i lys av den enkle typologien.

La deretter samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

De kan ev. velje å ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

– Kva slags inntrykk får de av eg-forteljaren?
– Enn av Alona?
– Kva slags sjukdom trur de hovudpersonen har?
– Korleis taklar eg-forteljaren sjukdommen?
– Kva ville de gjort om de hadde vore i ein liknande situasjon?
– Synest de det er ein styrke eller svakheit ikkje å prate om sjukdommen sin?
– Kva tenkjer de om språket i denne teksten?
– Er den lett å lese, lett å forstå?
– Tenker de at ein snakkar på ein anna måte når ein er sjuk, er på eit sjukehus rundt mange andre sjuke osv.?
– I kva slags grad kjenner de seg igjen i teksten?
– Likar de teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Boka fekk mange meldingar på Uprisen.no. Les dei her http://uprisen.no/tekst/sa-lenge-himmelen-er-over-jorden/ og sjå om de er einige/ueinige i kva andre ungdommar meiner om boka.

Til slutt kan de diskutere utdraget i klassa. Klarar de å bli samd om ei felles vurdering?

– Liker de utdraget frå Så lenge himmelen er over jorda?
– Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne og at rammene er hyggelege. Elevane må få framføre meiningar og grunngjevingar som betyr noko for dei.

Avslutt gjerne med å legge inn meiningane til klassa om utdraget på txt.no. Klikk dykk inn på utdraget frå Så lenge himmelen er over jorda og legg inn meiningane i boksen «Vi meiner», nedst på sida.
Vi set òg veldig stor pris på om du som lærar ønsker å vurdere korleis utdraget fungerte som ein del av litteraturundervisninga – om det bidrog til å skape engasjement for lesing blant elevane dine osv.

Skriveoppgåver:

La elevane melde boka på Uprisen her. De finn ei rettleiing i å skrive bokmeldingar her.

 

Opplegget dekker følgende kompetansemål:

– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger
– samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering
– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon