Opplegg til Aleksander den store

FØR:

Klassesamtale.

Boka har tema mobbing.
– Kva tenker dokker når de høyrer ordet mobbing?
– Kva forventing har dokker til ei bok med eit slikt tema?
– Veit dokker om andre bøker eller filmar som tek for seg eit slikt tema?
– Kva trur dokker ligg i tittelen, Aleksander den store?
– Kva synest dokker om omslaget?
– Kva trur dokker har skjedd mellom Aleksander og David?

UNDERVEGS:

Sitatlogg
Elevane vel ein eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan til dømes vere fordi setningane er:
– ei god skildring
– skriven slik at stemninga i utdraget kjem tydeleg fram
– overraskande

Be elevane lese høgt det beste sitatet i par og/eller i klassa.

 

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i klassa
Klassesamtale.

Gi elevane moglegheit til å ta opp ting de lurte på då dei las.

Var det nokon vanskelege ord i teksten?

2. «Stille lesesirkel»
Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3–4 som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel kor dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Gi kvar elev eit ark. Dei noterer namnet sitt øvst i venstre marg og skriv «Hei» øvst på sida. Elevane får 1–2 minutt på å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, følelsar, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sitt der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, helde fram tankerekka, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang e ny tankerekke.

Etter tre rundar kjem arket tilbake til eleven som begynte å skrive på det. Vedkommande les tekstane og sett strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/hun har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av de utvala setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.


3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.

Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kor stor grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Sørg for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever dei at leseopplevinga blir høyrt og tatt på alvor.

Ev. kan også eitt eller fleire av følgande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slags inntrykk får dokker av Aleksander?
– Korleis ser han på seg sjølve?
– Korleis trur dokker han ønskjer å vere?
– Kva med mora og faren hans, kva slags inntrykk får dokker av dei?
– Korleis vil dokker beskrive forhaldet mellom Aleksander og faren?

– Er det nokon av desse setningane du synest beskriv forhaldet mellom Aleksander og faren på ein god måte?
a) «Utestengd ut skuleåret. Og utgreiing hjå spesialistar etter sommaren».
b) «Så, så, okay. Det var eit uhell. Dokker slost, og det gjekk for langt. Eg skjønar det. Det seier alle som såg på òg, og rektor veit kva David har gjort mot deg dei siste åra. Det kjem til å gå fint.»
c)« «Alt går seg til. Me kjem til å dra til Noreg som planlagt, og så blir alt som det skal vera».»
Begrunn svaret.

– Korleis engasjerer mora til Aleksander seg i det som har skjedd?
– Kva synest dokker om Aleksander? Liker dokker han? Kvifor/kvifor ikkje?
– Korleis trur dokker det går med David?
– Var det Aleksander gjorde mot David riktig sjølv om David mobba han?
– Kva betyr det at Aleksander må til utgreeing hjå spesialistar etter sommaren?
– Trur dokker det vil hjelpe Aleksander? Kvifor/kvifor ikkje?
– Er det andre ting som kan hjelpe Aleksander i å ikkje bli så sint?
– Kva ville dokker ha gjort?
– Kva trur dokker skjer vidare?


4. Vurdering og avstemming
Klassesamtale.

Når dokker har snakka om teksten, kan dokker vurdere utdraget ved å spørje:

– Likar vi teksten? Kvifor/kvifor ikkje?
– Er det ein viktig tekst? Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta har ei grunngjeving. Det er dessutan av stor betyding at rammane er hyggelege, og at elevane får seie si meining. Det er lov å like og lov å mislike utdraga i tXt-antologien, men det er fint viss dokker seie kvifor dokker like eller ikkje like utdrag.

Legg igjen tilbakemeldingar under Våre meninger om utdraget på txt.no.

Ekstraoppgåver:
1. Skriv vidare på utdraget. Kva skjer når Aleksander og familien flyttar til Noreg?

2. Skriv vidare korleis det går med David.

3. Lag ei ny forside til boka.
Kva motiv og fargar synest du passar til utdraget du no har lese? Kva slags stemning ønskjer du å få frem? Korleis vil du nå fram til lesaren?