Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Kjære søster

Eli Anne har mista veslesøstera si, og ho saknar ho meir og meir for kvar dag som går. Snart begynner ho å skrive på Facebookveggen hennar, for det er ei sak ho aldri fekk fortalt.

Alf Kjetil Walgermo Cappelen Damm 2015


 

 

Eli Anne Storfjord -> Amalie Storfjord

5. oktober

Kjære søster.

I dag ville du fylt 15 år. Pappa seier at vi skal komme igjennom dette. At livet framleis er verdt å leve. Men eg fekk ikkje eingong sagt farvel til deg. Eg fekk aldri gitt deg ein siste klem.
Eg trudde det skulle bli lettare etter kvart. At dei gode minna skulle ta over for alt det fæle. Men det er motsett. Eg saknar deg berre meir og meir. Kjenner sterkare og sterkare at du er borte. Eg har ikkje klart å skrive til deg før no. Men i dag sa mamma og pappa at dei ønskjer å legge ned profilen din. Eg vil skrive til deg kvar einaste dag før det skjer. Eg veit ikkje korleis eg elles skal nå deg.
Likar · Kommentér · Del

Eli Anne Storfjord -> Amalie Storfjord

6.oktober

Kjære søster.

Når eg scrollar nedover tidslinja di, trur eg nesten at du lever.
Det er så mange som har skrive til deg. Som har lagt ut bilete, minneord og dikt. Nesten alle vennane dine skreiv på veggen din etter at du døydde. Eg sjekkar han kvar dag, for å sjå om det har skjedd noko nytt. Mange har skrive at dei saknar smilet ditt. At du var den beste. At du sette spor. Men no går det fleire dagar mellom kvar gong det skjer noko. Det eg skriv til deg, er det berre du som kan lese. Eg har vore inne på kontoen din og endra innstillingane. Om vi skal møtast att på den andre sida, vil eg ikkje ha noko uoppgjort med deg.
Likar · Kommentér · Del

Eli Anne Storfjord -> Amalie Storfjord

7. oktober

Kjære søster.

Vi vaks opp i dette huset. Vi stod på badet saman om morgonen. Vi åt frukost saman nede på kjøkkenet, og vi sykla saman til skulen. Eg visste at uansett kva som skjedde, hadde eg ei venninne. Vi skal aldri meir sitte på murkanten og kikke på gutar i friminutta. Vi skal aldri meir ligge i sengene våre og snakke til så langt på natt at dagslyset kjem smygande bak gardinene. Eg skal aldri meir le slik eg gjorde kvar gong du sovna før meg, på rygg, med hendene falda over dyna. Du såg så prektig ut, som om du bad til Gud i søvne. Eg kunne ligge og lytte til pusten din. Han var så trygg.
Likar · Kommentér · Del

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 5-14.

Les mer om forfatteren her.

Skriv et dikt om sorg og publiser det anonymt her.

Boktips:

Jandy Nelson: Himmelen begynner her
Harald Rosenløw Eeg: Glasskår
Gayle Forman: Hvis jeg blir
Jostein Gaarder: Appelsinpiken
Magne Helander: Englepappa: historien om Ylva og meg
Brynjulv Jung Tjønn: Så vakker du er
Aasne Linnestå: Mamma er et annet sted

Til toppen