Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

1000 dagar

Johanna og Georg er bestevener og startar i same klasse på ungdomsskulen. Når Georg fortel klassa at kattane deira har para seg, bestemmer Johanna seg for at venskapet treng ein pause på 1000 dagar. Det vil seie så lenge dei går på ungdomsskulen.

Inger Johanne Sæterbakk Aschehoug 2017


PAUSE I 1000 DAGAR

«Georg, det er ein ting eg må snakke med deg om.»

Vi har gått nokre hundre meter av vegen heim frå skolen og har nettopp passert butikken som sel matvarer frå Asia, dyrebutikken og kiosken. Vi er nesten ved sida av blomsterbutikken og biblioteket når eg avbryt bablinga til Georg ved sida av meg. Eg har vore så opptatt av å planlegge det eg skal seie til han, at eg ikkje har greidd å konsentrere meg om å høyre på han.

«Kva då?» spør han. «Er det noko alvorleg? Du har verka litt rar i dag. Nesten litt sur. Er det nokon som har gjort deg noko?» Han ser på meg. Sjølvsagt har han merka at det er noko. Sånn er det å kjenne nokon like godt som ein kjenner seg sjølv. Men eg trur ikkje han veit kva som eigentleg plagar meg. At det er han. Georg.

«Er det det med Perla og Roy?» spør han.

«NEI! KAN DU IKKJE SLUTTE Å SNAKKE OM DEN KATTEKNULLINGA?!»

Og der skjedde det som måtte skje. Eg sa ordet høgt. Eg kjenner at eg blir raud i heile toppen, frå halsen og opp til der håret er festa i hovudet. Det er så pinleg at eg nesten gløymer det eg eigentleg skulle snakke med han om. Og det er mykje verre. Eigentleg er eg meir redd enn flau. Redd for at dette er eit sikkert teikn på at eg er i ferd med å flippe ut. Bli galen. Klikke. Bli kåt.

«Unnskyld. Det var ikkje meininga å kjefte på deg», seier eg.

Han smiler på ein måte som gjer at eg skjønner at han ikkje er sint på meg. Men at han likevel lurer på kva eg held på med. Eg klandrar han ikkje for det. Eg lurer litt på det sjølv også.

Eg tel sakte til tre inni meg. Eg må berre seie det før eg ombestemmer meg og aldri får sagt det, og så kjem eg på skolen i morgon, og så er det ingenting som har blitt betre.

Ein. To. To og ein halv. To komma seks. To komma sju. To komma åtte. To komma ni. To komma ni og ein halv. To komma ni komma seks. Ok, då.

Tre.

«Vi må slutte å vere venar.»

Det kjem ut på ein mykje hardare måte enn eg hadde tenkt. Eg nesten roper det. Og når eg høyrer meg sjølv seie det høgt, blir eg heilt skjelven. På ein dårleg og ukontrollert måte. Sånn som når eg frys skikkeleg. Viss eg har sprunge gjennom spreiaren på plenen og sola forsvinn. No kjennest det som om frosten har sett seg i beina og musklane og huda og i hjartet mitt, og at kroppen aldri vil slutte å riste. Og dei orda høyrdest mykje snillare og mindre skumle ut inni hjernen min enn utanfor.

«Slutte å vere venar? Kvifor det?» No smiler ikkje Georg meir. Han ser berre overraska på meg. Eg kan jo på ein måte skjønne at dette kjem litt brått på han.

«Altså, ikkje slutte heilt. Berre ta ein pause.»

«Ein pause?» Han ser ut som eit stort spørsmålsteikn.

Eg nikkar.

«Kor lang pause då?»

Eg greier ikkje å sjå på han, men ser rett framfor meg i staden. På trafikken som går fram og tilbake på vegen i lyskrysset mens vi ventar på grøn mann. Det kjennest som om det raude lyset varer i fleire minutt.

«Ein pause til etter ungdomsskolen.»

Vanlegvis er det fint å vere stille i lag med Georg. Vanlegvis er den stillheita behageleg og trygg, ikkje pinleg eller ekkel. Den stillheita som spreier seg mellom oss no, er berre ubehageleg og vond og gjer meg endå meir usikker. Blanda med alle dei dårlege kjenslene eg har i kroppen min frå før, blir det nesten for mykje for meg. Eg har ikkje noko trening i å ta pause frå venskapen med bestevenen min. Det er liksom ikkje noko ein lærer på skolen eller i bøker ein låner på biblioteket, eller som mamma og pappa har forklart meg ved middagsbordet.

Etter ei lang og heilt uuthaldeleg stund seier Georg:

«Er det på grunn av det med Roy? For det var vi uvenar for i 16 minutt. Og no vil du at vi skal vere uvenar i over 1000 dagar?»

«Vi skal ikkje vere uvenar. Berre ikkje venar. Om du forstår.»

«Er det fordi eg snakka om det i klassen? Eg trudde du også syntest det var artig med dyr og sånn, eg. Du bruker jo å snakke om Perla heile tida.» Han høyrest skuffa og lei seg ut. Og han ser ikkje ut som han forstår kva eg prøver å seie. Eg kan jo på ein måte forstå det også.

