Opplegg til Tusenfryd

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR: 

Munnleg: 

– Sjå på framsida av boka. Kva tankar får de når de ser på biletet? 

– Kva er Tusenfryd? 

– Noveller: Kva er det?  

Skriftleg: 

– Kva er mobbing? Skriv ned noen stikkord 

– Kva tenker de når de høyrer ordet «plaging»? Skriv ned dine assosiasjonar til ordet  

Munnleg: 

– Mobbing og erting er ikkje det same. Kva er skilnaden? Lag eit venndiagram i grupper eller saman på tavla. 

– Dette utdraget heiter «Pranken». Kva betyr det «å pranke»?  

UNDER: 

Stopp på side 30 etter: 

«Og no har eg faktisk ein avtale, sa han, – med Gunnar på treningssenteret.» 

– Bruk dialogen i utdraget til å danne deg eit bilete av kva slags type person Adrian er. Skriv ned ein beskrivelse av slik du trur han er 

– Kvifor trur du det er så viktig for Adrian å «pranke» Tobias? 

ETTER: 

Skriftleg: 

– Når du no har lese heile utdraget, er det noko du leggje til i svarane dine i spørsmåla over?
– Kva for ord er det Adrian seier til Fred som gjer at Fred plutseleg seier at han kan kaste pila?
– Kva får vi vite om Gunnar, kven er han og kva for rolle har han i livet til Adrian?
– Tenk deg at du er Fred eller Kaleb. Korleis ville du ha handla i denne situasjonen?
– Kva tenkte du då du skjønte at det var Gunnar og ikkje Tobias som kom forbi?
– Synest du det er greitt av Gunnar, Fred og Kaleb å gje ein slik lærepenge til Adrian?
– Synest du synd på Adrian? Kan man synest synd på dei som mobbar?
– Kva trur du skjer med ham no? 

Oppgåver: 

Det finst ulike måtar å mobbe på.  

– Individuelt: Skriv ned ulike måtar mobbing kan gå føre seg. (På nettet og via mobilen, utfrysing, ghosting, med blikk, fysisk, psykisk, verbalt … fleire?) 

Lever inn arket. 

– Felles: Lærar les opp og lagar ei felles oversikt i klassen etterpå.  

– Adrian, Fred og Kaleb er ueinige i om planen Adrian har lagt, kan kallast for ein prank. Kva meiner du? Grunngje svaret ditt.  

– Ta utgangspunkt i den delen av novella der Adrian, Fred og Kaleb møtest i skogen og Adrian har teke med seg dartskiva. (Siste avsnitt s. 62–64). Lag eit rollespel av samtalen og det som hender. 

– Tenkt deg at Fred og Kaleb ringer til Gunnar for å fortelje om planen til Adrian. Skriv ned telefonsamtalen mellom dei. Hugs replikkstrek og tydeleg informasjon om kven som seier kva. Etterpå kan de dramatisere telefonsamtalen.  

– Les teksten frå Språkrådet og finn norske ord for «ein prank». Diskuter om desse orda tyder det same?  

*Ekstra: Her er ein tekst som kan passe å lese etter å ha lese novella «Pranken». 

Snakk gjerne om dei fem kulepunkta som står nedst i teksten. (Om ulike stadar ein kan få hjelp dersom ein opplever vald heime). 

Skriveoppgåve:
Les heile boka og skriv ei bokmelding på uprisen.no

Kompetansemål:

Norsk

– Lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler.

– Sammenligne og tolke romaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid.

– Utforske og reflektere over hvordan tekster framstiller unges livssituasjon.

– Bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer.

– Informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium.

Samfunnsfag

– Reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar.

KRLE

– Utforske andres perspektiv og håndtere uenighet og meningsbrytning.