Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Jag är Supermann

Jag är Supermann er ei novellesamling der historiene heng saman. Vi møter ulike personar på Sunndalsøra som på ein eller annan måte har ei tilknyting til kvarandre. I denne novella møter vi Aya som saman med familien har flykta frå Syria. Alt er framandt for Aya, men ho føler seg trygg på sin nye heimplass. Heilt til ho oppdagar at farfaren hennar er borte. Ho har ikkje noko val, ho må ut å leite etter han.

Lars Mæhle Samlaget 2017

489 MIL TIL ALEPPO

– Do you like your new room?

Aya snudde seg. Kvinna med det korte, grå håret stod i døropninga. Ho kikka mot Aya med forventningsfulle auge. Det var ho som hadde møtt familien på busshaldeplassen, trekt dei og bagasjen inn i maxitaxien, og køyrt familien hit, til trehuset som venta på dei i Sunndalsøra.

Staden som frå no av skulle vere heime. Aya kremta.

– I like it. Very much. Thank you.

Kvinna smilte kort. Så forsvann ho.

Aya gjekk inn i rommet. Auga leita. Ho strauk handflata langs veggane. Tre. Så uvant. Alle husa på staden var laga av det. Liene vrimla av det. Tre og fargar. Vill natur. Vatn og grønt. Fjell og foss og elv. Her fanst ikkje sletter og sand. Ikkje mur og betong. Slik som i Syria.

Alt var annleis.

Fargene inne i det nye huset var lyse. Soverommet til Aya beige. Dei einaste møblane var ei seng ved sida av vindauget. Eit klesskåp i motsett hjørne, ved døra.

Rommet var lite. Like fullt var det eit mirakel. Det var hennar rom. Hennar eige. Ho trong ikkje dele det med dei to yngre brørne eingong.

Men best av alt: Det var stille. Rommet var fylt av ro. Ingen kampar i gatene utanfor. Ingen knatrande skot. Ingen knuande redsel. Ingen duvande bølgjer. Ingen kroppar i kø langs landevegen. Ingen svolt og stank og død.

Som ho gledde seg til å ta ein dusj. Spyle sveitte og lort av kroppen. Bli rein. Starte på nytt.

Men ho var så uendeleg sliten òg. Ville berre legge seg ned og sove. Kvile ut. Hente seg inn. Det ville ta dagar. Det ville ta veker. Men det var no det begynte.

Det nye livet.

Ho skulle ha vore så ufatteleg glad. Like fullt kjente ho seg berre tom og rar.

Aya stilte seg opp ved vindauget og kikka ut. Herifrå hadde ho utsikt mot den vesle hagen. Grønt gras. Blomsterbed. Eit einsleg epletre. Ein hekk.

Bak hekken skimta ho så vidt hovudvegen i Sunndalsøra. Ein veg nesten utan bilar og larm.

Bak der igjen var fjella. Dei gjekk rett opp i himmelen.

Dalen var trong og mørk og klaustrofobisk. Men likevel strutta han liksom av liv og natur. Og det var overraskande varmt. Ho hadde sett for seg snø. Frost og kulde. Men det var nesten like varmt som i Syria.

Aya sette seg ned på senga. Fingrane strauk over dynetrekket.

Ho sakna søskenbarna. Onkelen. Tanta. Vennene. Dei som var blitt igjen. Dei som hadde flykta i andre retningar. Bestevenninna Rabia. Aya hadde fått Skype-melding frå henne førre veka. Ho var i Berlin.

Kanskje ville Aya aldri få sjå henne igjen.

Aya forsøkte å trenge saknet bort. I staden prøvde ho å sjå for seg framtida si, her, i dalen med fjella. I dette rommet. Korleis ho skulle fylle det opp med sine ting, gjere det til sitt. Gjenstandane trådde tydeleg fram for henne. Teppe. Lampar og lys. Plakatar på veggane. Eit skrivebord?

Ho la seg ned på senga. Ei lang stund blei ho berre liggande og kjenne på roa og tomheita. Prøvde å kople ut alle dei vonde tanketrådane. Men inntrykka frå reisa nappa like fullt i henne. Den fryktelege båtturen over Middelhavet. I rustholken som ikkje var laga for ope hav. Bølgjene. Kvalmen. Smaken av saltvatn. Stanken av sveitte. Den forferdelege kjensla av ikkje å få vaska seg. Barn som urinerte overalt.

