Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

Arenaer for store augeblikk

Artikkel
6. januar
2021
Faktafyk
2021

Arenaer for store augeblikk

LA BOMBONERA: Heimebanen til Boca, og opna i 1948 under argentinsk fotballs første gullalder. FOTO: Getty images

2020 har vore eit år ulikt alle andre, også for fotballen. Under koronapandemien har fotballentusiastar verda over måtta læra å forhalda seg til tomme fotballstadion på ein ny og annleis måte, i det restriksjonar i samband med smittevern har ført til at dei fleste kampar må spelast framføre ingen eller svært få tilskodarar.

Nils Henrik Smith
Forfatter

Lytt til teksten som lydklipp:

Dette har ført til ei auka forståing av stadionet sin funksjon i fotballen, som åstad for den rituelle ramma kring spelet: Tilskodarane som støttar laget sitt i form av rop og song, faldar ut sine banner i gilde fargar, pip ut dommaren og så bortetter.
Eit fotballstadion er i seg sjølv ein berar av fotballens historie, kultur, tradisjon og atmosfære. Men når tribunane står nakne på sjølve kampdagen, er det noko som manglar. Spelet framstår annleis og fattigare, både for spelarane, for supporterane som under normale omstende ville vore til stades, og for dei som ser kampen på TV.
Ein dag vil pandemien vera over, og dei fotballhungrige tilskodarskarane vil atter kunne vende attende til stadion. Men enno er det ingen som veit når det kan skje. I mellomtida skal vi i denne artikkelen sjå nærare på tre klassiske fotballstadion frå tre av verdas fremste fotballnasjonar: Italia, Tyskland og Argentina. Dei står der dei har stått i tiår, for tida ruvande og tause, medan dei ventar på å kunna ynskje sitt trufaste publikum velkomen attende.

SAN SIRO, MILANO, ITALIA

San Siro er heimebanen til to av verdas historisk sett største, mektigaste og mest suksessrike klubbar, Inter og Milan. Offisielt er stadionet oppkalla etter Giuseppe Meazza, legenda som spelte for begge klubbane i mellomkrigstida, og som var kaptein då Italia vann VM-gull i 1938. Det opna i 1926 og er i dag det største stadionet i støvellandet, med ein maksimal kapasitet på 78 275 tilskodarar.
San Siro har vore renovert, utvida og ombygd i fleire omgangar. Den mest omfattande rekonstruksjonen vart utført før VM i 1990, då stadionet fekk sin karakteristiske fasade av stål og betong. På ein solfylt dag kan ein frå toppen av vesttribunen få eit glimt av det andre store landemerket i Milano, nemleg byens berømte katedral.
Stadionet har vore vertskap for kampar i to VM og eitt EM. Det var her Kamerun sensasjonelt slo regjerande verdsmeister Argentina i opningskampen i 90-VM. Vest-Tyskland, som vann VM det året, spelte fem av sine sju sluttspelkampar her, inkludert den klassiske semifinalen mot England.
Finalen i Serievinnarcupen/Champions League har vore spelt på San Siro fire gonger. Den første gongen, i 1965, vart Inter det hittil siste laget som vann den gjævaste klubbturneringa i Europa på sin eigen heimebane. Totalt har Inter notert seg for tre og Milan for sju triumfar i turneringa.
Talrike av tidenes fremste spelarar har hatt arbeidsplassen sin på San Siro. Vi snakkar her både om lokale og lojale legender som Giacinto Facchetti og Sandro Mazzola (Inter) og Gianni Rivera, Franco Baresi og Paolo Maldini (Milan) og dyrt innkjøpte stjerner som Lothar Matthäus, Ronaldo, Marco van Basten og Andrij Sjevtsjenko. Den største profilen som held hus på stadion i dag, er den svenske superveteranen Zlatan Ibrahimovic.
Per Bredesen spelte for Milan frå 1956-1958. Han er framleis den einaste nordmannen som har vunne Serie A. Steinar Nilsen var innom klubben på slutten av 90-talet og scora mellom anna på frispark i derbyet mot Inter. I dag er det Jens Petter Hauge som har æra av å representera Noreg i den legendariske raude og svarte drakta.

