
Goliat
Kjempa Goliat frå Gat har fått eit oppdrag av kongen. Utstyrt med ny seremoniell rustning, skjold og særskild skjoldberar vert han sendt i krigen for å skremme fienden. Men Goliat er ingen stor krigar og likar ikkje krig.
BONUSSPOR
– Viss du vil lese enda meir om forfattar og teiknar Tom Gauld, kan du gå inn på heimesida hans her (OBS! Er på engelsk, men er veldig kult…)
– Tom Gauld har teikna og skrive om Goliat som eit vanleg menneske som ønskte fred. Men kven var eigentleg Goliat i Bibelen? Her kan du lese meir om den bibelske Goliat.
– Har du lyst å lese historia om David og Goliat i Bibelen, kan du lese Første Samuelsbok kapittel 17 i Det gamle testamentet her.
– Kva tenkjer du om at Goliat i denne teikneserien er framstilt som eit vanleg menneske? Korleis er det å bli kjent med han som vi eigentleg ikkje skal heie på?
– Her kan du sjå ein litt teit teiknefilm som framstiller Goliath som slik vi er vand med å sjå han. Korleis er det å sjå denne filmen opp imot Tom Gaulds teikneserie?
– Likte du det du leste av «Goliat»? Her er nokre andre lesetips som òg handlar om det å bli kjent med dei som vi trur er dei slemme:
Sverre Henmo: Opp som en løve
Anette Münch: Jenteloven
Harald Rosenløw Eeg: Gyldig fravær