Dei hadde vore så lykkelege da dei kom i land. Men framleis hadde marerittet knapt begynt.

Aya reiste seg opp i senga. Ho henta fram mobilen, plotta inn heimbyen Aleppo på Google Maps. Deretter klikka ho opp «Directions» og skreiv inn Sunndalsøra. Søkte fram distansen.

489 mil.

Reisa skulle ifølgje Google Maps ta to dagar og fem timar med bil.

35 dagar til fots.

Dei hadde brukt fire månader.

Dei hadde stanga i grensekontrollar. Dei hadde budd på primitive flyktningmottak. Dei hadde blitt registrert og ført opp i bøker. Menneske redusert til nummer.

– Har du sett farfar?

Aya skvatt. Faren stod i døropninga. Hadde han kikka på henne lenge?

– Nei.

Faren drog fingrane over skjeggstubbane.

– Han er ikkje her.

– Men han var da her no nettopp?

– Eg veit. Berre han ikkje har funne på noko.

– Eg skal bli med og leite.

Farfaren hadde fått ein sjukdom i hjernen. Først la ikkje Aya merke til det. Men på eit eller anna tidspunkt hadde ei djevelsk, lunefull gift snike seg ned i han – og mørklagt alle tankar og inntrykk.

Det starta for eit par år sidan. Små drypp. Hint om kva som skulle komme. Sjukdommen fekk farfaren til å gløyme ting. Først litt. Aya trudde at han tulla. Men snart blei ho redd. Farfaren mintest stadig mindre. Alt forsvann for han. Alt det han hadde opplevd. Alt det han hadde sett og høyrt. Heile lageret av minne blei viska bort. Sakte, men sikkert.

No visste ikkje farfaren eingong kva han heitte. Han kjente ikkje att sin eigen familie. Ikkje eingong sonen. Ikkje eingong sitt første barnebarn.

Ikkje eingong Aya.

Berre nokre sjeldne gongar opplevde han klare augeblikk, da han plutseleg var seg sjølv igjen. Og hugsa alt.

Det var merkeleg. Og vondt. Å miste farfaren til gløymsla.

Den lange marsjen gjennom Europa var forferdeleg nok i seg sjølv. Men situasjonen til farfaren gjorde reisa ekstra utmattande. Han fekk stadig brå innskytingar. Han baksa seg ut i grøftekantane. Ned i bekkefar. Han gjorde ville rykk – og la på sprang. Ut på jorde, inn i skogar. Under båtfarten ropte han nonstop. Han ville hoppe over bord. Dei måtte binde han fast, som ein annan fange. Han freste der han sat fastbunden i taua.

Ein annan ting som følgde med sjukdommen, var nemleg det uforklarlege raseriet. Kvar kom det frå? Farfaren var jo eigentleg så snill og varm og klok. No var han forvandla til ein lunefull og oppfarande versjon av seg sjølv.

Dei måtte halde han konstant under oppsyn.

Aya var, merkeleg nok, den einaste farfaren ikkje blei sint på. Ho hadde eit eige lag med han. Ho klarte å avleie raserianfalla. Styre dei over i noko anna – og betre.

Men sjølv farfaren hadde klart å reise dei 489 mila til Sunndalsøra.

No som dei endeleg var framme, hadde alle i familien senka skuldrene. Dei hadde latt farfaren få vere i fred i nokre få minutt.

Det var alt han trong. No var han over alle haugar.

Roa i det nye huset var skipla. Faren og mora vandra frå rom til rom. Ropte. Panikken skalv i stemmene. Aya skjønte det allereie. Farfaren var ikkje i huset. Han hadde rømt ut. Han hadde fått eit av desse vanvitige innfalla sine, og stroke på dør. Truleg var han fleire hundre meter unna allereie.

Ho ropte:

– Eg går ut og leitar etter han!

Ansiktet til faren dukka opp i trappa.

– Eg blir med deg.

Dei sprang ut i smågatene bak huset. Ingen teikn til farfaren.

Deretter hasta dei bort til hovudvegen. Heller ikkje her var han. Faren sukka:

– Vi må dele oss. Eg går til venstre. Du til høgre.

Faren forsvann.

Aya sprang nedover fortauet langs hovudgata. Kroppen var lemster. Beina blytunge. Alle mila på vandring gjennom Europa. Dei sat i. Ho forbanna sjukdommen til farfaren. Her hadde dei vore på rømmen i månadsvis. Og da dei etter alle strabasane hadde komme fram, da dei endeleg skulle få kvile, hadde farfaren berre halde fram med si flukt.

