Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Bergtatt

Leo startar i ny klasse og blir heilt oppslukt i ei jente som heiter Lily. Men kven er ho, og kvifor har ho ein slik påverknad på han?

Selma Lønning Aarø Samlaget 2020



Det var mørkt, likevel valde Leo snarvegen gjennom skogen.
Han tenkte på turane med Besta då han var liten.
Sjølv når ho fortalde om vetter og troll og folk i underverda,
blei han ikkje skremt. Men no verka skogen trugande.
Historiene til Besta heimsøkte han på underleg vis.

Brått knakk ein kvist og ein skugge rørte seg i synsranda.
Leo stoppa opp. Det var heilt stille.
Så dum han var. Sjølvsagt var det ingen her.
Berre ein lett vind som suste gjennom trekronene.

Det var ikkje lenge til han var heime no.
Han gjekk raskare utan å villa det.
Slapp av, sa han til seg sjølv.
Men han høyrde verkeleg kvistar som knakk.
Vinden bles så rart. Han kjendest som hender nedover nakken.
Leo torde ikkje snu seg, han auka berre tempoet og ville ut av skogen så raskt som råd.
Han høyrde ei blafring, som frå ein teltduk som bukta seg i vinden.
No hjelpte det ikkje lenger å tenka fornuftige tankar.
Leo la på sprang medan greiner piska han i andletet.
Og han høyrde lyden av føter. Føter som sprang fortare enn han.

Så kjende han ei hand på skuldra og ein varm pust i nakken.
Han saktna farten, stoppa heilt opp. Nokon la hendene sine over
augo hans.
Hjarta ville ut av brystet. Leo berre lukka augo og venta.
Han hadde uansett tapt.
– Hei, nye gut! Stemma var mjuk og djup.
Det var Lilly. Blafrelyden kom frå det lange skjørtet hennar.
Det forstod han no.

– Kva driv du med? Han reiv seg irritert laus.
Prøvde å svelgja unna kvalmen som brått var der igjen.
– Eg meinte ikkje å skremma deg, sa ho stille.
– Men det gjorde du!
Lilly lo.
– Kom, så skal eg visa deg noko, kviskra ho.
Ho tok han i armen og drog han med seg. Han vegra seg først,
men så følgde han etter.
Dei voggande rørslene hennar gjorde han svimmel.
Som om han blei hypnotisert.

Lilly tok seg lett fram i mørket,
som om ho kjende kvar stein og rot i blinde.
Føtene hennar dansa bortetter stien,
Det gjekk over stokk og stein.
Og det gjekk fort.

Han ville aldri finna vegen heim åleine no, tenkte Leo.
– Ta-da! sa Lilly og slo ut med armane.
Ho stansa i ein lysning.
Månen kom fram, og Leo såg litt betre.

Mellom trea låg ei gamal, hytte, såg han no.
Hytta var lita og skakk.
I vindauga stod det eit stearinlys og brann.
– Kom! Lilly vifta han ivrig med.
Han måtte bøya seg då han gjekk inn den låge døra.
Inne var det tregolv, ein madrass og ei bokhylle,
og i hjørnet låg det ein haug med klede.
Han såg eit stort trebord og ein krakk,
og på bordet låg skulebøkene hennar,
I eit hjørne sto ei bøtte med vatn, nokre koppar og kar,
og midt i hytta ei open grue.

– Bur du her? stotra han.
– Både ja og nei.
Ingenting med Lilly skulle vera enkelt.
Både ja og nei. Kva skulle det bety?
Ho seig ned på madrassen.
– Set deg!
Ho klappa på plassen som om han var ein hund.
Rommet dansa framfor augo hans.
Han sette seg. Lukka augo. Drøymde han?

Då han opna augo att, sat ho framleis der
i det blafrande lyset. Dei grøne augo var djupe
brønnar som drog han til seg.
– Har du vore saman med ei jente før?
– Saman?
Leo merka sjølv kor teit han høyrdest ut.
– Du veit kva eg meiner! sa Lilly.
Det visste han godt. Han berre rista på hovudet.

Forsiktig let han handa gli nedover ryggen hennar.
Det prikka under fingertuppane.
Han hadde lengta etter å gjera akkurat dette,
heilt sidan første gongen han såg henne.
Han hadde aldri vore verkeleg forelska før,
kjenslene han hadde for Lilly, var nye.
Alt han ville, var å vera nær henne, å røra henne.

Ho stoppa han ikkje. Leo fekk ta på henne,
undersøka henne, som om ho var frå ei anna verd.
Huda hennar var så silkemjuk, det dunka i han,
og han syntest det dunka i henne òg.
Brått hadde han hovudet i halsgropa hennar.
Det lukta skog. Slik det lukta etter ei kraftig
regnskur, som våt mose.

No var handa hans ved skjørtelinninga.
Hendene hans skalv lett.
Han hadde aldri tatt på ei jente slik før.
Kyssa, det hadde han,
men aldri rørt ved nokon slik.
– Nei!
Lilly reiste seg plutseleg,
som om ho hadde brent seg.
– Du må ikkje røra meg. Høyrer du?

Hadde han gjort noko gale?
Hadde ikkje ho også vore med på det?
Hadde ho ikkje lurt han med inn i skogen?
Sett på han med det ertande, uimotståelege blikket.
– Eg … eg trudde det var dette du ville,
stamma han.
– Jo, eg vil. Men det går ikkje, sa ho.
Plutseleg snakka ho til han som om han var eit barn.

Han trekte hendene til seg
og grov dei ned i lommene.
Så dei ikkje skulle finna på å stryka henne.
Dei kunne godt finna på det, hendene hans.
Han klarte ikkje ta augo bort frå halsen hennar,
der ei blodåre dunka raskt. Ho trekte pusten djupt
før ho nærast dytta han ut av hytta.
– Du må gå. Du må gå no med ein gong!

NB! På grunn av rettigheiter har vi sletta deler av utdraget og lydfila.

Til toppen