Opplegg til Abnormium


FØR: 

– Finn ordet abnorm i ei ordbok, kva betyr det? Les definisjonen, skriv ned nokre stikkord med eigne ord og prøv å forklare det til ein medelev.    

– Kva trur du bygninga på forsida av boka er? Kva får deg til å tru dette? 

– Kva slags stemning synest du forsida reflekterer? 

– Dette er ein fantasyroman. Kva er typisk for denne sjangaren? Likar du sjangaren? Kvifor/kvifor ikkje?  Har du lese andre bøker i same sjangar?

– Les ingressen: Kvifor trur du Athea blir låst inne kvar kveld? 

– Kva er ein internatskule? Finst det eit anna ord for ein slik type skule? Kvifor trur du det finst slike skuler? I kva slags andre land finst det internatskuler, og finst dei i Noreg i dag?  

– Veit du om andre fortellingar der hovudpersonen bur på ein internatskule? Kva slags moglegheiter gir dette fortellinga? 

UNDER: 

– Noter stikkord for Mikkel sin oppførsel medan du les.  

 ETTER: 

– Kva inntrykk får du av Mikkel, har han gode eller onde hensiktar? Bruk blant anna stikkorda du laga i forrige oppgåve for å grunngje synspunkta dine. 

– Kvifor vil ikkje mora til Athea gå inn på skulen, tror du? 

– Korleis tenker du omgivelsene der fortellinga utspiller seg ser ut? Lag ein teikning eller skriv en halv sides beskrivelse.

– Kva er ein protagonist og ein antagonist i ei fortelling? Slå opp og skriv ei forklaring. Trur du vi i dette utdraget har møtt antagonisten i denne fortellinga? Grunngje meiningane dine. 

– I slutten av utdraget seier Mikkel skolens slagord “Norma blomstrar der abnormiteten har plass” Kva betyr dette og kvifor seier han det akkurat då? 

– Har skulen din eit slagord? Kva er dette, og kva betyr det eigentleg? Kvifor har man slagord? 

– Finn på eit slagord for klasse di. 

– Boka blei av ungdom nominert til Uprisen – årets ungdomsbok i 2022. Les bokmeldingar her. – Er du einig? Kvifor trur du boka blei nominert til prisen?

Individuell skriveoppgåve: 

– Tenk deg at du kunne gå inn i fortellinga og vere Athea: korleis ville du reagert på å bli send på internatskule og på at ein person smelta foran deg? Skriv ei halv side om kvar situasjon og prøv å bruke mange adjektiv. 

Paroppgåve: 

– Finn på nye ord: Brett eitt A4-ark i to på langs. Legg arket på bordet med bretten mot høgre.
– Skriv ned så mange substantiv du klarar på eitt minutt. Orda må stå under kvarandre langs bretten.
– Deretter legg du arket med skriften ned og byttar med ein medelev. Pass på at arket er riktig veg og at de ikkje ser kvarandre sine ord.
– På arket frå medeleven din skal du skrive nye substantiv, så mange du klarar på eitt minutt. Orda skal stå under kvarandre heilt inntil venstre side av arket. Når de har skrive ferdig, sett du deg sammen med personen du bytta ark med.
– Brett opp begge arka og les dei nye orda for kvarandre. Plukk ut eitt ord de vil jobbe vidare med. No skal de lage definisjonen. Kva er dette for noko? Kva kan ein bruke det til?
– Etter 15-20 minuttar skal de presentere det nye ordet for resten av klassa.
 

 

Kompetansemål:

Norsk

– Lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler.

– Sammenligne og tolke romaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid.

– Utforske og reflektere over hvordan tekster framstiller unges livssituasjon.

– Bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer.

– Informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium.