Opplegg til Under

FØR:
Klassesamtale

Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.

NB! Det er meininga at elevane berre skal lytte til utdraget – ikkje lese – og det kan derfor vere ein fordel å vise framsida på ein projektor.

Dokker kan òg ta opp kva slags forventningar elevane har til utdraget. Moglegvis kan eitt eller fleire av fylgjande spørsmål vere til hjelp:

– Kva slags tankar set tittelen i gong?
– Kva slags stemning kjem fram på omslaget?

Sjangeren er dystopi. Mange omtalar boka som feministisk dystopi.

– Kva meiner dei med det, trur dokker?
– Kjenner dokker til andre døme på dystopiar – bøker, filmar, spel?
– Kva trur dokker teksten handlar om?

Det er ein del vanskelege ord i teksten. Det har samanheng med at handlinga går føre seg i eit anna samfunn. Her er nokre døme på neologismar, namn, ord for grupper og uttrykk som er vanskelege å forstå: Zeijang-Volvo, volp, fengchéngar, infoSekt, Shăbī, háiziHemmet, erbī, Gǔnkāi, nanTaten, Sǐ pi yān, multiJúen, volPolis, báilǐngane, dim sum, Sǐ guǐ,, cao tā māde, ‘Ge pi.

Førebu elevane på at desse orda kjem og at det ikkje er ord det er naudsynt å forstå i detalj. Her er ordliste som også finnes bak i sjølve boka.

Her er nokre andre ord som det går an å snakke om:

Blodtappingsbenken (s. 133), lakeiar (s. 133), synterter (s. 133), kjenslekaldt (s. 133), daudt (s. 134), syntepla (s. 134), tunikaen (s. 135), dreg (s. 135), læt (s. 135), resirken (s. 136), auge (s. 136), monitor (s. 136), Homo sapiens (s. 136), katalysator (s. 136), habitatkollaps (s. 136), dormen (s. 136), kvervlar (s. 136), skodde (s. 137), koplingslokk (s. 137), tekk (s. 137), nanoblonder (s. 137), glädjepille (s. 138), prodbandet (s. 140).

Spill deretter av lydfila, mens elevane lyttar.

UNDERVEGS:

Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Under. Lydfila er – som lydfilene til alle utdraga i tXt-aksjonen – tilgjengeleg på txt.no. Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.

ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Jamføre samandrag
Gruppesamtale

Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?

3. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale

La først elevane dele erfaringane med å skrive og samanlikne samandrag. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

Kor trur dokker handlinga går føre seg? Kva slags by og land kan dette vere?
– Kunne dette ha vore i Noreg?
– Kvifor trur dokker forfattarane har brukt så mange framandord?
Kva slags inntrykk får dokker av Ela?
– Enn Sarin?
– Kvifor trur dokker Ela reagerer slik hun gjer?
– Kva ville dokker gjort om dokker hadde vore i same situasjon som Ela?
– Korleis synest dokker utdraget svarar til sjangeren dystopi?
– Kva slags melding er det – i kursiv – som står midt på s.136?
– Kva slags inntrykk får dokker av Ingmor? Kvifor er ikkje ho til å stole på?
– Bokas undertittel er Søsteranarkistane. Kva tyder det, trur dokker?
– Kva trur dokker kjem til å skje med Ela?

Ekstraoppgåver:

1. Skriv vidare på utdraget og fortel kva som skjer etter at Ela høyrer jentene trampar i golvet mens dei roper «søster, søster».

2. Skriv ei melding av teksten. Mal for meldingar finn dokker her.

3. Korleis vil du samanlikne dette utdraget med utdraget til Sabotør? Er det nokon likskapar mellom Ela og motstandsbevegelsen?

Aktuelle kompetansemål:

– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger

– samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering

– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon