Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Under

"Under" går føre seg i framtida i byen Zeijang-Volvo. Barneheimsjenta Ela bur i bydelen Grøn sektor og arbeider på fabrikken til diktatoren og tyrannen, Ingmor. Arbeidarane vert behandla som slavar. Det finst ingen fridom, og gjer ein ikkje som Ingmor seier, hamnar ein på blodtappingsbenken. For Ela er livet nærmast uuthaldeleg. Sidan handlinga går føre seg i eit anna samfunn, i ei anna tid, brukar dei nokre andre ord og har annan teknologi. Til dømes er «volp» det same som politi, og «fèngchéngar» er lakeiar for diktatoren. Og Ela kommuniserer hemmeleg via små dronar kalla infoSekt.

Hilde Kvalvaag, Sturla Bang Samlaget 2017

Fèngchéngane sit ved eit eige bord. Uttrykka deira er overlegne, fata fulle av mat. Halvetne mjølbollar og haugar med synterter, cola-te i store koppar. Ela går heilt inntil Sarin, pustar inn lukta hennar og den søtlege pusten. Ela pressar seg ned på benken og set seg tett inntil henne, uforsiktig med vilje, så den grøne cola-teen skvalpar ut – over brettet til Sarin, blir til ein liten grøn dam.

Shăbī, sjå deg for! Kva er det du vil? Dette er ikkje eit bord for småjenter.

Ela hadde trudd at Mol og Ekko ville dra henne bort frå bordet med ein gong, men alle sit stille. Glor. Ela ser rett på Sarin. Ho har aldri sett inn i auga til ein slange, men blikket til Sarin er nett slik ho trur at det må vere. Det er kjenslekaldt. Vik ikkje. Sarin blunkar, seier ingenting, berre stirer som om ho ser noko langt inni Ela. Ela stirer tilbake, tenker det er synd på deg, Sarin. I nokre av dei første minna hennar frå háiziHemmet er Sarin der, ho gret ofte, ville støtt sitte på fanget til styraren. Når dei stod i ring og song, ville Sarin alltid halde Ela i handa. Du er snill, sa Sarin. Snille Ela. Så blei Sarin eldre og slutta å gråte, ville alltid halde Skåne i handa. Smiska seg inn med eit par eldre jenter som prøvde å bestemme over andre. Dei som fekk andre til å grine. Ela forakta dei, likte å rive sund det dei sa, så alle andre kunne sjå kor håplause dei var. Men det hjelpte ikkje. No har Sarin klart å bli fèngchéng. Ela ventar til Sarin må blunke, så kastar ho ut orda.

– Kvifor gjorde du det? Ekko sa du fekk dei til å hente meg. To volpar på ei lita jente? Du tok alle pengane mine, lova meg at eg skulle få besøke søstera mi?

Kva snakkar du om? Sarin ser sint på Ela, skottar innimellom mot nokre av dei som sit i nærleiken, dei fleste av dei fèngchéng som ho, men nesten alle er eldre og meir erfarne. Matsalen er still no, som eit daudt område. Munnvikene til Sarin skjelv nesten usynleg.

– Her kan du ikkje sitte, dette bordet er ikkje for slike èrbī som deg.

Men Ela flyttar seg endå tettare inntil Sarin, seier:

– Du fekk alt eg hadde spart opp. Det er ikkje lov for fèngchéngar å ta imot pengar, er det vel? Likevel sladrar du på meg? Har du inga ære? Du fekk alle syntepla òg. Eit heilt brett. Ja, eg åt eitt, eg innrømmer at eg stal. Men kvar er resten no? Inni den tjukke magen din?

Dei andre lakeiane følger nøye med på det som blir sagt, og Ela ser inn i dei stikkande auga deira, tenker på jenta og Lilin og dei andre døde kroppane på kjølen, kjenner ein vill og hard styrke fosse gjennom seg.

– Sjå her kva dei gjorde med meg.

Ela drar opp tunikaen, viser blåmerka på kroppen. Eit nesten lydlaust sus høyrest frå fèngchéngane. Sarin har reist seg halvvegs opp, lener seg mot Ela, mens ho nikkar mot Mol og Ekko. Ela fortset, held stemma kald og klar, snakkar sakte.

– Eg har blitt prylt og tappa for blod. Og det er di skuld.

– Du skal vere varsam med kva du seier. Du lyg! Alle veit at du er ein tjuv og løgnar. Det gneistrar svart i auga til Sarin. – Her kan du ikkje vere, bordet her er ikkje for arbeidarar. Gǔnkāi!

Ela kjenner ein spiss olboge dunke seg mellom ribbbeina og aner to skuggar sige inn bak seg. Ei hand på kvar skulder. Raseriet brenn bak auga hennar, ho ensar ikkje at Mol og Ekko drar hardt i henne når ho lener seg heilt inn mot Sarin og hissar til ho.

