Opplegg til Bergtatt

FØR:

Klassesamtale

Be elevane sjå på framsida og snakk om kva de ser.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?
– Kva synest de om tittelen Bergtatt?
– Kva førestiller de dykk at ei bok med denne tittelen handlar om?

Sjangeren er grøss.
– Kva slags samanheng ser de mellom sjanger og tittel?
– Kva slags forventningar har de til ei grøssar?
– Og kva slags forventningar har de til utdraget frå Bergtatt?

De kan òg førebu lesinga gjennom å snakke om nokre av desse orda: vetter og troll, trugande, synsranda, andletet, rørslene, ei open grue, augo, rotvelte, kvapp, Oskeladden, hovudet.

UNDERVEGS:

Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

– avsnitt som er spennande eller skumle
– setningar og formuleringar dei likar/ikkje likar


ETTER:

1. Snakk om utdraget i grupper
Gruppearbeid.

La elevane sitte i grupper på 4 og ha ein samtale med utgangspunkt i følgjande spørsmål:

– Kva for avsnitt synest de er mest spennande? Er de einige?
– Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
– Kva for setningar/formuleringar valde de å framheve under lesinga? Valde de dei same eller ulike setningar/formuleringar?
– Kvifor valde de nett desse uttrykka?

Boka er såkalla lettlesen.
– Er de einige i at ho er det?
– Korleis oppfattar de teksten?


2. Vurdering
Grupper på 4–5 elevar.

La deretter elevane ta stilling til utdraget:

– Likar de utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at de likar/ikkje likar teksten?

La elevane snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
Be elevane lage to lister: ei liste over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og ei liste over ting som dei meiner dreg ned kvaliteten på utdraget (argument mot).

Oppmod elevane til å skrive så mange fordelar og ulemper som dei greier.

3. Debatt i grupper à 4–5 elevar
Gruppesamtale.

Del gruppene frå oppgåve 2 i to. Den eine halvparten tar lista med argument for og den andre med argument mot. Elevane med argument for vert sette saman med ei anna gruppe med argument mot. Fyrstnemnde skal argumentere for at teksten er god, sistnemnde skal argumentere mot. Køyr debatt!


4. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får de av Leo?
– Kor gammal trur de han er?
– Korleis vil de beskrive plassen der handlinga skjer?
– Kva er det med Lily – kvifor trur de ho har ein slik påverknad på Leo?
– Kvifor trur de Lily får panikk og ber Leo om å gå?
– Korleis vil de beskrive den høge mannen som Leo såg? Kan du lage ei teikning av han?
–  Kva trur de mannen meiner når han seier: «Du har han på kroken, kvifor gjer du deg ikkje ferdig og kjem heim?»
– Synest de Lily verkar skummel? Kvifor/kvifor ikkje?
– Trur de Leo er redd for ho? Grunngi svaret.
– Er det andre ting de legg merke til?
– Trur de det kan vere noko han har innbilt seg?
– Trur de han kjem til å seie ifrå om det han har sett?
– Kva ville de gjort viss de var Leo?
– Trur de at han kjem att til hytta der Lily bur?
– Kva trur de teksten eigentleg dreier seg om?
– Kva trur de kjem til å skje i resten av boka?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Bergtatt er. Kjem de til å tenke på andre bøker, filmar osv.? Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boka?

5. Vurdering

Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassa med tanke på å kome fram til ei felles vurdering:

– Likar de utdraget frå Bergtatt?
– Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei. Legg gjerne att klassens meining i boksen «Læraren si vurdering» under utdraget.