Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Arrfjes

I 1812 er kanonbåtkrigen med England på sitt hardaste, og Ejner Tevig på tretten år får ein tøff jobb som førstereisgut på den norske skuta, «Haabet». Men situasjonen går snart frå vondt til verre.

Terje Torkildsen Samlaget 2015


 

 

Sundag 12. april 1812, kl. 9 morgon.
N59°39’ A2°8’

EJNER SKRIK SOM ein nygjelda gris. Sparket frå den jernslåtte støvelen er så hardt at han nesten lettar frå dørken.
– Kom deg opp, pokkertryne! brøler ei grautete stemme. – Kapteinen vil snakka med deg.
Ejner vrir seg rundt på ryggen og ser opp i det skjeggete og tannlause fjeset til båtsmann Smith.
– Er du døv, gut? Kom deg opp! sa eg. – Kaptein Nygaard vil snakka med deg!
Ejner klynkar og gnir seg på hofta. Den brutale båtsmannen løftar høgrefoten for å gi dekksguten på dørken eit nytt spark, men Ejner klarer å rulla seg unna eit halvt sekund før støvelen treffer han i magen. Han kjem seg på føtene og står samankrøkt og støttar seg til det grove, våte treverket i skuteveggen. Magen er heilt tom, og det mørke håret er limt fast til kinnet med spy.
– Og etterpå kjem du ned hit og vaskar opp etter deg.
Forstått?
Ejner nikkar.
– Forstått? Spyttspruten står ut av den tannlause kjeften hans.
– Ja, seier Ejner så høgt han klarer med den spede, utspyddestemma si.
Båtsmann Smith forsvinn ut på dekk. Ejner ventar ei litastund før han diltar etter. Det verste uvêret ser ut til å ha gitt seg,men han må likevel konsentrera seg for å unngå å gå på trynet.
Det er god bør, og alle dei gulkvite segla bular i mastene. Deter ikkje mange famnane frå den våte, mørke kahytta i baugen,der dekksgutane ligg, over til kapteinslugaren i akterstomnen,men det går likevel seint med Ejner. Han haltar og har spy ihalsen. Ejner går langs relinga på styrbord side, slik at han kanhalda seg fast i det kraftige rekkverket som skil skipsdekket fråstorhavet. Møta mellom skutebaugen og dei grove bølgjenesender våt sjøsprøyt over den raude topplua og ned i nakken på han. Ejner ser difor ut som han har vore kjølhalt når han kjem inn til kapteinen, men mesteparten av spyet er i det minste vekke frå fjeset og luggen. Kaptein Nygaard står med ryggen til døra og støttar hendene mot eit stort bord midt i rommet. Han har breibremma hatt og kjøpeklede. Den svarte
kapteinsfrakken har sølvknappar på lommene og broderi på kragen. Han studerer eit kart i skinet frå ei kvaloljelampe.
Dei fire kuauga på veggen blir jamleg overrisla med sjøvatn og sender ikkje mykje sollys inn i lugaren denne morgonen.
Dekksguten er fersk, men han kjenner plassen sin. Han blir difor ståande ei lita stund utan å seia noko. Kaptein Nygaard fortset å studera kartet. Ejner kremtar svakt, og kapteinen snur seg så brått at han skvett.
– Kva er det du vil? Har du ikkje lært at du skal banka på? spør kapteinen med grov stemme.
– Eh … Eg fekk beskjed om å komma …
Nygaard ser ikkje så veldig gamal ut, til kaptein å vera.

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 11-19.

Her er forfatterens hjemmeside.

Boktips:

Aslak Dørum: En flåte av gull
Olav Såtvedt: Svart gull
Bjarne Reuter: Prins Faisals ring
Daniel Defoe: Robinson Crusoe
Michael Morpurgo: Kensukes rike
Jules Verne: Den hemmelighetsfulle øya

Les anmeldelsene som ungdom skrev på uprisen.no her.

Diskuter boka med andre ungdommer på ubok.no. 

Arrfjes var månedens bok på ubok.no. Les mer om det her.

Filmtips: 

Her er en filmsnutt hvor Terje Torkildsen blir intervjuet etter at han vant Uprisen i 2012 for boka Dystopia 3. 

 

Til toppen