– Dette er ikkje over. Du bryt reglane, du er utan ære. Èrbī! Kven kan stole på deg etter dette? Ingen!

– Ta henne vekk, seier Sarin iskaldt, – kva er det de somlar etter?

Eg kjem til å hamne på kjølen likevel, eg er køyrd, rekk Ela å tenke og roper ut mens ho reiser seg:

– Dei drep folk. Alle jenter som blir henta, tappar dei for blod, og nokre jenter tømmer dei for alt dei har i seg, til dei døyr. Dei har drepe Lilin. Eg såg henne. Døde søstrer ligg i haugar på kjølen!

Det er heilt stilt i matsalen. Alle blikk er retta mot Ela, ho kjenner dei som trekk i nakken. Mol og Ekko dreg henne hardt i armane. Pusten deira læt opphissa bak henne. Idet ho slepper brettet sitt ned i resirken, plirer to små gule auge opp på henne før luka glir att. Gule auge igjen, kikkar liksom tenksamt på henne.

– –
#rotta. Rapport til Grøna Engor.

Utvald individ Ela er i sårbar posisjon, auke status til aktiv monitor? Til å vere av arten Homo sapiens er ho nesten sjukeleg uredd, set seg i fare. Ho er gunstig katalysator for habitatkollaps. Men ho treng kontrollerast nærmare og sikrast mot fullstendig utnytting. Sjansen for overleving går mot null om volpar mistar sjølvkontroll. Plan #821-314 iverksett. Melding ut.#
– –
Ela lyttar etter skritt bak seg når ho smett inn i luftesjakta bak dormen. Ei smal spiraltrapp kvervlar seg fleire etasjar opp til eit lite loft. Ho ser rett i auga på ei rotte som sit under trappa. Det er ikkje uvanleg å sjå rotter, men no ser ho jo rotter overalt! Denne ser ut som ho sit der og ser etter nokon. Dyret kikkar rakt på henne, legg hovudet litt på sida, gule auge som liksom lyser i den gråbrune pelsen. Rottene følger etter meg, tenker ho. Kven spionerer dei for? Ho kjem ofte opp på loftet for å vere i fred og tenke. Med det øvste trinnet kjem ei kjend lukt av mugg og fukt, eit lite vindauge slepper skumringa inn i det vesle kottet. Ho set seg framfor det vesle vindauget, held hendene mot ansiktet, prøver å samle seg. Huda prikkar, alt i henne dirrar, hjernen kjennest som ei maskin på veg mot kollaps. Kva har eg gjort? Ropte eg det verkeleg ut i matsalen? Korleis torde eg? Vindauget har litt utsikt, men røyk og skodde sperrar sikta, og regnet sildrar i svarte renningar nedetter glaset. Av og til skimtar ho veggar, tårn og djupe juv langt ned etter. Om ho berre kunne komme seg ut dit. Men Zeijang-Volvo er vakta. Dei som prøver å rømme, blir tatt, det seier Skåne. Ho vippar laus eit koplingslokk og tar ut ei lita eske med lokk ho har gøymt der. Det byrjar å surre i den. Det er to infoSekt, dei to siste ho har. Ela legg eska inn mot nanTaten ho har på brystet, rett over hjartet, og trekker lokket unna. Kjenner dei to infoSekta krype ned på huda og gå rundt som fluger før det blir stilt. Ho tar eska til sides og kikkar ned, ei er mattsvart, og ei er mørk brun. RAL6022. Den ser gammal og sliten ut. Ela lukkar auga.

#Skåne. Eg er i stor fare. Eg blei henta av volpar og tatt til Raud Sektor, dei tok blod. Eg fann døde jenter. Lilin frå dormen min. Dei drep folk i Raud Sektor. Sǐ pì yān Sarin angav meg, og eg skjelte henne ut i matsalen. No overvaker dei meg. Eg kan bli henta når som helst. Kan du stoppe dei om dei prøver å drepe meg? Viss ikkje. Ta vare på Sika. E#
Den mattsvarte gjer ho klar til Sika:
#Sika. Kvar er du? Ikkje ver redd. Eg kjem og hentar deg. På eit eller anna vis skal eg få det til. Ikkje stol på nokon. Ikkje et piller. Ela#
NanTaten hennar er ein blome, raud med svart stilk. Ho fekk den av Skåne. Det er gammal tekk, han hadde skaffa den ulovleg, men han sa aldri kor hen. Den blei smugla inn til henne. Ho la den på huda på brystet, over hjartet, og etter eit par døgn var den smelta ned i det øvste cellelaget og har knytt nanoblonder til sentralnervesystemet hennar. Dei to infoSekta byrjar summe, så tar dei av og surrar litt rundt, før dei forsvinn ned luftesjakta. Den gamle brune fyk først. Dei eldste dronane er dei beste, dei og nanTatane blei laga før den andre utryddinga, når kvaliteten på alt var jättebra. Gjenstandar frå den tida er verdt kjempemykje om ein finn slikt. Det er derfor ho har multiJúen sin i ein silkepose med broderi på, det er den finaste tingen ho eig. Og utruleg gammal. SKELETOOL er det prega inn i det matte, grå metallet. Ho blir sittande på loftet, stirer ut vindauget, ser etter blå sprekkar i alt det gråe. Tenker på hatet i auga til Sarin. Ingen svar frå Skåne.

