Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

Bokmelding: Om tyranni av Timothy Snyder

Anmeldelse
15. februar
2023
Faktafyk
2023

Bokmelding: Om tyranni av Timothy Snyder

Forsiden til Om tyranni, av Timothy Snyder. Illustrert av Nora Krug. 127 sider. Første utgave på norsk: 2018 (ikke-illustrert).

Du må framleis ikkje sove! Om tyranni er ei kort bok, skrive av den amerikanske Europa-forskaren Timothy Snyder. Han har vald ut 20 ting vi kan lære frå den tida Stalin, Hitler og Putin kom til makta. Desse 20 lærdommane brukar han til å åtvare mot nye tyranni i nåtida og framtida.

Bjørg Augestad Ims
Forfatter

Lytt til teksten som lydklipp:

Illustrert av Nora Krug

Boka er delt inn i 20 kapittel, eit for kvart av dei 20 punkta. Alle fortel oss korleis du og eg kan ta vare på demokratiet.
Nokre av lærdommane til Snyder handlar om forhaldet mellom mennesket og staten, som for eksempel: «Adlyd ikke på forhånd», «Vær på vakt mot ettpartistaten» og «Vær reflektert hvis du må bære våpen». Andre punkt oppfordrar kvar enkelt til å reagere på undertrykking, for eksempel: «Ta ansvar for verdens ansikt», om symbolbruk, «Se folk i øynene og slå av en prat» og «Utøv politikk med kroppen». Og andre igjen om kva vi seier og korleis vi seier det: «Vis omsorg for språket», «Tro på sannheten» eller «Lytt etter farlige ord».
I kvart kapittel viser Snyder til historiske hendingar. Dei brukar han for å forklare oss korfor det er så viktig at vi alle følgjer med på kva som skjer rundt oss. Det er altså ikkje ein gjennomgang av historia år for år frå 1918-2016, men ein gjennomgang av eit og eit tema. Dette gjer Om tyranni til ei annleis historiebok – ei bok som tvingar oss alle til å sjølv tenke gjennom kva det er som gjer desse punkta så viktige for demokratiet.
Språket i boka gjer at ein ikkje treng kunne så mykje frå før for å forstå det ein les. På 110 korte sider legg Snyder fram problemstillingane på ein enkel og forståeleg måte. Han viser oss korleis historia kan gjenta seg, og det gjer dette til ei god bok å starte med for alle som vil forstå meir om verda omkring oss. Etter å ha lese Om tyranni kan du godt fortsetje og gå djupare inn i forskjellege tema, viss du synest boka er litt overflatisk. Boka kan lesast frå perm til perm. Du kan òg lese eit og eit kapittel og slå opp i boka, viss du for eksempel er interessert i kva som fekk legar til å jobbe for nazi-Tyskland eller kva som får juristar til å forsvare Putin.
Boka kjem i to utgåver, den originale er rein tekst. Den Nora Krug har illustrert liknar meir på eit album eller ei utklippsbok. I den illustrerte utgåva ser vi ekstra tydeleg korleis Snyder hentar materiale frå ulike historiske periodar. Eksempel frå Tyskland på trettitalet er både limt inn som bilete, avisutklipp og teikna. Begge utgåvene er gode, men eg oppfattar den illustrerte utgåva som meir pedagogisk og rikare enn originalutgåva.
Om tyranni blei gitt ut i 2017. Derfor er det mykje som rettar seg direkte til valkampen mellom Hillary Clinton og Donald Trump. Dette er jo ikkje like aktuelt nå i 2022. Vi veit korleis dei fire åra med Trump utvikla seg og vi veit mykje om situasjonen i USA i dag. Det betyr ikkje at boka ikkje er aktuell i dag. Når eg les, må eg likevel sortere bort det som er veldig spesifikt for 2017. For Snyder har rett i at vi ikkje må – som Arnulf Øverland skreiv i diktet sitt – sove, når vi ser at demokratiet blir utfordra. Han gir gode og konkrete tips til korleis vi kan halde oss vakne og følgje med.
Når eg les boka, gjer eg meg nokre tankar om dette er overførbart til Noreg i dag. Noko er det, men ikkje alt. Det er stor forskjell på det norske og det amerikanske politiske systemet. Derfor blir eg særleg opptatt av det som handlar om ytringsrom og korleis eg lett kan bli fanga inn i ekkokammer på nett. Snyder viser korleis grensene for kva det er akseptabelt å seie og meine heile tida flyttar på seg. Dette har vi allereie sett eksempel på i debattar heime i Noreg. Det viktig at alle demokratiske medborgarar er klar over dette.
Innimellom himler eg litt med auga den oppdragande tona til Snyder. Han kan vere litt belærande og moraliserande – innimellom blir språket nesten litt religiøst. Dette heng nok saman med at han forsøker å vekke Trump-tilhengarane i 2016 frå dvalen dei er i. Det gjer ikkje boka mindre verdt å lese, men som Snyder sjølv oppfordrar til:
Les Om tyranni, men les med eit kritisk blikk.

BONUS:

Visste du at Norge flere ganger har vært kåret til verdens mest demokratiske land? Hvert år gjennomfører det engelske tidsskriftet The Economist en måling hvor de undersøker hvor demokratiske alle verdens land er. Og her kan du selv se hvor mange ganger Norge har fått topplassering i denne målingen: Demokratiindeksen, på FN-sambandets nettside.

Og her kan du laste ned hele rapporten, på engelsk: Democracy Index 2021 på The Economist sine nettsider.

Om tyranni - tjue ting vi kan lære av det tjuende århundre

Av Timothy Snyder og Oversetter: John Grande

Om tyranni er en oppfordring til bevissthet og en guide til motstand, med uvurderlige ideer for hvordan vi kan bevare friheten i årene som kommer. Ikke minst er den genial i all sin enkelhet, med tjue klare råd om hva vi kan lære av det tjuende århundre.

Les også