Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Zweet

På grunn av ein livsfarleg gasslekkasje har ungdomsskulen blitt evakuert. Susan er blant dei heldige som kom seg ut, men ein person er framleis sakna: Lill Miriam. Susan klarar ikkje å slippe tankane på korleis det går med klassekameraten og korleis klassen behandla ho før ho forsvann. Og vil Lill Miriam bli funne før det er for seint?

Marit Kaldhol Samlaget 2015


 

 

NETTET ER NEDE. Eg er isolert. Ingen meldingar. Ikkje Nina.
Ikkje Andrine. Aleine. Har ikkje eingong telefonen min. Eg anar ikkje kva som skjer.
På kjøkkenbordet ligg avisa. Feite bokstavar på førstesida: «Om lag 1100 evakuerte frå området ved Agro.» Full alarm. Bilde av fabrikken. Brannfolk med gassmasker. Dei spring. Eg blar om, les. Det står om oss, ungdomsskulen. Og dei som bur nærast. Alle er evakuerte til høgareliggande soner.
Ekspertar arbeider med å stanse lekkasjen. Ein person er sakna.

Avisa ristar i hendene mine. Eg slenger henne frå meg. Kjenner frost nedover ryggen. Kjenner beisk smak i munnen. Svelgjer.
Eg prøver nettet igjen. Ikkje teikn til liv. Dritnett.
Eg går til vindauget, ser ut. Det er ingen der ute, berre stumme hus, forlatne hagar. Ein død morgon. Atterskin av meg sjølv i glasruta. Eit par auge. Dei er ikkje mine. Dei er oppsperra, ville, dei skrik imot meg. Ho. Hennar auge, dei kjem tilbake no. Borar seg tvers gjennom meg. Eg kjenner ein hard støyt i magen. Auga ser ikkje på nokon ting. Eller dei ser inn i noko bakanfor det eg kan sjå. Ein svart tunell. Kva finst på den andre sida av tunellen?

Vi snakka aldri om badinga. Etter at det hadde skjedd, tenkte eg berre på det som badinga. Ingen spurde oss om det heller.
Vi gløymde så godt vi kunne. Berre at eg er ikkje spesielt flink til å gløyme.
Andrine samla oss. Såg kvar og ein i auga.
– Vi veit ingenting. Vi gjekk heim då vi såg at ho kom. Ok?
Alle nikka. Så sprang vi som nokre små helvete. Først saman, deretter i kvar vår retning. Heim til kvart vårt hus, til kvart vårt rom. Pilte i skjul lik små mus.

Alle vi kalla henne berre Beistet. Eg hugsar at eg halte i henne alt eg makta. Eg var så redd at eg fekk kjempekrefter. Redd av å sjå henne slik. Den slappe kroppen, opne auge som ikkje festa blikket nokon stad, den gapande munnen. Borte, liksom, ikkje til å nå.
Eg fekk tak i armen hennar, greip fast, greip og kneip, halte og drog, prøvde å springe mot land med henne, springe i vatnet. Ei scene i sakte film.
Eg klapsa henne i ansiktet òg. Klapsa, såg etter reaksjonar.
Veit ikkje om ho registrerte det, vi fekk ikkje kontakt. Eg blei rasande på henne, tenkte: Reager, for faen! medan eg slo flathanda mot kjaken hennar. Eg slo fleire gonger. Kjende den kalde huda. Høyrde klasket.
Så sa Andrine det ho sa. Vi såg på kvarandre, nikka og sprang derifrå. Hadde ingenting sett, visste ingenting. Beistet låg igjen.
Vi kom på skulen. Pulten hennar stod tom. Vi såg ikkje på kvarandre. Læraren sa ingenting. Ei heil veke gjekk. Fem skuledagar. Ikkje eit ord. Ingenting i avisa. Vi snakka ikkje saman. Rett heim frå skulen, ikkje eit ord i friminutta. Ikkje eit ord til nokon.
Neste veke begynte. Ein eller annan grønskolling rekte opp handa.
– Kor er det blitt av Syndromet?
Slik fekk vi vite at ho låg på sjukehuset. Ei ulykke, sa dei.
Alle vi stirte i pulten. Eller ut vindauget. I veggen. Vi møtte ikkje kvarandres blikk.
Naturfagbøkene kom fram. Eg bad om å få gå på do.
Låste døra, sette meg på dolokket. Slo armane omkring meg sjølv. Hjartet sprang om kapp med noko der inne, eg klarte ikkje å stoppe det. Nokon hadde skrive ein diger Z på innsida av dodøra. Grøn, brei tusj. Z for Zorro. Zorro was here. Barnslege idiotar. Plutseleg stod eg og sparka i døra. Sparka og sparka.
Dritungar.

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 85-93.

Les mer om Marit Kaldhol her. 

Hva synes andre ungdommer om Zweet? Les anmeldelser på uprisen.no. 

Diskuter boka med andre ungdommer på ubok.no.

Les mer om honningbier her. 

Likte du utdraget? Kunne du tenke deg å lese noe lignende? Her er noen tips:

  • Marit Kaldhol: Søkeord: ayotzintli
  • Gordon Reece: Mus
Til toppen