Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Så vakker du er

Det er sommar, og Henrik er trist for onkel Simon er veldig sjuk. Men Henrik er også forelska og glad, for snart kjem Kjersti heim frå ferien i Italia.

Brynjulf Jung Tjønn Cappelen Damm 2013 2014

Lyset om morgonen likna eit kvitt laken.

Eg stod i bare shortsen midt ute i hagen.

Eg prøvde å tenke på kva eg skulle seie til Kjersti når ho

kom heim.

Det første ordet.

Kva skulle det vere?

Eg kjende graset kile under fotblada.

Som om det voks mens eg stod på det.

Som om det forsøkte å presse seg gjennom foten min.

Mor var på sjukehuset.

Mor sa det var best at eg ikkje vart med.

Det er ikkje noe å sjå på, sa ho.

Det vil bare gjere deg trist.

Kva skal du gjere der? spurte eg.

Eg skal sjå om han har det bra, svara mor.

Har han det bra?

Eg veit ikkje, han kan jo ikkje snakke.

Men kvifor er du der då?

Fordi.

Skal du bare stå der, ved sida av senga hans?

Mor nikka.

Det viktigaste er at eg er der, i tilfelle han vaknar, sa ho.

Eg kjende at det irriterte meg.

Måten ho avviste meg på.

Ikkje let meg få avgjere det sjølv.

Eg gjekk inn att i huset og opna ei brusflaske.

Eg kvikna litt til av appelsinsmaken og kolsyra.

Kjersti.

Ho var alltid så brun om sommaren.

Fregnene tett over naseryggen.

Eg klarte ikkje å sjå på henne utan å bli varm i ansiktet.

Utan å bli sveitt på innsida av hendene.

Ho gjekk alltid i kjole om sommaren.

Dagen etter skuleavslutninga i tiande klasse la ho kinnet

sitt på skuldra mi.

Ho sa at ho fraus.

Vi hadde bada i fjorden.

Ho stod inntulla i eit handklede.

Håret var vått, det draup ned på bakken.

Vassdropane likna på fregner i den lyse betongen på kaia.

Eg kjende at ho skalv.

Eg kjende det kalde, solbrune kinnet hennar mot skuldra mi.

Eg kjende lukta av det våte håret hennar.

Eg kjende handkledet, mjukt og fuktig, mot overkroppen

min, magen min.

Eg hadde lyst til å legge armane mine rundt henne, men

eg torde ikkje.

Vi stod slik lenge.

Det føltes som om vi stod slik heile sommaren.

Mens sola gjekk ned og sola gjekk opp og det vart haust.

Så løfta ho ansiktet og såg på meg og smilte.

Ho spurte om vi skulle gå til butikken og kjøpe is.

Eg er varm igjen nå, sa ho.

Eg nikka, kjende eg var klam over heile kroppen.

Kjersti.

Vi sykla til butikken, ho først, eg etter.

 

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget.

 

BONUSSPOR

– Les meir om forfattar Brynjulf Jung Tjønn her

– Denne boka vant ein pris i 2013. Kva for ein? Her kan du lese om kva pressa skreiv om boka da den vant.

– «Så vakker du er» handlar om at nokon som står deg nær får kreft. Veit du kva kreft er? Her kan du lese meir om sjukdommen

– «Så vakker du er» er òg ei bok om kjærleik og det å vere forelska. Men kva vil det seie å vere forelska? Kan ein bli for mykje forelska? Høyr på denne radiodokumentaren for å finne det ut!

– Ønskjer du å lese fleire bøker om dette temaet, kan kanskje desse bøkene vere noko for deg:

John Green: Hvem er du, Alaska?
Regines bok
Atle Dyregrov m.fl.: Ung sorg

Til toppen