4. ELA

Ho vaknar med eit rykk, sikker på at det står ein volPolis ved senga når ho lèt opp augnelokka. Men det er ingen der. Om ho berre hadde ei glädjepille, så ville ho ikkje bry seg om noko. Men det har ho ikkje. Når dei får pillene, tar dei dei med det same. Nokre gonger når alle har tatt pilla, dansar dei rundt på dormen. Ler så dei fell over ende i røyrsengene. Etterpå er det i fleire dagar heilt fint å berre gjere pliktene sine, totalt tankelaust. No er alt klamt og grått. I det dunkle lyset bølgar nanoteppa i sengene som driver av våt, gråkvit snø. Av og til såg dei snø gjennom glaset på háiziHemmet. Alt var så vakkert då. Alle barna stod med nasane trykte mot vindauget. Heilt stille. Eit infoSekt summar ved øyret hennar. Ho lèt det krype inntil nanTaten. Det er frå Skåne!

#Ela, du må rømme om du kan. Kvifor gjorde du dette? Kva er det du tenker på? Det er livsfarleg å la ein fèngchéng tape ansikt. Eg trur ikkje eg kan få hjelpt deg. Johansson slepper meg aldri av syne.#

• • •

Ho er trøytt og forvirra, kjenner noko ise over panna, lèt meldinga flyte gjennom hovudet ein gong til, kva er det du tenker på. Ho svarer med det same, kjenner hjartet hamre.

#Skåne! Sarin nektar meg å besøke Sika. Ho tok alt eg har spart. Du høyrde kva eg sa. Dei drep folk. Du seier at du ikkje kan hjelpe. Kva side er du på eigentleg? Eg ventar på å bli tatt no. Eg ber deg berre om ein ting. Sørg for Sika for meg. E#

• • •

Kroppen bankar alle stadene dei sparka henne. Ho stryk over all den ømme huda på armane og låra. Det kjem til å gjere mykje vondare. Dei kjem til å torturere henne, slik det går rykte om at báilǐngane i Svart Sektor gjer med kriminelle, så kjem dei til å kaste henne på kjølen. Sinnet som har halde henne i gang til no, er avløyst av ein sterk trong til å gråte, ho søkk saman, vil dra nanoteppet over hovudet og hulke høgt. Eg kjem aldri til å sjå igjen Sika. Aldri meir Skåne. Eg kjem aldri meir til å danse eller sjå på kjærleiksseriar, aldri meir skal eg ete synteple eller dim sum. Eg er ferdig. Då ho først kom til Grøn Sektor, kjendest verda kjempestor. Mest alt ho kjende frå háiziHemmet, kunne få plass berre i sovesalen i dormen. Det er tjuesju rader med senger frå hennar eiga seng til døra, og då er hennar om lag midt i rommet. Men sektorane er ikkje større enn at fèngchéngane kontrollerer kvar krik og krok. Loftet går det ikkje an å gøyme seg på, ikkje om dei leitar. Dei vil finne henne med ein gong. Det finst jo folk som lever ute, men ho kan ikkje gå ut, då fangar dei henne ved utgangen, og ein treng uansett spesialutstyr om ein skal vere ute. Frakkar og masker, slik som volpane og dei som sel ting i basarane, har. Skåne seier at det er fordi regnet etsar på huda, det svir, og om ein får for mykje på seg, blir det brannsår. Rundt henne geispar jenter
og strekker på seg, svingar seg ut av sengene sine som vanleg. Ela kjenner lydane frå mange av dei, veit kven dei er utan å sjå. Ho kjenner dei, men ikkje godt. Hadde vi vore venner, hadde dei hjelpt meg no, tenker ho. Leiinga ønsker ikkje nære vennskap. I Zeijang-Volvo er vi alle venner. Alle er venner med alle, bestevenner er illojalt mot fellesskapet. Ho ser for seg Ingmor, alltid i kvite kjolar, høghæla sko, auga ramma inn av mørk sminke. I Zeijang-Volvo elskar vi det vakre, seier Ingmor. Dei fleste jentene bruker alt dei eig på pynt. Jentene kjemmer og kjemmer, legg på pudder og kremar. Sǐ guǐ, sminkedokker, som om dei ikkje vil tenke på at dei er fangar her. Vakre slavar, er det det dei vil vere? Ho må opp, komme seg til prodbandet. Det er ikkje noko anna å gjere. Det er vondt å gå, cào tā māde. Ho legg eska til infoSekta i ei innerlomme ho har sydd i den grøne tunikaen ho bruker. Om ho blir fanga, må ho få sendt ei siste melding til Sika om at ho må vere sterk, at ho kjem til å klare seg også utan Ela. Om ein ikkje passar godt på infoSekta, fyk dei vekk for å suge straum ein plass oppunder taket, ved ei lampe eller ein koplingsboks, då er det nesten uråd å få tak i dei att. Ved baderommet kjem ei raudhåra jente ut døra. Det er ho som jobbar i kantina! Søster, kviskrar ho til Ela, smiler og gjer tommelen oppteikn. Så er ho vekk. Ela ser etter henne, høyrer lyden i øyret. Søster. Søster. Søster.

