Opplegg til Vanessa Svartmo

FØR:

Klassesamtale
Be elevane sjå på framsida til boka og snakk om kva dei trur boka dreier seg om.
Ta eventuelt utgangspunkt i spørsmål som:
Kva slags stemning trur de vil vere mest tydeleg i boka – romantisk, trist, skummel, tankefull, ekkel, morosam?
Jamfør eventuelt med framsida til ei anna ungdomsbok som kom på same forlag i 2014, Primitive pungdyr av Arne Svingen.
Kva for likskapar og skilnader legg de merke til?
Kva tenkjer de om innhaldet i dei to bøkene?
Vanessa Svartmo er eit døme på sjangeren «svart humor». Kva slags tankar får de når de høyrer ein slik sjangernemning?
Kjenner de til andre bøker og filmar som kan passe i denne sjangeren?

Les òg ingressen høgt for elevane og snakk om korleis dei nye opplysningane endrar forventningane til elevane.

Spel deretter av lydfila til utdraget som ligg her.

B. UNDERVEGS:
Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila.
Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.

C. ETTER:
1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.
Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Jamføre samandrag
Gruppesamtale.
Når tida er ute, og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?

3. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale
La først elevane dele erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og følg opp med spørsmål som bygger vidare på svara til elevane.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:
– Kva slags inntrykk får de av Vanessa? Kvifor?
– Korleis vil de beskrive den relasjonen ho har til dei andre på turen?
–  Kva slags inntrykk får de av dei andre ungdommane i gruppa?
– Kva synest de om sosiallæraren, Britt Jørstad Moen?
– Kvifor trur de at Vanessa vert så sint på Gabriel under teltturen?
– Trur de at Gabriel har rett i at ho er forelska i han? Kvifor/kvifor ikkje? Kva trur de han tenkjer om ho?
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom Vanessa og mora hennar?
– Kva synest de om språket i utdraget? I kva grad er språket truverdig?
– Jamfør ev. språket i utdraget frå Vanessa Svartmo med det som vert brukt i #alfahann og Ryktet. De kan til dømes samanlikne måten Vanessa banner på med språkbruken til Nina frå Ryktet.
– Kvifor trur de Vanessa går i samtaleterapi? Og de tre andre?
– I kva grad trur de at gruppesamtalane kan hjelpe ungdommane?
– Kva trur de vert resultatet av turen?

4. Gruppesamtale: Jeg mot meg
Jeg mot meg er ein mykje omtalt dokumentarserie på NRK.
De kan eventuelt sjå ein snutt frå serien her.
Lag grupper på 3-4 elevar og bruk metoden frå NRK som utgangspunkt for eit rollespel. Bruk karakterane Vanessa, Andres, Jessica og Gabriel eller lag fiktive personar som deltek i et gruppesamtale.
Elevane kan lese meir om ungdom, psykisk helse og terapi her og her.

Ekstraoppgåver:
a. Skriv scena i teltet frå synsvinkelen til ein av dei andre karakterane.
b. Skriv det som skjer etter scena i teltet og fram til at Vanessa kjem heim til mora si.
c. Korleis synest du at omslag, ingress og utdrag frå boka Vanessa Svartmo står seg til tittelen på tXt-antologien, Panser? Bruk gjerne tankane dine som utgangspunkt for å delta i konkurransen på txt.no.
Opplegget dekker følgjande kompetansemål:
– samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.
– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon.
– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger.
– skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium.