Opplegg til Smadra

FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag og tittel og snakk om forventningar til utdraget.
Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser dokker på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva for ei stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk? Kva er det som gjer at dokker får den kjensla?

– Kva synest de om tittelen, Smadra?
– Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?

Teksten er lettlese og har mellom anna fått plass på 100-lista til Leser søker bok – ei liste over dei beste og lettaste bøkene som er gitt ut dei siste åra.

UNDERVEGS:

Be elevane notere stikkord til teksten medan dei les, ev. med utgangspunkt i følgjande:

– noko som gjer inntrykk på dei
– inntrykk av eg-forteljaren
– stader der dei kjenner at det ligg noko mellom linjene i teksten

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

2. «Stille lesesirkel»
Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.

Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva synest dokker om det første avsnittet (frå: «Ho slår» til «La meg vere i fred»)?
– Kva slags effekt har dei korte setningane?
– Kva slags inntrykk får dokker av Oda?
– Kva slags inntrykk får dokker av Milad?
– Korleis trur dokker at mora til Oda ser ut?
– Kvifor trur dokker at Oda seier at ho har ramla på sykkelen?
– Kva trur dokker Milad tenkjer?
– Kva trur dokker Oda meiner når det står: «Eg tenker at Milad kjenner meg godt»?
– Korleis trur dokker det er å vere Oda?
– Kva trur dokker ho gruar seg mest til?
– Og når trur dokker ho har det best?
– Korleis vil dokker beskrive bakgrunnen til Milad?
– Kva trur dokker denne bakgrunnen har å seie for venskapen til dei to?
– Kva trur dokker læraren til Oda, Hanne, tenkjer?
– Kvifor trur dokker at Oda korkje vil vere med moren sin på butikken eller bli med heim?
– Kvifor slår mora til Oda, ifølgje dokker?
– Kva slags forventingar har dokker til kva som skjer vidare i forteljinga om Oda og Milad?

4. Vurdering av utdraget:

– Likte dokker utdraget? Kva likte dokker og kva likte dokker ikkje?

Snakk saman i klassen, og noter ned nokre meiningar. Dokker kan òg gå inn på uprisen.no og laste opp ei melding av boka.

Skriveoppgåver:
1. Les heile boka og skriv ei melding. Last opp meldinga på uprisen.no.
2. Sjå for deg at du er Oda og skriv eit brev der du fortel kor vanskeleg du har det. Vel til dømes Milad, pappa, helsesøster eller lærar Hanne som mottakar.

Aktuelle kompetansemål:
– lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger
– samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering
– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon

Anvendt litteratur:
Harvey A. Daniels og Elaine Daniels (2013). The Best-Kept Teaching Secret, Corwin