Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

Pønkarar med vekttal

Intervju
15. januar
2024

Pønkarar med vekttal

FOTO: Brage Pedersen

For medlemmane i sørlandsbandet Daufødt er pønk meir ei haldning enn korleis dei uttrykker seg musikalsk.

Ole I. B. Storø
Forfatter

Lytt til teksten som lydklipp:

For oss handlar ikkje pønk om ein visuell estetikk eller om klede og frisyre. Du treng ikkje å ha slitne bukser, farge håret blått og ha piggsveis for å vere pønkar. Det er meir om korleis vi tenkjer, seier bandet til Faktafyk.
Pønk er ifølge Store norske leksikon ein musikksjanger med røter til New York og London i 1976. Sjangeren stammar frå garasjerock med «korte, riffbaserte låtar spelte i eit høgt tempo», og «ofte med politiske og samfunnskritiske tekstar». Dette kling bra med Daufødt.
Kvartetten speler hard pønk-rock med høg intensitet og korte låtar, og tekstane vik ikkje unna politisk brodd. Likevel: Som dyktige musikarar, med utdanning innanfor blant anna grafisk design og musikkvitskap, har dei fått høyre at dei ikkje er pønk nok.
– Sidan vi er flinke til å spele og har høgare utdanning, passar vi liksom ikkje inn i pønken, er det nokon som meiner. Men det går an å vere god til å spele og likevel ha lov til å seie noko. Det gjer at vi har ei verktøykasse vi kan hente ifrå, både når det gjeld å spele og å snakke om musikk. For oss er det ein fordel. Det hindrar oss jo ikkje frå å spele musikk som har energien og uttrykket til pønken.

Anarki på musikkrommet

Daufødt består av Mads Antonsen Gerzic på trommer, Eirik Albrethsen Reithaug på gitar, Annika Linn Verdal Homme på vokal og Eskild Myrvoll på bass. Grunnlaget blei lagt allereie då Mads og Eirik begynte å leike seg på musikkrommet på Frøysland barneskole i Mandal.
– Det var der det starta. Som 9–10-åringar fekk vi tilgang og lov til å utfalde oss etter skuletid utan at det var vaksne til stades. Det har forma oss meir enn vi trur. Det var viktig å ha friheit i så ung alder, seier kompisane.
Då dei nokre år seinare høyrde Honningbarna spele på Venterommet i Mandal, begynte det å krible skikkeleg i rockefoten. Då var det ingen veg tilbake.
– Honningbarna spelte ein under-18-konsert, og det var heilt vilt! Det gjekk så fort og var så bråkete. Vi skjønte ingenting og tenkte: «Shit, går dette an!».

Ein annan identitet

Samstundes i Kristiansand hadde også Annika blitt stor fan av Honningbarna. På ein konsert i byen trefte ho på Eirik. Dei blei vener, men det var framleis ei stund til Daufødt skulle bli danna og ho vokalist i bandet.
– Honningbarna blei ein viktig referanse og forløyste noko i oss som var unge. Det var sånn opprøret høyrdest ut, i alle fall i mine kretsar i Kristiansand. Du fekk ein annan identitet, det var enten streit, kristen kristiansandar eller Honningbarna. Det var då du lærte deg å gå på konsert, seier Annika.
At det kom eit band frå Sørlandet, som spelte slik musikk og hadde blitt så populære, viste at det var mogleg, og tente ein gnist i dei alle tre.
– Det var stort for oss sørlendingar at det plutseleg kom eit band frå der vi kom ifrå. Dei var heller ikkje så mykje eldre enn oss. Tenk at det er kids frå Søgne som reiser rundt og speler i rockeband. Det går faktisk an.

