
Svarte-Mathilda III
Da Svarte-Mathilda vart vekt til live, forsvann Philip, klassekameraten til Elisabeth og Gry. Så døydde bibliotekaren Viggo. Elisabeth og Gry drar til Venezia for å finne ut kva som har skjedd og for å stoppe Svarte-Mathilda før ho gjer meir skade.
7
Gry og Elisabeth gjekk ut av togstasjonen og ned til kanalen. Der var det eit yrande båtliv, med vareleveransar, båtdrosjar og svarte gondolar. Store turistbåtar spydde ut eksos då dei gassa opp og la i veg nedover kanalen. Sjølv om det var tidleg på morgonen, var alt ein god del folk i full sving.
Dei gamle bygningane låg tett i tett. Nokre var skeive og nedslitne, andre gøymte bak store stillas. Nokre vindauge var opne og folk kikka ut, andre var lukka igjen bak tunge skodder. Dei kunne sjå at kanalen gjorde ein mjuk sving eit stykke lenger nede. Elisabeth klarte ikkje å dele entusiasmen til alle turistane som gjekk rundt henne. Ho var i si eiga boble. Ho såg dei praktfulle bygningane, men blei ikkje imponert. Tankane hennar var hos Viggo, og Philip.
Gry gjekk bort til ein minibank og tok ut pengar. – Kva skal vi gjere først?
– Vi må vel finne ut kor Viggo budde, sa Elisabeth. – Han skreiv at han hadde betalt ut juni. Tinga hans er sikkert der enno. Vi får late som om vi er i familien hans, få ut tinga hans, sjå desse bileta og gå til museet han skriv om. Kanskje prøve å finne tårnet?
– Trur du ikkje han ville tatt med seg tinga sine? sa Gry. – Sidan han trudde at nokon følgde etter han.
– Det er slett ikkje sikkert. Det er mykje å dra på i varmen.
Elisabeth tok eit lite kart ut av lomma. Fann adressa til hotellet. Det var ikkje lett å bli klok på denne byen, gater, bruer og kanalar gjekk på kryss og tvers. Gry gjekk freidig bort til ein båtdrosje som låg fortøydd langs kanalen, og sa kvar dei skulle.
Båtdrosjen tok dei sakte nedover den lange, breie kanalen. Etter ei stund svinga han inn i ein mykje smalare kanal, og ikkje lenge etter var dei framme.
Gry betalte, og så stod dei utanfor hotellet til Viggo og lurte på kva dei skulle gjere.
Kva skulle dei seie?
Kva rom hadde han budd på?
– Vi får berre hoppe i det, sa Gry og gjekk inn.
Elisabeth følgde etter. Gry gjekk raskt bort til resepsjonen og ringte med klokka som stod på disken. Ei kvinne i femtiårsalderen kom ut ei dør og smilte. Ho hadde kort hår og altfor raude lepper.
– Snakkar du engelsk? sa Gry.
– Ja, sjølvsagt.
– Vi ser etter onkelen vår, han er frå Noreg, som oss, og vi veit at han bur på dette hotellet. Det vi lurte på, er om du kunne ta oss til rommet hans, slik at vi kan overraske han.
– Eg kan høyre om han er inne, men eg kan ikkje sleppe dykk inn på rommet. Kva er namnet hans?
– Viggo Tau. Gry måtte stave det, og kvinna bak disken skjøna det til slutt. Ho hadde tydelegvis ikkje fått med seg at han var død.
Ho sjekka på datamaskina si. – Viggo Tau, rom 16, sa ho med seg sjølv og nikka som om ho hugsa kven det var. Ho tok opp telefonrøyret for å ringe. – Det er ingen som svarar, han er sikkert ute og fotograferer. Eg har sett han mykje med fotoapparatet.
Gry såg på Elisabeth, ho prøvde å signalisere eit eller anna som Elisabeth ikkje skjøna.
– Gå opp til rommet hans, kviskra Gry.
Elisabeth kjente seg uroleg. Kva var eigentleg planen no?
– Står du og søv, eller? sa Gry og rista i armen til Elisabeth.
– Kva meiner du?
– Gå opp til rommet hans. Mens eg distraherer henne!
Gry gjekk bak disken og prøvde å ta telefonrøyret frå kvinna. – La meg få prøve!
– Kva er det du gjer, unge dame? Hald deg på andre sida av disken!
Gry begynte å trykke på datamaskina.
Elisabeth skjøna at no hadde ho sjansen, og ho sneik seg opp trappa. Det var eit lite hotell, og ikkje vanskeleg å finne fram. Snart stod ho framfor rom 16. Det hang «ikkje forstyrr» på dørhandtaket.
Ho tok i døra, men den var sjølvsagt låst.
Låsen var av den gamle typen som skulle opnast med nøkkel, ikkje med nøkkelkort.
Ho såg seg rundt, høyrte høge stemmer nede frå resepsjonen.
Ho snudde seg andre vegen og såg ei tralle full av reine sengklede og handkle, reingjeringsmiddel og ikkje minst: eit nøkkelknippe!
Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget.
BONUSSPOR
– Les meir om forfattar Tor Arve Røssland her.
– «Svarte-Mathilda III» var nominert til Uprisen 2014. Her kan du lese kva andre ungdommar meinte om boka.
– Finnes eigentlig gjenferd? Truleg ikkje, men det er jo ganske spennande å lese om dei. Eller? Her kan du lese kva gjenferd er…
– Når du les utdraget frå «Svarte-Mathilda III», korleis synes du gjenferda der ser ut? Korleis ser eigentleg gjenferd ut? Her kan du sjå trailarar til ulike grøssarfilmar – korleis ser gjenferda ut her?
The Frighteners
Poltergeist
The Sixth Sense
– Her er nokre boktips til deg som liker grøss:
Dei andre Svarte-Mathilda bøkene til Tor Arve Røssland
Kristina Ohlsson: Glassbarna
Arne Svingens grøsserserie