Opplegg til Ser du dette?

FØR:

Lærar finn fram antologien og les ingressen høgt for klassen.

NB! I dette opplegget er det meininga at elevane berre skal lytte til teksten – først til ingressen og deretter til utdraget. Dei skal korkje lese eller sjå på framsida og skal altså ikkje ha antologien framfor seg. Framsida vert del av diskusjonen mot slutten av opplegget.

Snakk om ingressen:
– Kva slags «tragisk hending» trur de det kan vere snakk om?
– Korleis trur de det er å starte på ein ny skole med ei tragisk hending i bagasjen?
– Korleis trur de det pregar Anna når hun møter rektoren og den nye klassa si for første gang?

Når de har snakka om ingressen, kan de lytte til lydfila som ligg på txt.no.

UNDERVEIS:

Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Ser du dette?
Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.


ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Jamføre samandrag
Gruppesamtale.

Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive: Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre ved å lytte?

3. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale

La først elevane dele erfaringane med å skrive og samanlikne samandrag. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får de av Anna?
– Veit de nå kva som har skjedd med ho?
– Trur de rektor forstår situasjonen til Anna? Grunngi svaret.
– Korleis trur de det er å gå inn i den nye klassen?
– Korleis kjem det fram i teksten at Anna synest situasjonen er ubehageleg?
– Korleis synest de ho blir teke imot – av læraren og elevane?
– Kva slags inntrykk får de av Tina? Trur de Anna kan stole på ho?
– Trur de dei andre i klassen skjønar at Anna skjuler noko?
– Synest de ho burde gjere fortelje kva som har skjedd? Kvifor/kvifor ikkje?

Anna får råd av ein psykolog.
– Kva synest de om desse råda?
– I kva grad trur de desse råda kan hjelpe Anna med å meistre situasjonen ho er i?
– Kva slags råd ville de gitt til Anna?

Finn fram forsida til boka og la elevane sjå på omslaget.
– Kva legg de merke til?
– Har omslaget noko å seie for korleis de forstår teksten? Grunngi svaret.

– Kva trur de skjer vidare i boka?
– Vil de lese meir? Kvifor/kvifor ikkje?

Avslutt med å la elevane vurdere teksten.
Be dei la seg inspirere av modellen til psykologen ved å skrive tre ting med teksten som er bra med utdraget og tre ting som kunne vore betre.
La først elevane gjere oppgåva individuelt og deretter dele svara i par eller firergrupper.
Til slutt kan de samanlikne vurderingane i heil klasse: Er de einige?

Skriveoppgåver:

1. Skriv vidare på utdraget
Kva trur du skjer vidare? Korleis går det med Anna?

2. Skriv utdraget frå synsvinkelen til ein av elevane i klassa til Anna.
Kva tenkjer han/ho om den nye eleven? Kva gjer han/ho for å bli kjende med Anna?

3. Les heile boka og skriv ei bokmelding på uprisen.no
Du finner tips til å skrive bokmeldingar her:
https://uprisen.no/laerersider/hvordan-skrive-en-anmeldelse/