Vinnarar av skrivekonkurransen

maria

Vinnar: Maria Åkernes ved Møre Ungdomsskule blei ein av vinnarane i skrivekonkurransen til tXt-aksjonen Panser. Til utdelinga fekk lærarane tak i eit bilpanser frå eit verksted i nærleiken.

Vi har plukka ut to vinnarar av skrivekonkurransen i tXt-aksjonen Panser

Konkurranseteksten var som følgjer:

Tittelen på årets tXt-antologi er Panser.

Vi vil gjerne høyre kva du meiner om den.

• Kva legg du i tittelen?
• Kvifor trur du antologien har Panser som tittel?
• Kva tenkjer du om omslaget til antologien?
• Kan du trekkje fram døme på utdrag som passar til
tittelen?
• Har du ei personleg erfaring som kan knytast til tittelen?
• Kva slags tittel ville du brukt på antologien?

Det kom inn mange gode bidrag frå elevar rund omkring i Noreg. Jobben med å kåre vinnarar var utfordrande. Til slutt blei det følgjanda elevar:

Tobias Værnor Nepstad ved Sveio skule
Maria Åkernes ved Møre Ungdomsskule

Elevane gav gode refleksjonar rundt tittelen Panser og kva slags betydning ordet kan ha. Dei trakk fram fleire døme på tekstutdrag frå antologien som kunne relateres til panser, men kom også med forslag til andre titlar på antologien. Dei hadde og fine betraktningar om tittelen og omslaget på boka.

Vi gratulerar!

 

Vinnar: Tobias Værnor Nepstad ved Sveio skule (i midten med gul bok) blei ein av vinnarane i tXt-aksjonen Panser.