Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Djevelen vil alltid finne deg

Lars Mæhle Samlaget 2019

Ein dag begynner Regina Korp i klassa til Onu, Alex og Irmelin. Same dagen har læraren invitert styraren for Sagbruksmuseet, Seamus Waterson, til å halde eit foredrag om ei grotte som i lang tid har prega liva til innbyggarane i bygda. Etter foredraget bestemmer Onu, Alex og Irmelin seg for å undersøkje grotta nærare. Det er Onu som fortel.

II

Eg veit ikkje kva som overraska meg mest. Eg meiner, eg hadde jo høyrt gjetord om den berømte grotta så lenge eg kunne hugse.

Men eg hadde aldri sett grotteopninga med eigne auge. Ikkje før no.

Idet eg stod der, framfor det vesle hòlet, som knapt var ein meter høgt og breitt, verka det som tidenes antiklimaks. Kunne verkeleg dette vere grotta? Staden som truande valfarta til i hopetal i gamle dagar? Denne knøttvesle hòleinngangen?

Men som munnhellet seier: Ein skal ikkje skode hunden på håra.

Irmelin stilte seg opp framfor hòleopninga. Ho sende ei sped, lett skjelvande stripe av lys inn i det mørke gapet.

– Kva ser du? spurde Alex.

Irmelin vende seg mot oss.

– Ingenting. Eg ser absolutt ingenting.

– Er hòla djup? heldt Alex på.

Irmelin nikka.

– La oss gå inn, sa ho.

– Men …, begynte Alex. – Er du heilt sikker …?

Irmelin retta lommelyktlyset mot ansiktet til Alex, slik at han måtte føre handa framfor auga.

– For ein pyse du er! fnyste ho.

Alex krympa seg. Så vende Irmelin lyskjegla mot ansiktet mitt.

– Kva med deg, Onu? Feigar du også ut?

I same augeblikk skaut åtvaringa frå Regina opp i meg. Don’t go into the cave! Eg grøssa, forsøkte å samle alt eg hadde av mot, men blei ståande og nøle. Til slutt glapp likevel orda ut av meg:

– Eg er med.

Alex sende meg eit panisk blikk. Det gjekk vel opp for han at alternativet hans no, det å stå att aleine utanfor hòla, var enda meir skremmande enn å gå inn saman med oss.

– Eg blir med ein liten tur, kviskra Alex til slutt.

Irmelin svarte ikkje. Ho berre bøygde hovudet og kleiv inn den vesle hòleinngangen. Alex og eg følgde taust etter.

Vi steig inn i ei verd av stein. Kalde, harde veggar. Eit lukka rom inni fjellet. Ein smal, trong tunnel. Alt vi høyrde, var lyden frå stega våre. Klakk frå sko som blei kasta i ekko mellom steinveggane.

Eg skimta lyset i handa til Irmelin. Det stupte framover i mørket, virra mot veggane eit stykke framme i tunnelen. Sjølv såg eg nesten ingenting. Eg brukte hendene som følehorn. Let fingrane stryke varsamt mot den harde steinen. Slik ålte eg meg framover. Eitt og eitt steg av gongen.

Vi stabba og halvveges kraup slik ei lang stund. Lenger og lenger innover. Eg kjente det snøre seg til i halsen, var i ferd med å få skikkeleg klaus. Kjente meg meir og meir innestengt og klam for kvart steg. Vi måtte da ha gått i fleire minutt no?

Brått merka eg det: Irmelin hadde stansa.

Samtidig høyrde eg eit slags summande sus. Ei fjern flaksing.

– Kva er det? spurde Alex.

Stemma hans skalv. Verken Irmelin eller eg svarte. Vi stod pal og berre lytta. Suset og flaksinga steig i styrke, kom nærmare og nærmare.

Brått sveipte noko rett over hovudet mitt. Eg skvatt som søren. Det baksa i venger.

– Kva er det der? ropte Alex.

Stemma hans var full av panikk. Irmelin berre beina innover. Vi følgde etter, mens sus frå ville venger høyrdest over hovuda våre.

Eg sprang alt eg kunne, men hadde problem med å halde følgje med dei.

Plutseleg dunka eg rett inn i ryggen til Alex.

– Hei, gi deg, da! ropte han.

– Sorry, mumla eg. – Men spring vidare, for svarte!

– Men sjå! sa Alex.

Først no skjønte eg kvifor Alex hadde stansa. Irmelin stod like framfor oss og lét lommelykta jobbe. Eg fekk hakeslepp.

Vi var komne inn i den reinaste salen. Ei grotte like stor som ein fotballbane. Den tynne lysstrålen lyste opp stadig fleire detaljar: grov, fôrete stein, men også kjelda for lyden: flaggermus i hopetal i grottetaket, høgt, høgt over oss. No baksa dei i panisk flukt gjennom grotta.

Hundrevis!

Lyset gjorde dei tydelegvis urolege, og dei kasta seg ut i mørket, bort frå den borande lysstripa. Lyden av venger vaks stadig i styrke, og hordar av flaggermus streifa rett over oss, vi dukka, heldt hendene over hovudet, det virra vengedyr overalt, dei strauk ut frå grottedjupet – og vidare ut i den skoddefylte natta.

