Opplegg til Svarttrasta syng om natta

FØR:

1. Påstandsark
Individuelt arbeid.

Del ut ark med påstandar til diskusjon (sjå ev. ark til utdeling her)

Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor.

Påstandar:

– Alle endrar seg når dei begynner på vidaregåande skule
– Mange må flytte på seg for å gå på vidaregåande skule
– Du blir kjend med nye folk som har same interesser som deg
– Det er viktig å ikkje ha fordommar når ein møter nye folk
– Alle har eit ansvar for at alle føler seg inkludert
– Gode vener skjønar når noko er gale
– Vener treng iblant ein pause frå kvarandre
– Ein treng berre ein besteven
– Å vere glad i nokon er noko anna enn å vere forelska i nokon
– Du kan bli forelska i ein ven
– Å bli forelska i ein ven kan øydeleggje venskapet

Etter det individuelle arbeidet kan elevane eventuelt få diskutere meininga i små grupper på fire elevar for å førebu klassesamtalen i punktet under.

2. Påstandar i heil klasse
Klassesamtale.

Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngjev synspunkta sine.

UNDERVEGS:

– Finn og marker dei stadane i utdraget der påstandane dukkar opp.

Legg òg merke til om det blir gjeve ei grunngjeving i teksten.

– Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

 

ETTER:

1. Samtale om påstandar etter lesing
Klassesamtale.

Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining.

Be elevane dele tankane sine.

– Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

2. Samtale om utdraget
Klassesamtale.

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

Vi tilrår at litterære samtalar tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

Begynn gjerne med spørsmål som:

– Kva handla dette om? Eller
– Kva skjedde her?

Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva er forskjellen på Edith og Martha?
– Kvifor trur de at Edith er så sint og lei, og Martha inkluderande og sosial?
– Kva trur de Edith eigentleg synest om Martha og omvendt? Grunngje svaret.
– Kvifor følgjer ikkje Edith heilt med når de skal presentere kvarandre?
– Kva hadde de gjort om de hadde vore i same situasjon?
– Korleis trur de venskapet mellom Edith og Martha utviklar seg?
– Kva trur de skjer vidare i forteljinga?


Ekstraoppgåver:

1. Skriv scenen slik Martha opplever ho.

2. Skriv ei bokmelding
Les heile boka og skriv bokmelding på Uprisen.no. Då kan du vere med på å bestemme kva slags bøker som skal bli nominert til Uprisen – årets ungdomsbok.