Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Glimt

Jon flyttar til ei øy i havgapet. Her blir han kjend med Rebekka og dei andre i bandet hennar. Og Finn, som jobbar på ungdomshuset. Ein dag Jon er på ungdomshuset aleine, skjer mystiske ting. Er det nokon som driv gjøn med han? Jon plasserer eit videokamera i huset for å avsløre spøkefuglane. Viss noko rører seg, startar kameraet å filme. Ei heil natt har kameraet stått i huset, og Jon er spent på om noko er filma.

Tor Arve Røssland Samlaget 2015

Kapittel 7

Jon sov godt etter han hadde plassert videokameraet inne på kjøkkenet i ungdomshuset. Viss bandet dreiv og rigga seg til med nye strekar om natta, så ville kameraet fange dei opp.

Om morgonen vakna han utkvilt. Han strekte seg i senga, og såg fram til å sjå kva kameraet hadde fanga opp.

Han gjespa og labba opp trappa. Mor hadde lagt igjen pengar til å handle for på kjøkkenbordet. Jon la pengane i lommeboka, før han gjekk opp mot ungdomshuset.

Døra til ungdomshuset var låst, og han visste ikkje heilt korleis han skulle forklare for Finn at han måtte inn der. Kanskje han kunne late som han hadde mista noko? Men han visste ikkje kor Finn budde. Då måtte han i så fall spørje seg fram, og tanken på å spørje heilt framande menneske om noko slikt var berre å gløyme. Det var ikkje anna å gjere enn å vente til dei andre dukka opp. Jon gjekk ned til butikken og kikka rundt i hyllene etter noko å ha til middag. Butikken hadde ikkje det aller største utvalet. Mykje frosen fisk, og pizza. Han enda opp med kjøtkaker.

Då såg han Rebekka som rydda i hyllene. Han gøymde seg raskt bak ein høg reol.

Jobbar ho her? tenkte han og kikka fram. Ho såg han ikkje. Ho var for opptatt med å opne esker med matvarer. Han hadde lyst til å seie hei, og han tok faktisk nokre skritt mot henne, men snudde og gøymde seg bak reolen igjen. Han torde ikkje, og kva skulle han seie?

I staden gjekk han forsiktig bort til kassa for å betale. Mannen bak kassa sa ikkje noko. Han berre strekte seg for å sjå etter Rebekka. Raskt sa han kor mykje Jon skulle betale. Etter han hadde gitt tilbake vekslepengane, reiste han seg og gjekk litt unnvikande bort til Rebekka. Jon gøymde seg igjen, bakom eit kjøleskap med brusflasker.

– Går det bra her? sa mannen til Rebekka. Han byrja å rydde i nokre hyller rett ved sida av henne, men det verka mest som han sjekka kva ho dreiv med.

– Det går fint, pappa, sa ho.

– Du kan ta pause når du vil, altså, sa han. – Berre gi meg ein lyd.

Ho snudde seg mot han og freste. – Du treng ikkje passe på meg kvart einaste sekund!

Ho småsprang inn på bakrommet og smelte hardt med døra. Jon blei plutseleg klar over at han stod og stira. Faren til Rebekka sette seg ned bak kassa igjen og forsøkte å smile. Han var heilt grå i ansiktet. – Ha ein fin dag! sa han til Jon.

Jon følte at han spionerte på folk han ikkje kjente. Men det var ikkje hans feil at dei hadde slike diskusjonar midt i butikken.

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 71-78

BONUSMATERIELL

Her kan du lese mer om forfatteren Tor Arve Røssland.

Grøsseren ivaretar skrekkfaktoren gjennom en dyster og truende atmosfære, eller gjennom makabre og dramatiske hendelser. Grøsserens funksjon er å skremme leseren. Du kan lese mer om sjangeren her.

Har du lyst til å skrive grøss? Her finner du ti skrivetips.

Hvis du vil lese mer grøss så får du tips fra andre elever her.

Grøss er en populær sjanger, og det finnes mange grøsserfilmer. Under finner du noen.

The Conjuring

The Shining

Villmark

Tv-serien: American Horror Story

 

Til toppen