Ordliste til «Under»

I utdraget til Under er det ein del vanskelege ord. Her er ein oversikt over kva fleire av orda i utdraget betyr. Denne lista er henta frå sjølve boka.

báilǐng – kvitsnippar – dommarar i lovavdelinga; livsfarlege folk – dei gir ordre til volPolisen

cào tā māde – fy faen

èrbī – jævla idiot eller innavla tomsing

fèngchéng – lakei på fabrikkane

‘ge pì – «du køddar!» (som i «løgn!», jf. engelsk «my ass!»)

gǔnkāi – dra til helvete!

háiziHemmet – barneheim

infoSekt – små dronar på størrelse med mygg og fluger som fraktar informasjon – for alt anna blir avlytta

Ingmor – direktørPresident -store mor

Korpar – å vera «korp» – tru-lojal mot korporasjonen

nanTat – eit biologisk nanofilament som ligg i huda som ei tatovering. Blir nytta til mange formål, blant anna til å prege meldingar i infoSekt. Dei kan lenkast til venner slik at infoSekta veit kvar dei skal

shǎbī – tispe

sǐ guǐ – tanketom person

sǐ pì yǎn – jævla rasshol

Svart Sektor – Herfrå styrkar báilǐngar volPolisen

volpar – politimenn

volPolisen – vaktar og politi i same organisasjon

Zeijang-Volvo – Volvo-korporasjonen – franchiselandet dei lever i, Sosialdemokratisk Korporasjon

RAL3020 – Raud Sektor – Dei hentar ut blod og organ frå arbeidarar
RAL6024 – Grøn sektor – Dei produserer syntetisk mat