Opplegg til OMG

FØR:

Sjå på framsida, tittel og ingress og snakk om kva du forventar av utdraget.

Samtalen kan bli meir konkret med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva kjenner de igjen på framsida?
– Kva tyder OMG?
– Kva slags tankar får de av motiv og farge-bruk?
– Kjem de i ei bestemt stemning når de ser på framsida?
– Veit de om andre bøker som forfattaren har skrive?
– Trur de at de kjem til å like teksten? Kvifor/kvifor ikkje?


UNDERVEGS:

Be elevane markere i teksten medan dei les. Det kan vere:

– Noko de er einige eller ueinige i
– Noko de likar eller mislikar
– Noko de legg særleg merke til.

ETTER:

1. Personleg meining
Individuelt arbeid.

Be elevane ta stilling til utdraget:

– Liker de utdraget?
– Kva er dei tre viktigaste grunnane til at de likar/mislikar teksten?

2. Finn argument
Gruppesamtale.

Elevane jobbar i grupper på 4-5 elever. Be dei snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre. Lag to lister: ei over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og ei over ting som trekkjer ned (argument mot).

Be elevane skrive så mange fordelar og ulemper dei klarar.

3. Debatt i grupper à 4-5 elevar
Gruppesamtale.

Del gruppene frå oppgåve 2 i to. Den eine halvparten tek lista med argument for og den andre med argument mot. Elevane med argument for set seg saman med ei anna gruppe med argument mot. Første skal argumentere for at teksten er god, siste skal argumentere mot. Køyr debatt!

4. Streken/samtale

Velg mellom A: Streken og B: Litterær samtale med forslag til spørsmål:

a. Streken
Debatt i heil klasse.

Hensikta med denne metoden er å få fram ulike meiningar og gode diskusjonar i klasserommet.

Marker ein strek i klasserommet med teip, bøker, ved å peike eller på ein anna måte. ‘Streken’ er ein einig/ueinig-akse. Læraren framsett påstandar, klassa diskuterer og elevane plasserer seg til høgre eller venstre for streken avhengig av om dei er einige eller ueinige. Det kan vere ein god idé å teste at elevane har forstått opplegget før klassa set i gong. Begynn til dømes med å seie: «Eg har bada i sommar» og be elevane plassere seg etter om dei er einige eller ueinige. Dei fleste vil være einige. Framset deretter ein påstand som er egna til å få fram ulike synspunkt, til dømes: «Eg gler meg til vinteren». Her er nok meiningane meir delte, og elevane vil fordele seg på kvar sin side av streken og forstå korleis avstemminga fungerer.

Set deretter i gong med ein klassediskusjon der teksten blir diskutert på bakgrunn av påstandar frå læraren. Læraren kan samle inn lister med argument frå gruppene (jf. over), modellere bruken av setningane frå ‘mi leseoppleving’ eller finne på påstandar sjølv.

Klassa diskuterer synspunkt, og når det har kome fram argument for og mot, plasserer elevane seg ut i frå om dei er einige eller ueinige i påstanden. Eventuelt kan einig/ueinig bli gradert slik at dei som er veldig ueinige plasserer seg nærast rekkja ved vindauget, dei som er veldig einige plasserer seg heilt inn til veggen osv.

Eller du kan dele klasserommet inn i 4: veldig einig, einig, ueinig, veldig ueinig osv. Deretter set de fram eit nytt synspunkt som klassa diskuterer. Læraren kan aktivisere elevane på forskjellege måtar, til dømes ved å la elevane plassere seg rett etter at eit nytt synspunkt er lansert.

Etter diskusjonen kan elvane få plassere seg på nytt, noko som vil kunne få fram korleis ein diskusjon med gode argument kan vere med på å påverke elevane si oppfatning. Viss mange av elevane plasserer seg på same side kan læraren trekkje dei inn i diskusjonen på følgande måte: læraren ser at det er færre på den eine av sida av streken og gir derfor ordet til ein eller fleire av dei elevane som er på den sida der det er færrast elevar, og ber dem forklare kvifor dei er einige/ueinige.

Læraren kan då velje ut dei som av erfaring er gode til å tale for seg, leggje til sine eigne, gode argument eller liknande.

Når debatten er ferdig, blir elevane bede om å ta ei endeleg plassering ut i frå kva dei meiner om teksten. Læraren spør no: «Utdraget frå OMG er ein god tekst – einig eller ueinig?»

b. Litterær samtale
Klassesamtale.

Alternativt kan de gjennomføre ein litterær samtale, til dømes med utgangspunkt i følgande spørsmål:

– Kvifor blei Maria køyrt heim av politiet?
– Kvifor trur de at mora til Maria ikkje orkar å ha ho heime lenger?
– Kva slags inntrykk får de av Maria?
– Er det trekk ved ho som de kjenner dykk igjen i?
– Kva med venane hennar?
– Kva synes de om mora? Grunngi svaret.
– Kvifor reagerer Maria slik ho gjer når mora prøver å snakke til ho?
– Kvifor tek mora mobilen ifrå Maria?
– Har de opplevd dette sjølv? Kva skjedde då? Kva gjorde de då?
– Kvifor trur Maria at mora vil bli kvitt ho?
– Kva trur de skjer vidare i boka?
– Likte de utdraget? Fortel kva de likar/ikkje likar.
– Kva meiner de forfattaren kunne gjord for å gjere teksten enda betre?

 

Skriveoppgåver:

1. Les heile boka og skriv ei bokmelding.

Du finn tips til å skrive melding her: https://uprisen.no/laerersider/hvordan-skrive-en-anmeldelse/

2. Skriv ein indre monolog der du er Maria.
Kva tenkjer du? Kvifor er du så sinna? Kva skjedde eigentleg på festen? Kvifor vil du ikkje høyre på mora di? Skriv det du trur Maria eigentleg tenkjer.

3. Skriv vidare på historia der Maria har kome fram til farmora. Kva skjer då?