Aya sprang alt det ho makta. Speida i alle retningar. Inn i stikkgater. I hagar. Mot den store elva. Ho fraus. Berre han ikkje hadde hoppa uti straumen.

Ho forsøkte å dytte innskytinga bort. Men ho klora seg fast i tankane, som eit kravlande insekt.

Snart kom ho til eit slags bilutsal. Bilar stod stilt opp tett i tett på asfalten utanfor. Ho leita etter skjeggstubbar. Eit gråleg bakhovud. Ein krokete rygg. Tynne, lyse stoffbukser. Og brått fekk ho så lyst til å bli den som fann han. Bli ein helt. Den som ordna opp. Kjenne farens hand mot skuldra. Høyre rosande ord.

Men farfaren var ikkje her.

Ho sprang vidare. Opp ein bratt bakke. Den breie gata blei delt i to her, av ein midtrabatt med grasplen. Høge lyktestolpar med blomsterdekorasjonar.

Aya jogga først, men gav snart opp. Ho måtte gå det siste stykket.

På toppen stansa ho. Forsøkte å hente att pusten. Var så utruleg sliten. Ville berre legge seg ned og sove. Her. Midt på fortauet.

Da ho endeleg klarte å puste normalt, tuta det bak henne.

Ein brun Audi kom sigande opp på sida hennar. Føraren rulla vindauget ned. Bustete hår. Merkelege auge. Grotesk T-skjorte. Han ropte eit eller anna. På det framande språket. Uforståelege ord.

Ho trekte seg unna. Fyren i bilen kikka oppgitt mot henne. Etterpå heldt han fram med å rope. Orda steig fram til henne no:

– Do you speak English?

Ho nikka forsiktig.

– Are you from Sweden? heldt han fram.

Aya rynka panna.

– No. Syria.

Han mumla noko for seg sjølv. Aya tok mot til seg:

– Have you seen my granddad?

Ansiktet i bilvindauget kikka forundra mot henne.

– What?

Aya leita etter dei rette engelske orda.

– My granddad has escaped.

– How does he look?

– Old. Grey hair.

Mannen rugga først litt på hovudet. Deretter gjekk det opp eit lys for han.

– Yes, I think I drived past him. He ran like hell!

– Where?

Mannen peikte.

– There. Sunndalsøra.

Deretter rulla han ned bilvindauget. Bilen begynte å trille bortover. Men like etter kom han ryggande tilbake.

– I will drive you to him.

Aya rista på hovudet.

– No.

– You can’t walk here in Sunndal. Everything is so far away. You have to drive a car.

Ho la armane i kors. Dette var utenkeleg. Ho ville bringe seg sjølv og familien i vanære om ho sat på med ein mann. Kanskje var han farleg òg. Ein valdtektsmann og tjuv.

– Oh, come on! masa han på. – I will take you to your granddad. Trust me! I am not dangerous.

Kanskje var det fordi ho var så sliten, matt og svolten. Kanskje var det fordi ho ikkje orka å gå eitt einaste steg til. Kanskje det var fordi ho verkte slik etter å få tak i farfaren.

Alt Aya visste, var at ho i neste augeblikk nikka spakt.

Deretter sette ho seg inn i bilen.

Det lukta merkeleg søtt i bilkupeen. Aya svelgde. Kva hadde ho gjort? Hjartet hennar tikka vilt. Dette måtte ikkje foreldra få vite. Nokon gong.

Bilen blinka ut på vegen og akselererte. Litt, ikkje så mykje. Like etter glei bilen roleg bortover gata. Aya lente hovudet bakover. Ho var så trøytt. Kunne ha sovna på flekken. Ho tvinga auga opne. Speida etter farfaren ut bilvindauget.

Sjåføren kremta.

– Why did he run away?

Ho kikka ned i fanget.

– He is sick in his head. He forgets things.

– Must be terrible.

– Will you really take me to him?

Mannen heva augebryna.

– Of course!

Aya kjente dei no. Tårene. Det var like før det rann over. Ho kikka ut av bilvindauget. Dei køyrde forbi ei kristen kyrkje. Det fanst ingen moské på staden. Det hadde faren spurt kvinna med det korte, grå håret om.

– How long have you been here in Sunndal?

Aya skvatt.

