Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

Øksemord i vintermørkre

Intervju
24. oktober
2023
Uprisen
2024

Øksemord i vintermørkre

Tor Arve Røssland er glad i grøss. Foto: Petra J. Helgesen/Foreningen !les

Halloween er like rundt hjørnet og kva passar betre enn ein skikkeleg grøssar? Vi har intervjua forfatteren av "Blodmåne", Tor Arve Røssland.

Petra J. Helgesen / Foreningen !les
Forfatter
Blodmåne er den einaste grøssaren blandt årets ungdomsbøker, men boka er ikkje den einaste grøssaren Tor Arve Røssland har skrive. Sju av dei einogtjue bøkene hans har vore grøssarar, og han har tidlegare vore nominert til Uprisen for fire av desse.

Grøssargreven

Det er seint på kveld når vi tar bilete av Røssland i hagestua hans, og det er klart vi må ha bilete av forfattaren i ein skummel positur. Han er sjølvaste grøssargreven i uprisen-samanheng! Han har vore nominert for to av bøkene i serien om gjenferdet Svarte-Mathilda, for "Glimt", der bilete frå andre verdskrig heimsøker den eine hovudpersonen Jon, og for "Den tolvte spelaren" – eit skikkeleg fotballgrøss. I tillegg har han vore nominert for framtidsdystopien "Soledad".
– "Soledad" har jo også litt grøss i seg, ler Røssland. – Det er jo litt dreping og død der óg, og overnaturlege ting. Grøssarar er jo en sjanger som spelar på ein sånn grunnleggjande følelse som du eigentleg ikkje har lyst til å føle. Ein følelse du ikke har lyst til å ha i verkelegheita, men i ei bok eller på film så er det trygt og godt, då kan ein like å føle frykt, då har du kontroll på frykten din. Ein kan utfordre seg sjølv, spesielt med filmar, det er en test: «tørr du å sjå dette, så er du tøff».
– Men det er jo ikke alle som likar grøss heller, eg har jo ikke vunne ein einaste gong!

Forfattaren med øks. Foto: Petra J. Helgesen / Foreningen !les

Motbydeleg mat

Vi lurer på om Røssland liker å skremme folk på Halloween. – Ja, eg kan godt skremme naboane saman med barnebarnet, tilstår Røssland, – og det er jo gøy med skumle forteljingar. Eg har bursdag 30. oktober, så dei to dagane kjem jo ofte opp i kvarandre. I nokre år no har vi feira med mat som ser motbydeleg ut. Vi blandar ulike typer mat som smakar godt, men som ser heilt grusom ut, humrar han.
Skriv kanskje Røssland for å skremme seg sjølv? – Nei, eg blir sjeldan skremt av mine eigne bøker, seier han, – Men dei makabre parteringsgreiene i "Blodmåne", dei var jo litt mykje – vakumspakkemaskinar, kroppsdelar som flaksa rundt – det måtte eg tone ned, mest for min eigen del. Blir det for masse, blir det litt teit, det blir splatter. Då eg skreiv "Svarte-Mathilda" klarte eg å skremme meg sjøl, men no har eg blitt hardbarka. No lar eg meg ikkje skremme av knirkelydar frå badet medan eg skriv.

Her er eit av festmåltida til Røssland. Foto: Privat

Eit stort, tomt hotell

«For å lese denne boken må du være forberedt på drap, blod og en voldsom historie.» skriv Eline fra niendeklasse på St. Franciscus om "Blodmåne". Det er ei historie om tre tenåringsjenter aleine på høgfjellet i eit stort, tomt hotell med ein gal vaktmester i det einaste nabohuset. Boka er full av kulde og mørke, muggen lukt, urovekkande lydar og skrekkelege syner.
– "Blodmåne" var ein ide eg fekk fordi eg ville skrive ei bok som det ikkje skulle gå an å filmatisere. Det var den første tanken min: Ein plottwist som berre funkar i ei bok. Det begynte med nokre folk som observerer nokre andre litt på avstand, og så blei det plutseleg ein grøssar. Plutseleg var eg på eit hotell, og så var det ei øks, og så var det religiøs fundamentalisme oppi alt det der, ja, så blei det det blei til slutt.
– Eg skriv om ting eg synst er skummelt sjøl, røper Røssland. – Eg likar ikkje spøkelse, sjøl om eg ikkje trur på dei, så er dei det mest creepy eg veit om. Eg synst ikkje monster er skummelt, og romvesen er mindre gøy, men akkurat spøkelse det er ekkelt – for tenk om dei finst? Jentespøkelse er verst. Dei er creepy, dei, dei ser så uskuldige og snille ut, og plutselig har du ein kniv i deg eller et eller anna sånt, seier Røssland og stikk med ein imaginær kniv i lufta.

Her er bokmeldingar av Blodmåne

Blodig inspirasjon

Tor Arve Røssland har vore inspirert av ein annan forfattar og ein annan grøssar då han skreiv "Blodmåne". Stephen King skreiv "Ondskapens hotell" i 1977, og i 1980 laga Stanley Kubrick film av boka. Filmen er ein av verdast mest kjente grøssarar. Røssland og King sine forteljingar handlar ikkje om det same, men inspirasjonen er tydeleg.
– Eg stal jo namnet, Overlook, frå Stephen King. Hotellet mitt måtte heite Overblikk. Eg kom ikkje på nokre andre hotellnamn, for eg har aldri vore på høgfjellet, eg likar faktisk ikkje snø i det heile tatt, smiler forfattaren. Han legg til at øksa har han tatt frå filmen, den er ikkje med i boka til King.
Men det er alltid mykje likt når ein skriv grøss. – No var det jo ei stund sida eg hadde skrive grøss sist, så eg tenkte no kan eg bruke dei samme klisjeane igjen. De er jo der av en grunn, det er jo en grunn til at dei funker! Hovudelementa i sjangeren har jo vore omtrent uforandra sida filmmediet dukka opp. Men eg prøvar å fornya dei litt innimellom i alle fall.
Du kan sjølv sjå om han har fått det til. Det er berre å lese!

"The Shining" er ei bok og ein film. Det store hotellet i denne fortellinga liknar mykje på Overblikk i "Blodmåne".

Les også