• • •

Gjennom døra til matsalen læt det vanlege surret, slafsinga og klirringa. Dei ventar rett innanfor den svingande kantinedøra. Mol lener seg mot den grøne dørkarmen, tar eit steg bakover slik at Ela blir ståande mellom henne og Ekko. Mol kviskrar når ho seier:

– Der har vi den vesle sǐ guǐ-en vår, vi trudde ikkje du torde vise deg i dag. Du angrar nok på det du sa til Sarin i går, ho er hysterisk. Du blir henta igjen, garantert. Du er berre så utruleg brent, hahaha.

Mol vrenger leppene når ho gliser, viser like mykje tannkjøtt som tenner. Det dunkar i Ela, i dei knytte nevane, i dei verkande ribbeina, bak auga, å, som det dunkar. Sinnet byrjar inst i magen og veks til eit trykk ho ikkje kan halde inne, det fossar mot Mol og Ekko. Stemma hennar er høg og rasande. I augnekroken kan ho sjå at nokre jenter har snudd seg mot dei, ser liksom svoltent på kva som skjer.

‘Ge pì. Angrar? Eg har ikkje gjort noko å angre på. Eg går på jobb, plagar ingen. Det kan ein ikkje seie om slike èrbī som dykk, ubrukelege parasittar. De er forrædarar alle saman, kvifor skal de bestemme over oss, ha betre mat enn oss? Det er vi som lagar den, som gjer alt. Og så får vi nesten ingenting. De korpar gjer ikkje anna enn å lyge og angi og svike oss søstrer. Kva rett har de til å bestemme over oss? Lakeiar. Fèngchéngar!

Ela ser rett på Mol og Ekko, ho spyttar ut det siste ordet. Ser korleis Ekko og Mol har feit hud som glinsar i den varme matosen, svarte hudormar pressar i porene ved nasen til Ekko. Dei lener seg bakover, som om dei står i eit vindkast, glor sint tilbake på Ela, men dei hånlege glisa har blitt til tørre grin.

– Rotter er betre enn dykk. Til og med blodlus er betre, de
to er mindre verdt enn drit, og Sarin er den største driten av
alle. Gǔnkāi! De er ingen søstrer, de er èrbī!

Rundt dei står flokken med jenter og kikkar, nokre ler nervøst. Ela viftar dei bort, vil ikkje dra dei inn i dette, i utkanten av flokken står smørjeapa frå dagen før, viser «flyt» med handa, tre fingrar ut i kvar si retning. Ela held blikket festa på smørjeapa og hevar stemma igjen.

– De kjem til å få svi for dette til slutt, hikstar ho fram mens ho skyv Ekko til sides, i augnekroken ser ho inn i det vantru fjeset til Mol. Smørjeapa smett forbi Ela, lett på foten som eit dyr. Idet ho passerer, stoppar ho opp ein augneblink, legg ei hand lett på armen hennar, kviskrar.

– Du er modig. Veldig modig. Men no er du svidd. Vida heiter eg. Sjå etter meg! Tjipp! Så er ho vekk. Golvet gyngar under Ela når ho går inn i kantina, ho prøver å gå med rak rygg, ser Mol og Ekko skunde seg mot fèngchéngbordet mens ho høyrer ekkoet av stemma si i hovudet; de er èrbī, èrbī, èrbī, èrbī. Ho stiller seg imatkøen, prøver å gjere seg usynleg, matsalen er så still at ein kunne høyre ei stoppskive trille over golvet, så brått høyrer ho nokon seie søster. Om og om igjen, taktfast. Fleire og fleire stemmer så heile matsalen rungar av det same ordet, søster, høyrer ho, søster. Jentene trampar i golvet mens dei roper. Søster, søster. Dei trampar som galne, ansikta gløder, som om dei har feber.

Til toppen