Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Smadra

Brynjulf Jung Tjønn Flamme forlag 2018

Ho slår.
Først ein gong.
Så ein gong til.
Eg dreg handbaken over munnen.
Eg klarer ikkje å skilje kva som er tårer,
og kva som er blod.
Ho plar slutte no.
Når eg græt, skjønar ho at det er nok.
Eg ser på henne.
Dei mørke auga.
Snart vil ho snu seg og gå.
La meg vere i fred.

Men så slår ho igjen.
I magen.
Eg sig saman.
Klarer ikkje å puste.
Når eg dett, blir det heilt stilt.

Og i all stilla, medan eg prøver å få tilbake pusten,
tenker eg:
Dette har mor aldri gjort før.

Far slepper meg av utanfor skulen. Milad står
ved sykkelstativa, vinkar til meg. Eg dreg håret
ned framfor ansiktet, men han ser det likevel.
– Har du ramla igjen? spør han.
– Ja, og far ville ikkje la meg sykle i dag, seier eg.
– Kor skjedde det denne gongen? spør han.
– I svingen ved butikken.
– Du må ikkje sykle så fort, Oda!
– Eg veit det.
– Har du vore til legen?
– Nei, eg vil ikkje snakke meir om det.
– Greitt, seier Milad og låser sykkelen sin.
– Forresten, far var dritsur på meg i går, seier han.
– Kva skjedde? spør eg medan vi traskar over
skuleplassen. Eg kjenner at eg er glad for at vi
kan snakke om noko anna.
– Han liker ikkje at eg har slutta med fotball, seier Milad.
– Så du har slutta no?
– Kva er vitsen, når eg sit på benken likevel?
– Men du har vel fortalt han at du ikkje får spele?
– Ja, og det hjelper ikkje at bestevennen min er ei jente.
– Kvifor ikkje? spør eg.
– Far er så oppteken av integrering.
Milad ler og lagar hermeteikn i lufta.
– Kva meiner han eigentleg? spør eg.
– Han meiner eg bør bli ein av gutane, seier Milad.
– Men om du har slutta med fotball, har du meir tid
til å henge med meg, seier eg.
Milad smiler.
– Og eg kan lære deg å sykle ordentleg! seier han.

Blåveisen kjennest som ei diger kvise over naseryggen.
Eg ser ned i oppgåveboka gjennom heile timen.
Vil ikkje at Hanne skal sjå korleis eg ser ut.
Er redd for spørsmåla ho vil stille.
Eg høyrer at ho skriv på tavla.
– Oda, seier ho plutseleg.
Eg løftar ikkje blikket, sit med hovudet ned mot pulten.
– Oda? seier ho igjen.
Det er stilt i klasserommet. Milad vrir seg på stolen
ved sida av meg.
– Ja? seier eg.
– Kan du sjå på meg? seier Hanne.
Ho kjem gåande mot pulten. Eg løftar hovudet sakte,
ser raskt på henne. Ho seier ikkje meir. Det er som
om eg kan høyre heile klassen puste. Og eg veit ikkje
kva eg ønskjer. At Hanne ikkje skal bry seg. Eller at
ho legg ei hand på skuldra mi. Får meg til å fortelje.
Men Hanne går tilbake mot kateteret.
Eg møter blikket hennar raskt ein gong til.
– Det er snart tid for elevsamtalar, seier ho. – Eg kjem
til å kalle inn kvar og ein av dykk til ein kort samtale.

***

Etter timen ber Hanne meg om å bli igjen.
– Eg tenkte at du og eg kunne ha samtalen vår først?
seier ho.
– Det er greitt, seier eg.
– Til dømes neste onsdag, etter norsktimen, seier ho.
Eg nikkar, ser mot døra.
– Har du velta på sykkelen igjen? spør ho.
– Ja, seier eg.

***

NB! Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget og lydfila.

BONUS:

Smadra handlar om ei jente som blir slått av mora når ikkje faren er heime. Hun tør ikkje å seie det til nokon, sjølv ikkje bestevenen hennar. Boka er skriven av Brynjulf Jung Tjønn. Les meir om forfattaren her

Sjå meldingar av boka her

Meir informasjon om boka her

Sjå andre bøker av forfattaren her

Sjå andre bøker i same sjanger her

Les meir om vald i nære relasjonar på regjeringa si heimeside

Og her på politiet.no

Boktips:

Apetryne av Atle Hansen

Svikta av Bente Bratlund

Bokmål:

Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen

Til toppen