Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

The Rise and Fall of Gøran Trovåg

Froskar i naud er eit band med store planar. Problemet er berre at dei aldri har øvd før. Gøran, eller Stuart som han vil bli kalla, og kompisane Eivind og Jokki prøver å skjule kor nervøse dei er. Det blir ikkje noko betre da dei får sin første spelejobb.

Gaute M. Sortland Samlaget 2013 2014

ROCKEKJELLAREN

 – Shit, dei er flinke, kviskra Eivind.

– Eg trur eg må på dass, eg, sa Jokki og stakk inn på toalettet med bassen på ryggen. Det var så vidt begge to kom seg inn gjennom dodøra.

– Sjå, sa Stuart og peika på lista som hang på veggen i rommet utanfor. Det var kaldt der, og nokre elendige stolar og ein sofa. Eit stappfullt oskebeger stod på bordet, og ei mengd brusflasker låg slengde. Det lukta dårleg. Froskar i naud stod det på lista. Onsdag, kl. 18–21. Svartedauden stod det over dei. Kl. 16–18.

– Svartedauden, sa Eivind. Trur nokre av dei går på vidaregåande. Jokki kom tilbake frå dass og blåste luggen vekk frå auga.

– Er det ikkje vår tur snart?

– Jo. Klokka er ti over. Skal me banke på, eller? sa Stuart.

– Ehh … Eivind og Jokki såg på kvarandre.

– Svartedauden, kviskra Eivind til Jokki, og nikka med hovudet mot døra.

– Shit! Dei er heftige. Var på konsert med dei ein gong. Heile gjengen var kledd ut som lik og greier, og dei hadde fått tak i nokon blodige greier hos ein slaktar. Var heilt vilt, kviskra Jokki.

Men så stoppa musikken plutseleg opp, og ein tynn, sveitt fyr slo opp døra.

– Er det nokon her? sa han og såg på dei. Ingen av dei svara.

– De må banke på! Me følgjer ikkje akkurat med på tida, for å seie det slik. Hamnar så sinnssjukt inn i musikken, sant.

Ingen av dei sa noko, no heller.

– Er de heilt mongo, eller, sa han og smilte til dei. – Hei, me må komme oss ut, det er nokre froskar her som skal øve, ropa han inn til dei andre i rommet. Stuart kjende seg flau. Så flau at han ikkje visste kva han skulle gjere. Namnet deira var ein katastrofe. Han høyrde jo det no.

– Eg berre køddar med dykk, altså, sa han tynne fyren og opna døra skikkeleg. – Berre kom inn og pakk ut sakene mens me pakkar ned.

– Kult, sa Jokki og gjekk inn. Stuart og Eivind gjekk etter.

Det var ikkje luft der inne. Berre varmt og illeluktande. Det lukta hest og sure sokkar, og som om nokon i tillegg hadde sølt rekeskal eller fiskeslo ned på filtteppet og aldri vaska opp etter seg. Det var tre andre musikarar der inne også, som alle tørka sveitten og helsa på dei.

– Første gong, eller? sa han tynne.

– Ja, sa Eivind og begynte å fikle med glidelåsen på gitarbaggen.

– Slapp av. Me er iallfall ikkje farlege. Kan hjelpe dykk med anlegget, eg. Kor vil de ha songmikken?

– Der, sa Stuart og peika på trommene.

– Er trommisen vokalist? nesten ropa han. – Det er feitt, det! Det er jo heilt konge, det!

Dei sa ikkje noko til det, men Stuart blei heilt varm i trynet. Han såg at Eivind også blei så kry at han nesten begynte å le der borte ved gitarforsterkaren, men prøvde å skjule det med å snu seg mot veggen.

 

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget.

BONUSSPOR

– Les meir her om forfattar Gaute Sortland

– Denne boka har ein engelsk tittel. Kva betyr han? Kvifor trur du forfattaren har valt ein slik tittel?

Her kan du lese ein blogg om boka

– Sjå og høyr ein bibliotekar snakke om boka

– Kva for musikk trur du bandet til Gøran og vennane speler? Trur du det liknar på John Olav Nilsen og Gjengen

Eller som Oslo Ess?

Eller kanskje som dette:

– Har du lyst å lese fleire bøker om det å spele i band? Sjekk ut dessse:

Lars Saabye Christensen: Beatels
Morten Jørgensen: Sennepslegionen
Anders Bortne: Et bra band

Til toppen