Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Den svartkledde jenta

A. Audhild Solberg Samlaget 2019

1

– Her, sa Leo.
– Sprit hjelper mot kulde.

Eg tok imot flaska, skrudde av korken og tok ein slurk.
Eg hadde stått ute og venta på Leo i eit kvarter,
i ti minusgrader, utan lue eller skjerf.
Eg var så kald at eg rista.

– Drikk så mykje du vil, sa Leo.
– Eg har meir heime.

Han rygga ut frå parkeringa ved kyrkja.
Det var alltid her han henta meg, i den gamle,
brune Volvoen sin.
Det var sjeldan folk ved kyrkja seint på kvelden.
Liten risiko for at nokon såg meg og sladra til
mamma og pappa.
Dei ville ikkje at eg skulle treffe gutar.
Ikkje før eg fylte seksten.

Leo svinga av hovudvegen
og tok inn på ein smal skogsveg.
Det var midt i februar, snøen låg framleis overalt.
Grantrea var kvite i toppane, vegen frosen og blank.
Det tynne islaget glitra i lyset frå frontlyktene.

– Korleis går det, Hanna? sa Leo.
– Får du varmen i deg?
Han la handa på kneet mitt og blunka mot meg.
– Om ikkje spriten hjelper,
veit eg om ein annan måte.
Det er god plass i baksetet, veit du.

Eg tok ein slurk av flaska.
– Det går bra.

Snart opna landskapet seg,
grantrea stod meir spreidd.
Vi nærma oss elva.
Berre det ikkje var glatt på brua.
Den var ikkje lang, men så smal at
berre éin bil kunne køyre over om gongen.
Rekkverket var dessutan rotent
og fallet ned til elva høgt.

Mista Leo kontrollen på bilen her,
styrta vi rett ned i djupet.
Eg lukka auga.
Opna dei ikkje før vi var over brua.

På andre sida av elva tjukna skogen.
Grantrea hang over vegen,
det var som å køyre i ein tunnel.
Eg dukka ned i setet.
Brått kjentest det som det var nokon der ute.
Nokon som følgde med på oss.

Eg såg fyrst ut igjen da vi passerte prestegarden.
Den låg i skogbrynet innmed vegen og
bestod av eit stort, kvitt hus og eit falleferdig fjøs.
Før i tida budde presten i bygda her.
Nå minte huset meir om eit spøkelseshus.
Kvitmålinga skala av, vindaugsrutene var knuste og –

Kva var det?
Eg syntest ei gardin rørte på seg i andre etasje.
Var det nokon der inne?

– Hanna?

Eg skvatt til.
– Kva er det? sa Leo.

– I-i-ingenting, sa eg.

Eg sette spritflaska for munnen igjen.
Eg måtte ha innbilt meg det.
Prestegarden hadde stått tom i årevis.

– Forresten, sa Leo.
– Er det greitt at du går heim i kveld?

Eg svelgde.
Skogsvegen var opplyst.
Men det var langt mellom lyktestolpane
og tett skog mesteparten av vegen.

– Du er ikkje mørkredd, vel?
Leo snudde seg mot meg.
Ansiktet sprakk opp i eit flir.

– Nei da, høyrde eg meg sjølv seie.
– Eg kan gå heim, eg.
Det går fint.

Eg ante ikkje kva som venta meg.

NB! Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget og lydfila.

Til toppen