For vi har ikkje krangla. Han har ikkje vore slem. Han har ikkje røpt hemmelegheiter eller ledd av meg eller halde meg utanfor. Han har berre vore ein ekte ven som eg kan stole meir på enn alle andre. Det er det ikkje så lett å forklare dei andre. At Georg og eg er venar. Ikkje kjærastar. Ikkje galne, kåte folk. Men venar. Det er lettare å forklare ein som eg har kjent like lenge som meg sjølv, at vi må slutte å vere venar ei stund. Eg trudde iallfall det skulle vere enklare. Men det er ikkje så kjekt når nokon ein er så glad i, blir så sur og rar og forvirra. For å vere glad i nokon er noko anna enn å vere kåt på nokon. Det er noko anna enn å vere forelska i nokon. Eller få éin prosent sug i magen av at nokon er kjekke eller pene. Noko anna enn å ha lyst til å vere kjærast med og kline med og sånn.

Trur eg, då.

«Har eg gjort deg noko?» spør han.

«Nei. Det har ikkje noko med deg å gjere, altså. Det er berre det at folk ikkje taklar så bra at vi er venar når eg er jente og du er gut. Folk spør om vi er kjærastar, og …»

«Men du kan jo berre seie at vi ikkje er det?» Han ser litt oppgitt på meg. Typisk Georg. Han har ei løysing på alt. Han trur at alt er så enkelt, han. At folk er like lette å forstå som alle desse grunnstoffa som professorar har forska på i 1000 år, og som Georg sikkert kjem til å forske på dei neste 1000 åra. Han skjønner ikkje at folk ikkje reagerer sånn som vi vil at dei skal reagere berre vi kombinerer dei på riktig måte og med riktig dose. Og han skjønner definitivt ikkje at kombinasjonen av Georg og Johanna i lag med alle desse folka er ein potensiell eksplosjon. Og det er ein grunn til at ting som kan eksplodere, har fareskilt og må haldast langt vekke frå kvarandre.

Johanna + Georg = livsfarleg i nærleiken av Sarah med h og ungdomsskolen. Iallfall for meg.

«Eg har sagt det! Men dei påstår at eg er k…»

Eg kan ikkje seie ordet. Eg kan ikkje seie til Georg at Sarah med h trur at eg er kåt på han. For kanskje han trur at eg er det. Og enn om eg er det? Og enn om han blir kåt av at eg seier at nokon trur at eg er kåt på han? Og så må vi plutseleg bli kjærastar likevel, og så må vi gjere masse ekle ting i lag, sånn som Perla og Roy, og så seier han det høgt i klassen og så …

«STOPP!»

«Johanna?!» Georg ser forferda på meg. Eg trur eg ser sånn passeleg skremt tilbake på han. For eg skjønner plutseleg at eg har ropt STOPP og at lyden har spreidd seg på heile fortauet opp mot Brattbakken. Nokon lenger framme på fortauet har snudd seg. Kanskje dei trur at Georg er ein tjuv, og at eg roper om hjelp. Eg smiler til dei, sjølv om det ikkje er eit ekte smil. For eg er ikkje spesielt glad inni kroppen akkurat no. Eg trur ikkje auga mine er så glade heller.

«Eg trur berre det er betre for oss om vi ikkje er venar på ungdomsskolen. For viss vi er i lag heile tida, kjem vi ikkje til å få oss andre venar. Og det er jo litt dumt», seier eg og ser bort på han. Han ser berre alvorleg ned i vegen og sparkar litt i grusen med dei nye skoa som ikkje er like kvite lenger.

«Og så blir vi jo venar igjen. Når ungdomsskolen er ferdig. Om 1000 dagar.»

«Eg treng ikkje å bli kjend med nokon andre! Eg har jo ein besteven», seier Georg og ser på meg. Han er mykje meir bestemt i auga og i stemma no. Han ser nesten vaksen ut. Det er ikkje så ofte han er sånn, så eg skvett nesten litt.

«Eller, eg hadde det før. Fram til for åtte minutt sidan.» Han begynner å gå så fort han greier opp Lerkevegen. Eg småspring bak han og roper etter han.

«Georg! Vent!»

Han stoppar ikkje før vi har komme heilt heim. Til garasjeporten der vi alltid bruker å møtast. Der vi har stått kvar morgon i 3152 dagar og venta på kvarandre for å gå til skolen i lag. Og der vi nesten aldri har skilt lag etter skolen. For når skolen er ferdig, bruker vi å gå heim til han eller heim til meg for å gjere lekser i lag. Eller så speler vi fotball på garasjeporten eller går turar til Sjokoladesteinen. Eller lagar ostesmørbrød og ser film og skravlar. Eller er heilt stille i lag.

«Er du flau over å vere ven med meg?» spør Georg. Auga hans er harde og bestemte. Dei er liksom mørkare enn vanleg. Eg blir nesten redd av å sjå på dei.

«Eh, nei», seier eg. Og det er jo på ein måte sant. Kanskje bortsett får den sjukt irriterande katteknullegreia hans.

«Det er ikkje deg …»

«Er du flau av deg sjølv?» spør han før eg rekk å snakke ferdig. Før eg rekk å forklare at det er dei andre si skuld. Han er framleis kjempestreng i auga.

«For det burde du vere», seier han, snur ryggen til meg og går mot huset sitt utan å seie ha det.

Til toppen