Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

Fridom i frie strekar

Artikkel
15. januar
2024

Fridom i frie strekar

FOTO: Kunst i skolen

Eit tjuetal ungdommar sit med beina i kross på golvet. Dei er musestille. Alle teiknar på kvar si kvite pappeske. Ungdommane skal teikne kva fridom tyder for dei. Faktafyk tok ein prat med fire av deltakarane: Thea, Rasan, Erik og Nicolas frå 10. trinn på Tindlund ungdomsskole i Sarpsborg.

Christian Goveia Jacobsen
Forfatter
Det er to versjonar av denne teksten. Ein på nynorsk her på nett, og ein på bokmål i papirmagasinet. Du kan høyre begge versjonane her.

Lytt til teksten som lydklipp:

Lytt til teksten som lydklipp:

De har sett to kunstutstillingar i dag. «Odyssey» av Ai Weiwei og «På sporet av frihet» av Tom Hatlestad. Korleis var det? Kan de fortelje litt om utstillingane?
– Eg synest dei var kule, og det var veldig forskjellige tolkingar av fridom hos dei ulike menneska som blei spurde, seier Thea.
Korleis vil du definere «fridom»?
– At ein bestemmer over seg sjølv, seier Nicolas.
– Vi er frie til å ta nokre val, til dømes om skule. Det er fritt skuleval i Sarpsborg. Og det er bra og viktig. Då kan vi velje det vi har lyst til, og gå den vegen vi vil, legg Erik til.
– Fridom er noko anna for oss i demokratiske Noreg enn for barn i Gaza, Ukraina eller andre stader med krig. For oss er fridom å kunne dra ut med vener når vi vil. For barn og unge i krigsherja område er kanskje fridom å leve utan krig og å ikkje gå rundt og vere redd for å døy heile tida, meiner Thea.
Føler du at det å uttrykkje seg kunstnarisk og det å uttrykkje meininga si, har ein samanheng?
– Ja, litt, seier Thea. – Ein kan uttrykkje meininga si ved å teikne noko, skrive ein song, eit dikt, ei bok eller framføre ein dans. Ein kan til dømes måle eller teikne det ein tenkjer på. Så når eg skal teikne fridom, så tenkjer eg på å ikkje vere fanga på ein stad og å gjere det ein vil.
Til sist spør vi ungdommane om kva ytringsfridom tyder for dei. Alle er einige om at ytringsfridom er at alle kan seie meininga si utan å bli straffa for det.
Men det finst grenser, påpeiker Nicolas. Ein kan ikkje seie rasistiske ord eller krenke andre. Og det er mottakaren som bestemmer kva som er krenkande eller ikkje, ikkje avsendaren.
Vi tek også ein prat med prosjektleiar Mona Brekke om kva ytringsfridom har å seie for kunsten.
– Det er eit stort spørsmål som det finst mange svar på, fastslår Brekke. – Eg tenkjer at ytringsfridom er svært viktig for alle kunstnariske uttrykk. Kunsten kan uttrykkje viktige saker og spørsmål knytte til samfunnet vi lever i, på ein annan måte enn det blir gjort i nyhendereportasjar. Kunsten appellerer ofte til kjensler og kan treffe oss på ein annan og sterkare måte enn nyhendejournalistikken. Menneske har veldig sterk førestillingsevne, og bilete kan røre sterkare enn ord. Slik kan kunstnariske uttrykk tilføre ytringar kraft og fungere som ei viktig røyst i samfunnsdebatten, til dømes ved å synleggjere urett.
– I mange land blir ein straffa for å uttrykkje samfunnskritisk kunst, og all den kulturen folket får oppleve, er sensurert av myndigheitene. I slike samfunn, kor kunsten ikkje får vere fri og kritisk, manglar menneska ei viktig kjelde til sjølvrefleksjon og utvikling, konkluderer Brekke.
Dagen blir avslutta med at ungdommane tek med eskene sine ut i det offentlege rommet. Her stablar dei eskene saman på forskjellige måtar, og det oppstår stadig nye komposisjonar og koplingar mellom teikningane. Tanken er at denne erfaringa kan gi interessante parallelle perspektiv til fridomen ein har i eit samfunn: Ein kan få uttrykkje seg sjølv med eigen strek, eigne ord og eigne tankar – samtidig deltek ein i ein fellesskap og er fletta saman i ein større heilskap.

Hva er "Frihet i fri strek"?

«Frihet i fri strek» er eit samarbeidsprosjekt mellom organisasjonen Kunst i Skolen og biletkunstnar Mona Brekke. Skuleklassar frå 7. trinn og oppover blir invitert til ein teikneworkshop på Galleri Seilet, kor ein skal uttrykkje kva fridom er, gjennom teikning.

Kva har de teikna for å uttrykkje ordet «fridom»?

Rasan: – Eg var litt usikker, så eg teikna havet.
Erik: – Eg tenkte på ein trygg stad å sove, og det å vere trygg i si eiga seng er å føle fridom. Så eg teikna ei seng.
Nicolas: – Eg teikna ei seng, fordi alle har rett til å få søvn. Og så teikna eg nokre vegar. Fordi alle har rett til å velje sin eigen veg og kva dei vil bli.
Thea: – Eg teikna ein innsjø, med nokre tre rundt, i måneskin. To menneske sit og ser utover og er frie saman ute i naturen.

Bonusinnhald

Les mer om Frihet i fri strek her.

Se bilder fra utstillingen «På spor av friheten» av Tom Hatlestad her.

Blodspora frå Dagaliveien: Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard

Av Odd Isungset

11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo, attentatet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid. Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten? Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei henlagd i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å legge seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing? Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.

Les også