Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Engel i snøen

Hovudpersonen i denne boka er dødssjuk og har mista mora si. Men det er fint å ha pappa til å trøyste seg på sjukehuset. Her blir hovudpersonen kjend med andre på same alder. Spesielt ei jente gjer inntrykk når ho speler den finaste songen på piano.

Anders Totland Gyldendal 2016

11

Silje likte godt å sjå på når eg spelte piano. Sjølv om ho var mykje flinkare sjølv. Ho sat attmed meg på krakken når eg øvde, gav ros når eg spelte rett og kviskra oppmuntrande ord når eg spelte feil. Lærte meg å spela berre på dei mørke tonane, sånn at ho sjølv kunne spela på dei lyse. Plutseleg spelte me med fire hender.

– Kva er den finaste songen du veit om? spurde Silje ein morgon me sat og spelte.

– Eg veit ikkje, sa eg.

– Min favorittsong er «Here comes the sun», sa Silje.

– «Here comes the sun»? herma eg.

– Ja, av Beatles, sa Silje.

– Korleis er den? sa eg.

– Vil du høyra? sa Silje.

Eg nikka. Silje flytta seg heilt inntil meg på krakken, så ho skulle nå både dei mørke og dei lyse tangentane åleine. Så spelte ho og song:
«Here comes the sun. Here comes the sun. And I say it’s all right …»

Det var den finaste songen eg nokon gong hadde høyrt. Eg sette meg endå nærmare Silje på krakken, og let kvart einaste ord trengja inn.

Då songen var ferdig, hadde fleire av dei vaksne samla seg bak oss. Dei stod heilt stille og sa ingenting. Men eg kunne sjå at det rann tårer nedover kinna til fleire av dei. Så gjekk dei vidare.

– Kva synest du? sa Silje.

– Det er det vakraste eg nokon gong har høyrt, sa eg.

12

Det er kaldare ute no. Snøen har begynt å legga seg på bakkane. Om morgonen høyrer eg brøytebilane skrapa oppover vegen, og att og fram på parkeringsplassen. Dei som jobbar her, seier at det er heilt kaos nede i byen. Folk er ikkje vane med at det kjem snø på skikkeleg her. Berre små smaksprøvar. Men no snør det på skikkeleg. Og byen veit ikkje korleis han skal takla det.

På bakken bak parkeringsplassen er det ein gjeng med ungar som lagar snømann. Eg kjenner igjen eit par av dei. Truls med den raude hua skal snart reisa heim. Oda med dei heimestrikka vottane òg. Det er tanta til Oda som har strikka dei. Ho strikkar veldig mykje rart. Ein gong hadde Oda med seg ein heil dyrepark av heimestrikka dyr, som dei yngste fekk leika med. Men no skal ho snart heim.

– Hugsar du då du var liten? seier pappa.

Eg har ikkje lagt merke til at han har kome inn i rommet. No står han rett bak meg.

– Hugsar du korleis du og mamma pleidde å leika i snøen? Ho elska å leika i snøen. Sprang ut og geipte med tunga så snart dei første snøkrystallane kom dalande. Ville kjenna smaken av snø. Ho blei heilt yr av det. La seg rett ned i snøen for å laga englar. Hugsar du det?

Eg nikkar.

– Tenker du ofte på mamma? spør eg.

– Ja, eg gjer det, seier pappa.

– Blir du lei deg når du tenker på henne?

– Av og til, seier pappa. – Men berre litt. For eg blir mest glad.

Glad for alt det fine me fekk oppleva saman.

Og for at me fekk deg.

Pappa dultar borti meg.

– Kva med deg? spør pappa. – Tenker du ofte på mamma?

– Litt, seier eg.

13

Me sit stille og ser ut vindauget saman. Pappa og eg. Ser på ungane som lagar snømann. Dei har laga ei borg der ute no. Og stablar med snøballar. Det ser ut som dei rustar seg til snøballkrig.

– Hadde det ikkje vore fint om mamma var i himmelen? seier eg til slutt.

– Jo, seier pappa. – Men du veit vel at eg ikkje trur på det der med Gud og himmelen og sånn.
Dette har me jo snakka om før.

– Ja, eg veit det, seier eg.

– Men berre tenk om, viss det var sant, hadde det ikkje vore fint?

Pappa smiler.

– Veit du kva eg synest er fint å tenka på? seier pappa. – Eg likar å tenka at menneska er som snøkrystallar.

– Som snøkrystallar? seier eg.

– Som snøkrystallar, seier pappa. – Dei kjem liksom ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle.

Pappa ser ut i lufta, som om han leitar etter noko. Eg seier ingenting. Ventar berre på kva som skal komma.

– Veit du at ingen snøkrystallar er heilt like? seier pappa.

– Det er dei vel, seier eg.

– Ikkje om du ser godt nok etter, seier pappa. – Kvar einaste, vesle snøkrystall er heilt unik. Akkurat som oss.

– Kva meiner du?

– Sjølv om du og eg liknar på kvarandre, er me jo ikkje heilt like, seier pappa.

– Sånn er det med snøkrystallane òg. Men du må nesten sjå på dei gjennom eit mikroskop for å sjå det, for mønstera i krystallane er frykteleg små. Og til slutt smeltar dei til vatn, som fordampar og samlar seg i nye skyer. Er det ikkje vakkert?

– Du er rar, seier eg.

BONUSMATERIELL

Les meir om forfattar Anders Totland her.

Anders Totland er debutant. Kva vil det seie? Les meir her.

Les bokmelding av Engel i snøenBarnebokkritikk.no.

Les kva ungdom meiner om boka på Uprisen.no.

Fleire boktips:

Om noko skulle skje av Ragnar Hovland.
Stavanger stories av Terje Torkildsen.
Så lenge himmelen er over jorda av Levi Henriksen.
Hvem er jeg når du blir borte? av Kathrine Nedrejord.
Faen ta skjebnen av John Green.
Jeg, Earl og jenta som dør av Jesse Andrews.

Det finns og fleire sakprosabøker om sorg. Her er nokon tips:

Sorg av Kristian Fjellanger.
Og hver morgen våkner jeg av Marita Hansen.
Mysteriet mamma av Trude Lorentzen.
Ung sorg av Birgitte Gjestvang (red.)

Her kan du lese artiklar om sorg.

Filmtips:
The Fault In Our Stars (Faen ta skjebnen)

Me and Earl and the Dying Girl

 

Til toppen