SAN SIRO: Heimebanen til Inter og Milan, og det største fotballstadioet i Italia. FOTO: Getty images

WESTFALENSTADION, DORTMUND, TYSKLAND

Heimebanen til Borussia Dortmund (nå Signal Iduna Park) er det største reine fotballstadionet i Tyskland og vart opphavleg bygd til VM på heimebane i 1974. Men to år før sluttspelet presterte Dortmund å rykka ned frå Bundesliga, og dermed oppstod den heller uvanlege situasjonen at stadionet til eit andredivisjonslag vart brukt i ei VM-turnering.
Totalt har Westfalenstadion vore vertskap for ti VM-kampar. To av dei skil seg ut. Den første er oppgjeret mellom Nederland og Sverige i 1974, då Johan Cruyff introduserte finta som for all framtid skulle verte kjend som «Cruyff-vendinga», for eit vantru og måpande publikum verda over. Den andre er semifinalen mellom vertsnasjonen og Italia i 2006. Tyskland hadde aldri før tapt i Dortmund, men her måtte dei sjå seg overvunne etter ekstraomgangar i ein av dei beste VM-kampane i moderne tid.

WESTFALENSTADION: Heimebanen til Borussia Dortmund, og det største reine fotballstadioet i Tyskland. FOTO: Getty images

Dortmund er, i europeisk samanheng, ingen stor by, men han ligg midt i det særs tettfolka Ruhr, historisk sett eit viktig industriområde og nervesenteret i tysk fotball. Her finst fotballklubbar overalt, og rivaliseringa er mildt sagt intens. Derbyet mellom Dortmund og Schalke 04 er det utan samanlikning største i Tyskland.
Westfalenstadion har ein kapasitet på 81 365 tilskodarar og er så godt som alltid nesten fullt. Sesongen 2011–12 sette klubben europeisk publikumsrekord med eit snitt på 80 588 selde billettar per kamp. Tribunen bak det sørlege målet tek åleine 24 454 tilskodarar og er med det den største ståtribunen på kontinentet. Her står den harde kjernen av supporterar, kjend som Den gule veggen, kanskje det fremste symbolet for den publikumskulturen moderne tysk fotball er så beundra for. Både synet og lyden av ein fullsett sørtribune er iallfall særs imponerande.
Steinar Pedersen vart den første nordmannen som vann Champions League då han representerte Dortmund sesongen 1996–97. Jan-Derek Sørensen og André Bergdølmo har òg vore innom klubben. Det må likevel seiast at alle desse gjorde lite vesen av seg samanlikna med dagens norske Dortmund-spelar, scoringsmaskinen Erling Braut Haaland. Jærbuen kom til Westfalenstadion i januar i år og har sidan stadfesta sin posisjon som ein av dei farlegaste angriparane i verda.

LA BOMBONERA, BUENOS AIRES, ARGENTINA

La Bombonera – Konfektøskja, som namnet tyder på norsk – opna i 1948, under argentinsk fotballs første gullalder, då kreativt angrepsspel og individuell briljans vart prioritert over alle andre verdiar og såleis la grunnlaget for at landet seinare skulle utvikle ballgeni som Alfredo di Stefano, Diego Maradona og Lionel Messi.
Stadionets særeigne form og akustikk gjer heimekampane til Boca til ei særs høglytt oppleving. Supporterane er entusiastiske og talrike – klubben sjølv hevdar at «halve Argentina pluss ein» held med Boca. I dag er det nokså vanleg at publikum vert kalla «lagets tolvte mann», men Boca-supporterane var dei første i verda som fekk dette tilnamnet, allereie for meir enn hundre år sidan.
Boca kivar med River Plate om hegemoniet i argentinsk fotball. Rivaliseringa er ekstrem. Då laga skulle møtast i finalen i Copa Libertadores i 2018, tok kjenslene på begge sider overhand. Etter at den første kampen på La Bombonera enda 2–2, utarta det til regelrette opptøyar, og returoppgjeret måtte flyttast til Europa (!).
Ingen nordmann har spelt for A-laget til Boca, men i 1981 var Pablo Nicotra frå Rykkin på eit fleire månader langt treningsopphald i klubben. Han delte garderobe og treningsfelt med sjølvaste Diego Maradona og fekk også spele ein juniorkamp for eit fullsett La Bombonera. Han skaut i tverrliggjaren og kampen enda 0–0. Pablo meiner framleis i dag at han kanskje ville fått proffkontrakt viss det skotet hadde gått inn, men kan i det minste trøyste seg med at Diego roste han for eit godt forsøk etterpå.

Alene gjennom

Av Michael Stilson

Fredrik fra Bare spille ball (2018) er storspiller på Mjøndalen og rykter om større klubber og fete kontrakter svirrer. En dag dukker faren hans opp med et tilbud som vil gjøre Fredrik til mangemillionær. Men idet drømmen om å bli utenlandsproff går i oppfyllelse, merker Fredrik at det er noe som ikke stemmer.

Les også