– We came today, sa ho så.

– Today?

– I didn’t even get a shower, before granddad escaped.

Sjåføren lo.

– Don’t worry! You don’t smell bad. And I have Wonderbaum!

Han peikte mot eit rosa minitre som dingla i frontruta.

Aya pressa fram eit lite smil. Han verka rar, men snill, denne mannen.

Bilen seig gjennom sentrum av Sunndalsøra. Dei passerte busshaldeplassen. Etter det køyrde dei forbi eit industriområde. Høge fabrikkhallar strekte seg nedover på venstre side av gata. Bilen nærma seg ein tunnel.

Sjåføren nølte litt. Deretter blinka han av til venstre, og køyrde bort frå tunnelen – og nedover ein mindre veg. Det bar i retning fjorden. Aya kasta eit blikk bak seg. Ho såg hovudvegen forsvinne i bilvindauget.

Brått fekk ho auge på ølboksane. Fleire stablar av dei på golvet under bakseta.

Da ho snudde seg igjen, merka ho at hendene hennar skalv. Tenk om han fyren var farleg likevel? At han var alkoholikar og valdtektsmann og berre venta på det rette offeret? Ei jente som var dum nok til å setje seg inn i bilen hans? Og at han no, akkurat no, var i ferd med å ta henne med til ein avsidesliggande stad for å forbryte seg mot henne?

Ho svelgde. Ho ville ikkje overleve skamma. Foreldra måtte ikkje få vite om dette, same kva. Aldri, aldri.

Da han like etter svinga av mot ein snuplass ved kaia og fjorden, dalte ein lette ned i henne. Dei skulle ikkje lenger. Da ville han truleg ikkje valdta henne likevel.

Brått stivna ho.

– Is it him? spurde sjåføren og peikte.

Ja, det var han. Farfaren. Han sat på ein benk og kikka ut over fjorden. Så merkeleg.

Bilen blei ståande og gå på tomgang. Aya smelte bildøra igjen. Ho gjekk med raske steg mot farfaren, men sakka av på farten da ho nærma seg.

Stille glei ho ned ved sida av han på benken.

– Å, er det deg, Aya.

Eit gledesgys segla gjennom henne. Farfaren hugsa henne. Han var inne i ei av dei få klare stundene sine. Ho torde nesten ikkje puste. Ville for alt i verda ikkje øydelegge dette magiske augeblikket, da farfaren faktisk var seg sjølv.

Det kunne vere eit av dei siste.

Tause sat dei og stira ut over fjorden. Det var ein nydeleg sommardag. Vassyta var blank som ein spegel. Lufta dirra mellom fjella.

Bakanfor dei stod bilen og venta. Allereie no visste Aya at ho ville få farfaren med seg heim.

Heim. Huset og staden der dei skulle leve og bu framover.

Tårene trilla nedover kinna hennar no. Det kom til å bli så bra. Det kom til å bli så forferdeleg.

Farfaren merka at ho gret. Han flytta seg nærmare. La armen om skuldra hennar. Akkurat slik han brukte å gjere da ho var lita jente i Syria.

– Så, så, sa han. – Det er ikkje farleg. Eg skal passe på deg.

Dei sat slik lenge. Ho gret og gret. Klarte ikkje å stanse. Og farfaren heldt omkring henne. Bilen gjekk på tomgang like bak.

Etter ei stund trekte farfaren seg bort igjen. Han vrei uroleg på kroppen.

– Men det er så merkeleg, sa han.

Aya vende seg mot han.

– Kva da?

– Eg kjenner meg liksom ikkje igjen.

– Du har jo ikkje vore her før.

– Har eg ikkje?

– Nei.

Farfaren stira forvirra ut mot fjorden.

– Er eg ikkje heime?

Aya rista på hovudet. Tårene rann.

– Det er 489 mil til Aleppo.

– Kva meiner du? Er ikkje dette Aleppo?

– Nei, farfar. Dette er Sunndalsøra.

BONUS:

Les meir om forfattaren her.

Sjå andre bøker frå forfattaren her.

Boka er ei novelle. Les meir om noveller her.

Sjå eit opptak av ei arbeidsprøve til teaterframsyninga Eg er Supermann. Det er berre basert på første novella pluss ei frå ei anna samling av forfattaren.

Under er eit kortare YouTube-klipp om Landet under isen.

Mæhle vann Uprisen for denne boka. Les juryen si begrunning her.

Til toppen