Endeleg, etter fleire minutt med flaksing og baksing, stilna lyden.

Irmelin var den første som reiste seg.

Lommelykta skalv i handa hennar no. Men ho leita seg målretta fram, søkte over steingolvet, veggar, tak.

Til slutt stansa lyset.

Alex og eg reiste oss opp. Vi skjønte brått kva Irmelin hadde funne.

Midt i den enorme grotta stod det ein sokkel. Oppå sokkelen stod det noko. Utan at vi kunne sjå akkurat kva. Men det var som om denne gjenstanden var sett fram på utstilling.

Langsamt nærma vi oss sokkelen. No var det berre eit og anna flaks over oss. Til slutt heilt stille. Berre lyden frå våre eigne steg kunne høyrast. Irmelin heldt lommelyktstrålen stivt retta mot sokkelen. Han vaks gradvis i synsfeltet. Men det var først da vi stod ti meter unna at vi skjønte det. Kva som verkeleg var stilt opp på sokkelen.

Ei likkiste.

12

Irmelin gjekk roleg fram mot kista. Stansa. Let lommelykta gli sakte over henne. Kista var overraskande lita og hadde merkelege, urovekkande utsmykkingar: raude slangar som kveila seg rundt kvarandre bortover langsida, før dei bukta seg opp og over på lokket.

Irmelin gav lommelykta til Alex.

– Lys for meg.

Strima frå lommelykta skalv i handa til Alex. Irmelin bøygde seg over kista. Ho bles lett – og ei sky av støv letta frå overflata, kvervla først vilt, deretter gradvis saktare i lyssøyla.

Til slutt la Irmelin fingrane rundt handtaket på lokket.

– Ikkje! braut eg ut.

Irmelin snudde seg.

– Du er vel ikkje redd?

– Dette er ikkje … rett, stamma eg og søkte støtte i blikket til Alex.

Han stira berre tomt ned i grottegolvet. Irmelin løfta lokket sakte.

– Nei!

Ropet mitt blei kasta i ekko langs steinveggane. Og det fekk eit knippe av nye flaggermus til å bakse ut i natta – i vill flukt mot utgangen.

Irmelin studerte meg strengt.

– Kva er det med deg?

Hendene mine fekta.

– Kva om det verkeleg er ei svartebok?

– Kva så? Trur du det er farleg å lese ei bok?

Eg famla etter orda.

– Vi aner ingenting om kva vi har rota oss inn i!

– Svartebøker er da berre eventyr og overtru, sa Irmelin.

Deretter trekte ho kistelokket opp. Det knirka i gamle hengsler.

Irmelin myste ned i kista.

– Kva er det for noko? spurde Alex.

– Eg ser ikkje så godt, sa Irmelin. – Lys for meg.

Alex bøygde seg ut til sida, og sende ein stråle av lys på skrå ned i kistedjupet. Irmelin lente seg over, strekte handa ned i kista, og rota rundt der nede med fingrane.

Til slutt vende ho seg mot oss med ein liten latter.

– Det er berre masse småstein nedi her!

– Stein? braut Alex ut. – For ein nedtur!

Han skulle liksom lyde skuffa, men eg høyrde kor uendeleg letta han var. Men så vida auga til Irmelin seg brått ut.

– Vent litt. Det er noko under steinane!

No fekk Irmelin fart på seg. Ho begynte å skuffe småstein ned på golvet med begge hendene. Til slutt stansa fingrane hennar ved noko i kistedjupet. Sakte løfta ho det fram.

Det gjekk ein støkk i oss alle.

Det var ei bok.

Irmelin retta boka mot lysstrålen med skjelvande hender.

Vi lente oss over alle tre og stira.

Sjølve boka var bunden inn i eit slags skinn. Ho verka utruleg gammal. Permen var i ferd med å gå i oppløysing. Og det stod ikkje nokon tittel. Framsida var svart, med ei rekke sprekkar i innbindinga.

Irmelin feia støv av bokpermen med fingrane.

Deretter opna ho boka. Det knitra i den stive bokryggen. Tittelen lyste mot oss i raudt på første side:

Djevelens gjenføding.

– Legg boka tilbake!

Eg skvatt skikkeleg. Sjølv om det var mi eiga stemme som hadde ropt. Orda blei slyngde i ekko gjennom grotta. Dei klakka bortetter veggane, tikka og song i øyra: «Legg boka tilbake», «Legg boka tilbake», «Legg boka tilbake».

Klangen forstumma liksom aldri.

– Herregud, det der gjer du aldri igjen! freste Alex.

Men eg var kommen inn i ein modus bortanfor all fornuft.

– Legg boka ned i kista igjen! kviskra eg innbiten.

Irmelin skulte.

– Skjerp deg, Onu. Det er berre ei bok.

– Men kva om det er Djevelen som har skrive henne!

– Det er jo ikkje det, sukka Irmelin. – Det skjøner vel til og med du?

Eg rista på hovudet. Klarte ikkje å slutte, heller. Hovudet berre rista og rista og rista.