FOTO: Aleksandra Milanovic

Spellemannspris på første forsøk

I 2017 flytta Mads og Eirik til Oslo. Målet var framleis å halde på med musikk. I hovudstaden blei Eskil ein del av gjengen. Han spelte allereie i Kanaan, men sa ja til å bli med i bandet til duoen frå Mandal. På ein bar laga dei ei liste med aktuelle bandnamn. Masse groteske forslag.
Då kvelden var omme, hadde dei sirkla seg inn på Daufødt. Først hadde dei ein annan vokalist, men då frontplassen blei ledig, var Annika frekk nok til å foreslå seg sjølv.
– Eg var ein konsertgåar og hadde aldri drive med musikk, bortsett frå ein rapp eg skreiv som ein direkte reaksjon på at innbyggarane på Flekkerøya hadde samla inn tre millionar til ei ny kyrkje. Eg blei så provosert at eg laga «Jesus er her ennå». Då Eirik ringte og spurde om eg visste om nokon som kunne syngje i bandet, sa eg ja, det er eg som skal gjere det. Eg hadde sjølvtillita til å vere vokalist og var på ein stad i livet der eg ville prøve alt mogleg. Eg lærte meg å syngje via YouTube, seier ho.
– Vi prøvde, og det funka. Jammen, dette var då greitt, tenkte vi, legg Eirik til.
Frå den første konserten på Vaterland i Oslo, der dei blei introdusert som Daukjøtt framfor 17 betalande tilskodarar, gjekk det slag i slag. Bandet blei blant anna booka til by:Larm og Trondheim Calling, og fekk oppvarmingsjobbar for Sløtface og heltane sine i Honningbarna. Dei blei fort ein snakkis i musikkmiljøet.
– Ambisjonen vår var å berre spele musikk og sjå kva som skjer. Og ting skjedde jo fort. For debutplata vår, 1000 Island, fekk vi Spellemannsprisen i 2020. Det var heilt sprøtt og gav oss meir trua på oss sjølv.
Med Spellemannspris på merittlista, opna det seg fleire moglegheiter for bandet. Men la det også press på dei før neste plate?
– Vi tenkte ikkje på at det skapte forventingar til oss. Då vi ga ut Aromaterapi i 2022, ville vi ikkje lage same skive om igjen. Plateselskapet vårt, Fysisk Format, blei nok meir bekymra for at vi skulle ringe ein streit pop-produsent. For oss var det eit steg vidare, sjølv om vi fekk prisen under korona og ikkje fekk spelt så mykje som vi ønska.

Daufødt spelte på Øysfestivalen i 2023. FOTO: Brage Pedersen

Ingen dårlege idear

Daufødt jobbar med ny plate som skal bli lansert i 2024. Dei likar å vere i eit band saman og reise på turné, sjølv om det og kan bli litt slitsamt.
– Vi blir som ein familie. For meg er det som å ha tre ekstra brør, seier Annika, medan Mads legg til: – Det blir litt krangling også. Det kan vere krevjande å vere så tett på kvarandre. Men vi deler jo mykje og får eit spesielt forhold. Vi er gode vener og kan henge ut saman på fritida også.
– Vi har ein regel i bandet, påpeikar Mads. – Viss nokon har ein idé, så testar vi den ut uansett kor dårleg ideen høyrest ut, eller du meiner han er. Vi veit jo ikkje om det er fett, før vi har prøvd.
– Eg hadde ikkje vore med i Daufødt viss eg ikkje hadde fått prøvd meg, seier Annika.
Dei gler seg til å gje ut sitt neste album. Det er ei god unnskyldning for å komme seg i turnébussen igjen.
– Det er kult å reise rundt i Noreg og sjå at det finst folk rundt om i landet som held på med musikk. Det er mange viktige eldsjeler der ute som gidd å booke band som oss. Ein ting er dei store byane, men det er fett at vi til dømes kan spele i Mo i Rana og Porsgrunn også, seier Daufødt og kjem med følgande oppfordring til unge som drøymer om å starte band:
– Det er berre å gjere det. Du må høyre masse på musikk, slik at du får knaggar og referansepunkt. Sjå kva andre musikarar gjer, korleis dei speler og held instrumenta. Skaff deg eit instrument sjølv, okkuper musikk rommet på skulen og spel med andre. Det er ikkje så viktig om du kan noko. Berre set i gang og spel!

Bonusinnhold

Daufødt sin Instagram

Daufødt sin Bandcamp

Daufødt - Knekken

Honningbarna - Fuck kunst (dans, dans)

Daufødt er inspirert av pønkbandet Honningbarna. Her er ein musikkvideo av dei.🍯🧒

Just kids

Av Patti Smith og Oversetter: Brit Bildøen

Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max's Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til den elska vennen Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv tidleg på 1970-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskrinsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire.

Les også