– Nei, vi gjer tidenes tabbe! Vi må ikkje utfordre svartekreftene. Kven veit kva som vil skje?

Irmelin stira olmt på meg i to sekund til. Så bladde ho berre opp på neste side. Og las for seg sjølv.

Alex blei ståande og nøle litt. Men til slutt lente han seg over og kikka, han også.

Og da auga på begge to vida seg ut, klarte eg ikkje å la vere, eg heller. Eg samla alt eg hadde av mot, strekte hals – og kasta eit blikk mot den første boksida.

Ein merkeleg, handskriven tekst i raudt slyngde seg bortover sidene. Handskrifta var vakker. Men bokstavane var gammaldagse, uvande. Det tok nokre sekund før eg verkeleg skjønte kva som stod – og klarte å lese.

Da eg først gjorde det, steig det mest underlege av skriftstykke fram for auga mine.

13

Slik går skriftet om Djevelens avkom:

Når denne boka blir opna, vil det skje. Da er tida inne. Kjære lesarar: De er hjelparane. De skal mane barnet mitt fram. Her. På denne staden.

Frøet er planta allereie. Det spirer. Det gror. Men ingen ser.  Ingen høyrer. Hjarteslaga til det svarte fosteret.

Hysj. Høyr.

Så vart og stille hjartet bankar. I skjul av alt. På staden ingen kan gjette kvar er, og ingen kan leite seg fram til. Ingen andre enn hjelparane sjølve.

For ingen vil kunne hindre mi gjenføding.

De som no les denne boka – ta dykk i akt! De er bestemt til å bli Djevelens hjelparar. Den oppgåva må de ta alvorleg. Elles går det dykk ille.

Her følgjer maningsformularet. Øv på det. Lær det utanåt. Og finn fram til orda når den rette stunda er inne:

O, demonar, i kva for del av universet de er, ved desse heilage namns kraft: – ADINAI, YAH, HOA, ELHOA, ELOHINU, ELOHIM, EHEIEH, MARON, EL SHADDI. Eg manar dykk ved desse namna, som de fryktar meir enn noko anna, som de skjelv for kvar einaste dag, BARUC, BUCORABON, PATACE, at de raskt skal komme hit frå alle hjørne i verda for å samlast til éi stor og styrkande kraft, boren fram av frykta for MEFISTOLES, LUCIFER, DIABOLI, BELSEBUB, den store draken, den gamle slangen, verdas fyrste og freistar, og de skal mane barnet mitt fram, løfte det ut i verda. Og atter skal Djevelen herske over jorda. Og atter skal det jordiske riket, som rettmessig er mitt, bli mitt.

Slik vil det gå. Slik er lagnaden til dykk som no har funne boka. Slik er oppgåva de har i vente, anten de vil eller ikkje.

Gå no ut i verda og man barnet mitt fram.

Irmelin, Alex og eg veksla vettskremte blikk.

– Eg sa det! kviskreropte eg. – Vi skulle ikkje ha opna boka! No er helvete laus!

Irmelin stira vantru mot meg.

– Seriøst?

Eg vende meg mot Alex for støtte. Han var drivkvit i ansiktet.

– Eg er einig med Onu, sa han stille. – Legg boka tilbake i kista.

– Eg kan ikkje tru det, lo Irmelin, men eg høyrde at røysta hennar òg skalv. – At de lar dykk skremme av ei eldgammal bok. Det er da berre ord!

– Ord kan vere livsfarlege! sa eg. – Farlegare enn alt anna.

Irmelin himla med auga.

– Vi er da ikkje Djevelens hjelparar. Det er absurd! Kven som helst kunne da ha funne boka!

– Men det var oss, sa Alex.

– Vi stikk! ropte eg. – No!

– Men sjå her, sa Irmelin. – Det er enda eit skriftstykke her. På den neste sida i boka.

Eg vende blikket ned mot den opplyste boksida. Og Irmelin hadde rett. Her stod det også nokre få setningar. Men denne teksten var skriven på eit uforståeleg språk. Bokstavane var på eit vis gjenkjennelege, men orda framande.

Nokon prikka meg på skuldra igjen.

– Psst!

Eg snudde meg. Ansiktet til Alex lyste av frykt. Peikefingeren hans var retta mot den andre sida av grotta, der vi nettopp hadde komme inn.

I neste sekund skjønte eg kvifor. Ei lysstripe virra inn i grotta.

Og ho kom frå ei anna lommelykt enn vår.

BONUS:

Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle handlar om ein familie som flyttar inn i den gamle presteboligen ved sida av der Onu og mora bur. Den nye familien går berre i gamle klær. Dottera, Regina, startar i same klasse som Onu. Ein dag finn Onu og to andre i klassa ei grotte. Inni grotta ligger boka til djevelen, og der står det om det svarte fosteret.

Sjå eit intervju og meir informasjon om boka her

Les meir om forfattaren her

Her kan du sjå andre bøker av forfattaren

Sjå fleire bøker i same sjangar her

På Netflix kan du sjå serien Sabrina. Sjå trailer under:

Til toppen